Strammar inn forskingsretten?
LUKK

Strammar inn forskingsretten?

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. juni 2013 kl. 08:19

Nytilsette arkivarar kan miste retten til å forske. Det er nok å lage strengare reglar for val av forskingstema, meiner det lokale Forskerforbundet.

Fakta
<

Det er ikkje berre i Universitets- og høgskolesektoren at forskingstida er truga. I desse dagar kjempar arkivarane i Arkivverket for å behalde ein avtalefesta rett til såkalla «sjølvvald forsking» i ein sjuandedel av arbeidstida. Som Forskerforum skreiv i utgåve 8/12, kan denne retten stå for fall. Saka har vore til diskusjon i det såkalla amanuensisutvalet, som vart oppretta av Riksarkivaren i 2011.

– Eitt av forslaga i utvalet går ut på at retten til sjølvvald forsking berre skal gjelde for dei som allereie er tilsette i Arkivverket, og ikkje for nye arkivarar. Eit anna forslag, som vi i Forskerforbundet går inn for, er å stramme inn ordninga, men at ho skal gjelde også for nytilsette, seier førstearkivar Lars Christian Jenssen ved Riksarkivet. Han representerer Forskerforbundet i utvalet.


Ikkje like fritt

Jenssen seier at ei mogleg innstramming kan gjelde val av forskingstema, til dømes at alle tema heretter må liggje inn under forskingsprofilen til Arkivverket.

– Altså kan ikkje dei tilsette lenger velje tema heilt fritt, men må halde seg til tematiske område eller tidsperiodar som er relevante for avdelinga der dei jobbar. Dette spørsmålet ligg framleis til diskusjon i utvalet, men vi vonar å oppnå semje i løpet av juni.


– Handlar dette om økonomiske innsparingar?

– Det går nok meir på tidsbruken til dei tilsette. Og det handlar om sterkare leiarstyring av forskingsverksemda. Forsking og utvikling (FoU) skal få større vekt i organisasjonen. I utvalet har vi no utarbeidd ein ny forskingsprofil for Arkivverket, med definerte satsingsområde innan arkivretta forsking og historieretta forsking. Med denne profilen vil det bli større vekt på FoU, og det er bra at vi får ei sterkare leiarstyring av forskingsverksemda. Det blir snakk om to vegar inn til forskinga: FoU-arbeid kan vere initiert av leiinga og styrt ovanfrå, eller kvar einskild forskar kan kome med ønske om forskingstema. Dette er svært viktig for motivasjonen.


Rådgjevarar får forske

Eit anna spørsmål som har vore diskutert i utvalet, er om forskingsretten også skal gjelde rådgjevarane i Arkivverket.

– I utvalet er det semje om at rådgjevarar som har masterutdanning og forskingskompetanse, skal ha rett til å forske. Mykje av arbeidet i Arkivverket ligg i grenseland mellom bruksretta forsking og utvikling. For reint utviklingsarbeid vil det vere nok med ein bachelorgrad kombinert med relevant kompetanse, seier Jenssen.


– Men kva er nytt i forskingsprofilen?

– Det nye ligg særleg i heilskapen og i rammene. For første gong er det vedteke ein forskingsprofil som famnar heile organisasjonen, og der alle store tema som tilsette i Arkivverket forskar i, er dekte. I tillegg har vi gjort rammene rundt forskinga meir tydelege og systematiske, med sterkare band til samfunnsoppdraget vårt og til Frascati-manualen, som er utvikla av OECD, og der blant anna retningslinene for FoU er definerte.

Den nye FoU-strategien og eventuelle endringar i forskingsretten vil bli vedtekne av toppleiinga i Arkivverket hausten 2013.

Kjenner seg ikkje ramma

Arkivarar uroar seg lite over endringar i forskingsretten.

– Eg er ikkje redd for å miste retten til å forske, og eg ser ingen fare i at det blir strengare restriksjonar på kva ein kan velje av historiske tema. I Arkivverket vil det alltid vere mykje spennande å forske på, ikkje minst innan temaet administrasjonshistorie, seier Roger Tronstad, førstearkivar ved Statsarkivet i Kristiansand. Han er ein av dei som aktivt har nytta seg av retten til sjølvvald forsking.

– Eg trur mange arkivarar har lyst til å forske, men problemet er å finne nok tid i ein kvardag som er overfylt med andre oppgåver. Mange arkivarar er altfor pliktoppfyllande, og dersom leiinga ikkje prioriterer forsking, blir det også vanskeleg for dei tilsette.

Sigrid Jostad, arkivar ved Statsarkivet i Hamar, er einig:

– Om ein meiner alvor med at arkivarane skal forske, er det ikkje nok å ha ein forskingsrett nedfelt på papiret. Vi har så mange arbeidsoppgåver som vi må utføre, at vi i praksis ikkje greier å setje av tid til å forske, seier Jostad.

Ho kjenner seg difor ikkje ramma av eventuelle endringar.

– På sikt vil eg nytte meg av forskingsretten, men trongen til å forske må kome innanfrå. Og slik kvardagen er i dag, er det vanskeleg.