Motstanden mot samanslåing aukar
LUKK

Motstanden mot samanslåing aukar

Av Johanne Landsverk

Publisert 12. mai 2014 kl. 09:19

Ved Høgskulen i Telemark er dei uroa over lærarutdanninga. I Agder veks motstanden.

Fakta
<

– Vi håpar at styret ved Universitetet i Agder (UiA) seier nei til fusjon med Høgskulen i Telemark (HiT), seier Idar Vassli, som er klubbleiar for Forskerforbundet ved Notodden, eitt av fakulteta ved HiT.

Instituttleiing i Kristiansand

Han viser til den sterke motstanden ved UiA mot å slå seg saman med HiT.

– Vi opplever at leiinga ved HiT lever i si eiga verd, og at rektor ikkje i særleg grad lyttar til oss. Vi er uroa over dei store kostnadene ved fusjon, men aller viktigast er kva som vil skje med lærarutdanninga vår. I Agder går lærarutdanninga på tvers av fakultet og institutt, det er ein kompleks struktur som skal førast vidare i den nye institusjonen. Vi er også skeptiske til å at dei fleste instituttleiarane skal halde til i Kristiansand. Rektor snakkar om å bygge robuste fagmiljø, men blir det eit robust fagmiljø om vi skal leggje oss inn under ein instituttleiar i Agder som vi får treffe ein gong i året, spør han.

NHO usikker

I Agder har Studentparlamentet ved UiA sagt nei til fusjon. Motstanden ved UiA er no så sterk at regiondirektør for NHO Agder, Siri Mathiesen, lurer på om fusjonen kan bli noko av.

– NHO gjorde eit vedtak for eit år sidan der vi opna for fusjon, men motstanden er no så massiv ved UiA at vi må ta ein grundig diskusjon før vi tek eit endeleg standpunkt, seier Mathiesen.