Tar norsk fagspråk inn i universitetspedagogikken
LUKK

Tar norsk fagspråk inn i universitetspedagogikken

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 28. november 2022 kl. 09:40

Universitet og høgskular skal etter lova bevare og utvikle norsk fagspråk. Universitetet i Agder vil få fagspråk inn i universitetspedagogikken.

– Først spurde vi Språkrådet om midlar til å lage termbasar til bruk i undervising, fortel John Olav Bjørnestad ved Universitetet i Agder (UiA).

Men Språkrådet kunne ikkje dele ut pengar til slik utvikling. Då byrja UiA i staden å sjå på om norsk fagspråk og terminologi kunne få plass i den universitetspedagogiske opplæringa, noko som er eit krav for tilsetjing eller opprykk i undervisings- og forskarstillingar. Målet er å tilby ein valfri modul som kan inngå i den universitetspedagogiske basiskompetansen ved alle norske institusjonar, fortel Bjørnestad. Han er avdelingsdirektør ved UiA Puls, eininga som har ansvar for dei universitetspedagogiske kursa.

Politisk og personleg fagspråk

– Læringsutbytet handlar om både å få kjennskap til nasjonal språkpolitikk, å kjenne til dei grunnleggjande omgrepa i terminologifaget og å reflektere over norsk som reiskap for å organisere kunnskap og korleis terminologifaget kan medverke til det, fortel Bjørnestad.

– Modulen dekkjer altså eit politisk nivå, men skal også hjelpe den enkelte til å reflektere over korleis ein best kan bruke språk til å nå ut med kunnskap. Dei som tek eit slikt kurs, er vonleg meir merksame på korleis dei formidlar undervisinga si, anten det skjer på norsk eller engelsk.

– Skal ein nå ut med rett kunnskap, må ein bruke orda med kløkt, sier John Olav Bjørnestad. Foto: UiA

Førebels er modulen testa i ein pilot våren 2022. No er meininga å vidareutvikle han til eit omfang som svarar til 20 timar arbeidsinnsats, innan våren 2023.

– Ved å standardisere omfanget på slike valmodular kan vi gjere dette tilgjengeleg for andre institusjonar, så ein unngår dobbeltarbeid, seier Bjørnestad.

Styret ved UiA vedtok i fjor haust språkpolitiske retningsliner der det står at ein bør leggje til rette for at fagmiljøa kan drive terminologiarbeid, og at dette inngår i universitetspedagogikken.

– Så ønsket vårt om å løfte fram norsk fagspråk i pedagogikken har god institusjonell forankring, seier Bjørnestad.

Treng fagmiljøa på laget

Ved UiA har ein erfart, spesielt frå sjukepleiarutdanninga, at mange studentar har vanskar med terminologi. Det gjeld særleg studentar med norsk som andrespråk.

– Derfor tilbyr vi norskkurs der studentane arbeider med fagterminologi for å bli tydelegare i kommunikasjonen sin. Men det er viktig for oss at lærarane deira også må vere merksame på fagspråket. Det er altså ei rekkje ulike aspekt som gjer at ein slik pedagogikkmodul vil vere viktig, seier Bjørnestad.

UiA Puls har ansvar for dei universitetspedagogiske kursa, men har ikkje kompetanse på terminologiarbeid eller fagspesifikke omgrep. Sjølve terminologien må fagmiljøa levere.

– Vi vil også gjerne samarbeide med Språkrådet og spreie kompetansen deira, seier Bjørnestad, som fortel at Språkrådet har synt stor interesse og «pusha på oss» for å få valmodulen klar.

Lærer «sjukepleienorsk» på kurs
Les meir om terminologi for andrespråk-studentar:
Lærer «sjukepleienorsk» på kurs
– UH-sektoren treng undervisarar som kan hjelpe studentane med å handtere faget sitt på fleire språk, seier Kjetil Gundersen. Foto: Isak Ramsvik

Fagspråk og utdanningskvalitet

– Vi meiner det er bra med eit kurs som set samanhengen mellom språk og læring og mellom språk og utdanningskvalitet på dagsordenen, seier seniorrådgjevar Kjetil Gundersen i Språkrådet.

– Det er viktig at ansvaret universiteta og høgskulane har for det norske fagspråket, blir ein integrert del av utdanningane. Eit søkelys på det i universitetspedagogikken er positivt.

Språkrådet har nettopp avslutta ei spørjeundersøking om korleis fagspråk blir teke vare på og vidareutvikla ved institusjonane. Når svara er analyserte, veit ein altså meir om i kva grad det blir arbeidd systematisk med dette.

– Men gjennom mellom anna svartenesta til Språkrådet får vi jamt og trutt spørsmål frå både studentar og tilsette som viser at ein i nokre fag bør arbeide meir systematisk for å utvikle og formidle norsk terminologi, seier Gundersen.

Fleirspråkleg kvardag

Han understrekar at fagtermar må kome frå fagmiljøa, som er tettast på forskingsfronten der ny kunnskap, og dermed nytt språk, blir laga.

– Vi ser at dersom fagmiljøa skal gjere det på ein god måte, er det nyttig at dei får kunnskap om praktisk terminologiarbeid. Og det bør også drype på studentane. Mykje pensum og undervising er på engelsk, og innsikt i kva fagtermar ein brukar på norsk og engelsk, er viktig for å bli ein trygg utøvar av faget.

Denne fleirspråklege kvardagen ved universitet og høgskular er noko av grunnen til at det trengst pedagogisk arbeid med fagspråk, meiner Gundersen.

– Vi treng undervisarar som kan hjelpe studentane til å handtere faget sitt på fleire språk. Då kan eit slikt kurs vere til hjelp.

  • Les meir: