Regjeringa vil ha tettare samarbeid mellom lærarutdanningar og skular. – Då må det løyvast pengar over lengre tid, seier Knut Ole Lysø ved NTNU.

– Det er bra at regjeringa satsar på samarbeid mellom skular og lærarutdanningar, men det er uklart kva pengane skal brukast til. Skal det bli effekt av slike tiltak, må lærarane og lærarutdannarene få tid til å gjere jobben, seier førsteamanuensis Knut Ole Lysø ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU. Han er også leiar for Forskerforbundets foreining for lærarutdanning (FFL).

Kunnskapsdepartementet la i går fram Nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærerutdanningene. Regjeringa vil blant anna ha tettare samarbeid mellom skular og lærarutdanningar, og løyver 44,5 millionar til å utvikle partnarskap i grunnskulelærarutdanningane i 2017.

«Disse midlene skal brukes i forbindelse med at grunnskolelærerutdanningene starter opp med utdanning på masternivå i høst,» seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Har blitt prøvd før

Lysø seier tiltaket er prisverdig.

– Det er positivt at ein prøver å knytte teori og praksis nærare saman til det ein kallar universitetsskolar. Men det spørst kva som vil skje heilt konkret. Dette er jo ikkje nytt. Fleire lærarutdanningar har prøvd tettare kopling til praksisfeltet, men det har fort blitt for mykje jobb for skulane.

Lysø seier det uklart kva pengane skal brukast til, og om dette er friske midlar.

– Og er det berre eit eingongsbeløp? I så fall hjelper det lite. Løyvingane må kome institusjonane til gode over lang tid, elles blir det inga endring. Og skal samarbeidet med skulane bli betre, må det inn i arbeidsplanen til lærarutdannaren.  Det må setjast av tid for dei tilsette i skule og barnehage. Eller er det meininga at vi skal springe endå fortare?

– Ikkje høgare kvalitet

I det nye strategidokumentet heiter det at regjeringa har teke tak i dei store utfordringane, blant anna gjennom å sikre ein betre institusjonsstruktur. Men Lysø er ikkje sikker på at fusjonane har gjort alt betre.

– Det står att å sjå om fusjonane har ført til betre kvalitet på utdanninga. Tenk på Nord universitet, med så lange avstandar mellom ulike campus. Er det så sikkert at samanslåinga av lærarutdanningane i Bodø, Levanger og Nesna har ført til høgare kvalitet og betre samarbeid?

Han viser også til lærarutdanningsmiljøet ved tidlegare Høgskolen i Sør-Trøndelag, i dag del av NTNU:

– Der har ein i fleire fag ikkje fått auka kompetanse i form av fleire professorar, seier Lysø.

Forsking og utvikling

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen ønskjer også tettare samarbeid om forsking og utviklingsarbeid.

«For å bidra styrker regjeringen blant annet programforskningen i Forskningsrådet som er knyttet til lærerutdanningene. Vi innfører også en innovasjonsordning hvor barnehager, skoler, kommuner og fylkeskommuner – sammen med forskere – kan søke om penger til å prøve ut og evaluere virkningen av nye tiltak,» seier kunnskapsministeren.

 

LES OGSÅ:

– Tror du legeyrket blir mer attraktivt hvis utdanningen blir syvårig?