Facebook-evolusjonen
LUKK

BOKMELDING

Facebook-evolusjonen

Av Av Lars Nyre

Publisert 8. mai 2013 kl. 12:45

Revolusjonen på nettet er avlyst, men evolusjonen held fram.

facebook-evolusjonen

facebook-evolusjonen

Fakta
<

 

To nye bøker forklarer korleis sosiale medium vert brukte til dagleg, og kva påverknad dei har på kultur og samfunn. Bøkene viser at grunnforholda i det sosiale livet ikkje har endra seg spesielt mykje sjølv om Facebook og Twitter har kome inn i verda.

Ida Aalen er utdanna medievitar og arbeider no i Netlife Research. Ho har skrive ein kort, men treffsikker introduksjon til floraen av internasjonal forsking om sosiale medium. Det handlar ikkje så mykje om Noreg, men desto meir om den angloamerikanske verda.

Aalen forklarer til dømes korleis Facebook kunne få slik enorm popularitet. Spreiinga skjer fortare dersom dei fyrste brukarane (early adopters) har høg sosial status i samfunnet, til dømes ved å vera journalistar. Når eit medium har fått ein kritisk masse av brukarar, oppstår det ein «lock-in»-effekt. Alle andre er jo med her, så då må eg også vera med, tenkjer brukaren, og dette kan få mediet til å dominera i lang tid. Same forklaring kan brukast på introduksjonen av til dømes radioen i 1920-åra, og viser at det er kontinuitet i dei sosiale kreftene knytte til kommunikasjon.

Andre forhold er særeigne for dei sosiale media. Folk kan no lett knyta seg til menneske ein ikkje nødvendigvis har sterke band til, og dra nytte av dét. Medan dei sterke banda til familie og nære venner typisk vil føra deg til informasjon du allereie er kjend med, vil dei svake banda til kjenningar, kollegaer og andre litt perifere personar typisk føra deg til ny og frisk informasjon. Dei svake banda i sosiale media har såleis ein positiv intellektuell funksjon.

Boka har i all hovudsak ein objektiv stil. Aalen er på ingen måte ein glatt PR-analytikar som skal forklåra lesaren korleis ein kan få flest mogeleg venner eller klikk. Faktarespekten er nesten for stor hjå Aalen. Ofte går to tredjedelar av sida med til fotnotar med faktautdjuping. Boka har 657 fotnotar på sine 151 korte sider, og ei litteraturliste på 23 sider. Det er som om Aalen ikkje torer seia noko fagleg utan å ha minst ein vitskapleg artikkel som kjelde. Ho kunne slått seg meir laus i argumentasjonen.

Liker – liker ikke har ei meir resolutt empirisk tilnærming til det same teamet. Enjolras og dei tre medforfattarane hans jobbar på Institutt for samfunnsforsking, og dei har gjort ein stort sosiologisk studie med fleire tusen informantar. Dei byrja på det i 2011, gjentok det i 2012, og kjem sikkert til å repetera det i mange år framover.

Dei skriv mest om korleis sosiale media påverkar samfunnsengasjementet, og skriv i motsetnad til Aalen berre om situasjonen i Noreg. Funna deira gjev grunn til optimisme på vegner av dei sosiale media. Omtrent alt ein kan tenkja på som negativt når det gjeld polarisering, passivisering og trivialisering, vert avkrefta. Slik sett er boka ein veritabel myteknusar.

Sosiale medium forsterkar posisjonen til dei som allereie er aktive eller privilegerte. Til dømes har folk som var politiske aktivistar frå før, vorte endå meir aktivistiske, og dei som har høg utdanning, er meir aktive i dei sosiale media enn dei som har låg.

Forskarane finn til dømes ut at Facebook mobiliserer andre grupper i befolkninga enn det dei politiske partia har gjort. Det viktigaste er kanskje at unge menneske får ei meir sentral offentleg rolle enn dei hadde før. Dette har bidrege til breiare deltaking i demonstrasjonar som til dømes Facebook-grupper har mobilisert til. Rosetoget etter 22. juli er eit sterkt prov på at Facebook-kampanjar ikkje alltid vert ein flopp, slik mange vil ha det til.

Forfattarane finn ikkje støtte for den utbreidde oppfatninga at nettdebatten er polarisert, og at folk bekreftar haldningane sine gjennom berre å diskutera med andre som har same haldningane. Faktum er at dei som les innvandringskritiske bloggar, nesten alltid også les liberale bloggar. Det er nokre få, svært synlege ekstremistar som skapar inntrykket av at nettdebatten er polarisert og aggressiv.

Dei to bøkene har til felles at dei dynger på med uendeleg mykje statistikk og punktlister som krev stor konsentrasjon frå lesaren. Her er det lite leseglede utover den kalde tilfredsheita ved å forstå ein kompleks empirisk samanheng. Men etter kvart innser eg at faktarikdomen er på sin plass. Heile samfunnet flyttar jo inn på dei sosiale media, og sidan samfunnet er sinnsjukt variert, så vert jo også dei sosiale media sinnsjukt varierte.