– Gje forskarane rammer til å leve eit balansert arbeidsliv, som ikkje har råkøyr som overskrift
LUKK

– Gje forskarane rammer til å leve eit balansert arbeidsliv, som ikkje har råkøyr som overskrift

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 5. juni 2020 kl. 11:00

Styresmaktene vil lage ein strategi for forskarløpet. Men forstår dei problemet? spør redaktør Kjetil A. Brottveit.

I vinter peika redaksjonen i Forskeforum ut råkøyret i akademia som eit hovudtema for oss i tida framover. Problematikken er langt frå ny, men verda der ute tok eit par nye omdreiingar, nedfelt i kritiske kronikkar og boka Universitetskamp, redigert av Aksel Tjora. Nokre omdreiingar stod vi òg for sjølve. Ordvalet er henta frå ei stor sak vi publiserte tidleg i mars, «Nok av råkjøret». Saka handlar om vitskapleg tilsette som over tid har hatt så stort press at dei har slutta. Den lange lista over konkurrerande oppgåver kan i lengda gå ut over både helse og trivsel, og for nokre verte uhandterleg.

Ein pandemi er ikkje nok til å utrydde temaet råkøyret i akademia. Faksimile frå Forskerforum nr. 3/2020.

Råkøyret er òg eit tap av kontroll over eigen arbeidssituasjon. Tapet har fleire dimensjonar, som kjem til uttrykk i andre saker og innlegg i Forskerforum. Ein av fellesnemnarane vi finn i kritikken av utviklinga i akademia, er at forskarane mistar definisjonsmakt over kva som er viktig forsking og kunnskap. Ein annan er nyliberalismens klamme hand over både økonomi og språk. Cecilia S. Salinas, tidlegare personalleiar ved eit universitet, formulerte det slik i eit innlegg: «På tross av mine overbevisninger har jeg hørt meg selv si den nå forslitte, nesten komiske setningen: ‘Strammere budsjett betyr ikke tapt kvalitet! Vi må bare jobbe smartere!’».

Så kom koronaen. Vi skreiv om rask overgang til digital undervising, og eg var sjølv imponert over omstillinga og ekstrainnsatsen. Men unntakstilstander varar ikkje evig, og eg kunne ikkje ha oppsummert det betre enn Lisa Rakner, professor ved Universitetet i Bergen, gjorde på eit nettmøte om korleis haustsemesteret skulle verte: «Vi må slutte med å kalle det dugnad, for nå er det jobb.»

Det ligg ein normalitet og ventar på oss. Eg er nysgjerrig på korleis styresmaktene oppfattar forskarjobben i normaltilstanden, for dei har skjønt at det ligg nokre problematikkar meir eller mindre løynde der. Kunnskapsdepartementet (KD) annonserte i mai at det vil lage ein strategi for forskarrekruttering og karrierevegar i forsking og høgare utdanning. Korleis skal vi lykkast med å tiltrekkje oss, utvikle og halde på talenta? undra Henrik Asheim (H), statsråd for forsking og høgare utdanning. Ifølgje KD er dagens karriereutvikling i sektoren prega av «en rekke utfordringer»:

– for stor bruk av mellombelse stillingar

– uklåre og uføreseielege karrierevegar

– manglande «overordnet policy for målsetninger og dimensjonering av forskerutdanning og rekruttering i og utenfor akademia».

– andelen nordmenn i teknologifag er for låg

Initiativet, som er godt teke i mot, skriv vi om i ei eiga sak. KD gjer lurt i at strategien skal utformast i nær dialog med sektoren. Asheim seier at han vil starte «der problemene er størst». Eg lurer på kor han trur det måtte vere. KD nemner reelle og viktige problem, som mellombelse tilsettingar, men det er noko ytre ved diagnosane. Dei når ikkje inn til den krysspressa kvardagen.

I revidert nasjonalbudsjett, som kom i midten av mai, føreslår regjeringa å opprette 250 nye stipendiatstillingar og 4000 nye studieplassar. Det er flott med ekstra satsing på forsking og høgare utdanning, men hadde ikkje regjeringa ved KD nettopp peika på ein manglande «overordnet policy» for kor mange som skal ta forskarutdanning? Fleire folk skal inn i eit overbelasta system der avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma byr på nye kutt, totalt uavhengig av behov.

Les også: Se hvem som fikk penger i regjeringens siste krisepakke

Eg tek pressemeldinga om den nye strategien for forskarrekruttering fram på ny: «For å svare på de store utfordringene fremover er vi helt avhengig av kloke hoder og forskning i verdenstoppen som kan utvikle nye løsninger. Derfor skal vi lage en strategi for hvordan vi skal lykkes enda bedre med å tiltrekke oss, utvikle og holde på talentene», seier Henrik Asheim der. Det er ein viss avstand mellom denne smigeren av «verdenstoppen» og realiteten om arbeidslivet til forskarane. Skal ein rekruttere og behalde forskarar, er det fremste tipset å gje dei rammer til å leve eit balansert arbeidsliv, som ikkje har råkøyr som overskrift.

Kor er det skoen trykker? Vi er takksame for framlegg til korleis vi kan vidareutvikle dekninga av råkøyret i akademia og andre sektorar. Vi set òg stor pris på debattinnlegg – send gjerne til kjetil.brottveit@forskerforum.no. Vi erkjenner til og med at «råkøyr» ikkje er den einaste gyldige røyndomsskildringa. Mange har gode arbeidsliv i akademia, vi treng å setje søkjeljoset «der problemene er størst», som Asheim seier.

God sommar!

Les meir om råkøyret i akademia her:

Share on FacebookShare on TwitterShare on Google+