Kva konsekvensar får det når rommet for frie ytringar blir innskrenka på universiteta? Fritt Ord stilte spørsmålet i eit debattmøte denne veka.

– Den amerikanske tendensen til å ta alle spørsmål til retten, er noko vi med rette blir gjort til latter for. Noko av grunnen til at ytringsrommet blir innskrenka er at universitetsleiarar prøver å overoppfylle lovene slik at dei ikkje skal risikere å bli saksøkte for til dømes rasisme på campus, sa den amerikanske ytringsfridomsadvokaten Greg Lukianoff mot slutten av debattmøtet hos Fritt Ord.

Motstand mot andre meiningar

Lukianoff leier organisasjonen Foundation for Individual Rights in Education (FIRE), som fører saker på vegner av studentar og tilsette som opplever at retten deira til å ytre seg fritt blir sett til side. Mange har late seg forarge over artikkelen hans i The Atlantic i fjor, The Coddling of the American Mind, der han skriv om korleis amerikanske universitetsstudentar i aukande grad krev å sleppe å bli utsette for utsegner og idear dei ikkje likar.

– Sjølv om ytringsfridomen er sterkt ivareteke i det amerikanske lovverket, blir han stadig sett på prøve ved universiteta. Det skjer til dømes i form av «speech codes», institusjonelle retningsliner for kva ein kan seie og ikkje seie, fortalte han.

Mange amerikanske universitet har dessutan bestemt at ytringsfridomen berre kan nyttast innanfor eigne fysiske «ytringsfridomssoner», og administrasjonen prøver stadig å undertrykke bruk av ytringsfridomen på vilkårleg grunnlag.

«Mikroaggresjon» ny trend

Den nyaste trenden Lukianoff ser i dei institusjonelle retningslinene, er såkalla mikroaggresjonar. Mikroaggresjonar er små og daglegdagse negative eller fiendtlege utsegn eller handlingar, både intenderte og umedvitne, som går ut over minoritetar. Stadig fleire retningsliner ved universiteta forbyr slike mikroaggressjonar, men fordi kven som helst kan kjenne seg såra av nær kva som helst, er det knapt grenser for kva som kan vere problematisk å seie. Lukianoff trekte fram mellom anna «senior», «arabar» eller «kvar kjem du frå?» som døme på utsegner som er forbodne ved nokre universitet.

– Eg meiner dei utallige måtane vi sårer kvarandre på i kvardagen er eit fantastisk godt tema for vitskaplege undersøkingar. Men no reflekterer dei berre kva nokre i universitetsleiinga meiner er rett og viktig å seie, sa Lukianoff, som meinte at slike retningsliner får psykologiske konsekvensar.

– Slike latterlege reglar fører til det som i psykologien blir kalla «cognitive distortions», der ein overtyder seg sjølv til å tru på ting som ikkje har rot i røyndomen. Katastrofetenking og overfokusering på det negative er typiske døme, eit nederlag kan få ein til å tru at alt ein prøver på, vil gå gale, eller at ein ikkje har nokon verdi. Ingen i USA spør seg lenger om reaksjonane deira er fornuftige eller ikkje. Og no må vi også hanskast med Twitter- og Facebook-mobben. Folk blir øydelagde for den minste tabbe, og det uroar meg, sa han.

Rektor ved Høgskulen i Oslo og Akershus, Curt Rice, spurte om den amerikanske finansieringsmodellen, der universiteta blir drivne som bedrifter i mykje større grad enn i Noreg, kunne forklare noko av presset mot ytringsfridom.

– Ja, eg trur det kan spele ei viss rolle. Ikkje fordi leiinga bøyer av for studentane som eit resultat av «kunden har alltid rett»-prinsippet. Men det eg ser, er studentar som seier at dei har betalt så mykje for utdanninga si, at dei ikkje ser nokon grunn til å høyre på folk dei ikkje er interesserte i å høyre på, sa Lukianoff.

Trekker tilbake invitasjonar

Eit anna fenomen innanfor den same trenden, er at universiteta er blitt meir forsiktige med å hyre inn foredragshalderer som kan oppfattast som kontroversielle. Direktøren i Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, og den tidlegare amerikanske utanriksministeren Condoleezza Rice er mellom mange som har fått beskjed om at dei likevel ikkje var velkomne som foredragshaldarar ved amerikanske universitet. Nyleg opplevde tidlegare kulturredaktør i Jyllandsposten, Flemming Rose, det same då han var invitert til å tale ved universitetet i Cape Town i Sør-Afrika. Tre veker før han skulle tale, fekk han vite at han likevel ikkje fekk kome fordi foredraget hans kunne skape konflikt.

– Nokon sa til meg at eg var i godt selskap og burde sjå på det som eit heidersmerke, sa Rose under debatten. Avgjerda hans om å publisere Muhammed-karikaturane i Jyllandsposten i 2005, førte til at han vart truga på livet, og politiet hadde sett i verk strenge tryggingstiltak kring møtet hos Fritt Ord.

– Må vere merksame

Debatten vart innleiia av Fritt Ords direktør Knut Olav Åmås, som nemnde fleire døme på korleis ytringsfridom og akademisk fridom er under press: Eit innskrenka ytringsklima generelt, og også trakassering og knebling av akademikarar slik ein no ser det i Tyrkia, og som vi også har døme på frå Noreg. Nasjonal koordinator i den norske greina av organisasjonen Scholars at Risk, Ragnhild Øien Guldvog, var invitert for å fortelje litt om korleis organisasjonen arbeider for å styrke den akademiske fridomen. Det vart likevel ikkje høve til å kome inn på akademisk fridom eller situasjonen i Tyrkia under debatten.

– Debatten om ytringsfridom gjeld ikkje akademia spesielt – nokre av dei viktigaste debattane i dag gjeld ytringsklimaet i sosiale medium og i arbeidslivet, særleg offentleg sektor som politiet, kommunadministrasjonar og helsevesenet, seier Åmås til Forskerforum.

– Debattane om akademisk fridom og om ytringsfridom i akademia er to diskusjonar, men klart beslekta. Kva som er viktigaste trugsmål mot ytringsfridomen i akademia er vanskeleg å seia, det er fleire tema å drøfta. Politisk og kommersielt press med direkte føringar på forsking er eit viktig tema, både mot akademisk fridom og ytringsfridom. I USA og deler av Europa er «trigger warnings» og mikroaggresjonar viktige, aukande fenomen som det er viktig å vera spesielt merksam på. Dei ser ikkje ut til å vera sterke i Norge førebels.

Åmås meiner det i Noreg er lite merksemd på at ytringsfridomen i akademia er pressa og redusert. Difor kjem Fritt Ord truleg til å arrangere fleire møte om dette framover. Eit opptak av debatten ligg på nettsidene til Fritt Ord.