Finansieringa av forsking i Norge er vindskeiv og må rettast opp. Forskingsrådet kan fortsatt ha ei rolle, men den bør bli langt meir avgrensa enn i dag.

 

Statssekretær Bjørn Haugstad svarar i Forskerforum (11. januar 2017) på min kritikk av Norges forskningsråds rolle. Haugstad har rett i Forskningsrådet no fungerer klart betre enn det gjorde for ein del år sidan, mellom anna ved at vitskapleg kvalitet er heilt avgjerande for å få tildelt midlar frå Forskningsrådets program. Men jo meir vekt som blir lagt på vitskapleg kvalitet, dess mindre relevant blir Forskningsrådet, paradoksalt nok skulle ein kanskje tru.

Les også: Forskningsrådet forbereder seg på nedbemanning  

Vitskapleg kvalitet sikrar vi ved vurdering av doktoravhandlingar, artiklar og andre vitskaplege arbeid. Kvalitet sikrar vi ved vurdering av søkjarar til vitskaplege stillingar. Kvalitet blir også sikra ved vurdering av søknader om forskingsmidlar. Av desse ulike måtane å sikre fagleg kvalitet er fordeling av forskingsmidlar den mest usikre og minst treffsikre fordi den vurderer forslag og planar, og ikkje realiserte resultat. Desse faglege vurderingane blir gjort av fagmiljøa. Ved søknad om midlar er Forskningsrådet tilretteleggar for faglege vurderingar som blir gjort av fagfellar.

Det offentlege finansierer forsking ved løyvingar direkte til universitet og høgskular og ved løyvingar frå Norges forskningsråd etter søknad og konkurranse. Dersom løyvingane til U&H er på omkring 35 milliardar kroner og vi brukar 26 % av tida til forsking og utvikling, så er det ei reell løyving på kring 9 milliardar. Denne forskinga blir kvalitetssikra særleg ved tilsetting av kompetente forskarar i dei kombinerte stillingane og ved det resultatet desse professorar, førsteamanuensar etc produserer. Dette er enklare, billigare og meir treffsikkert enn løyving på grunnlag av prosjektplanar.

Les Erik Døvings første kommentar: Kva skal vi med Forskingsrådet?

Haugstad kjem til at tilsette ved U&H i verste fall brukar 13 % av forskingstida til å skrive bortkasta søknader. Talet skriv seg frå AFI som rapporterte at 4 % av arbeidstida går med til søknadsskriving (4 % av 26 % + 4 % = 13 %). Men 4 % er eit gjennomsnittstal og det er mange som aldri skriv søknader til Forskningsrådet eller EU. Dersom halvparten av dei tilsette faktisk skriv søknader, kan altså talet for desse vere dobbelt så høgt. Mitt «oppkonstruerte» overslag på 20 % ligg altså overraskande nær Haugstads eige empiriske grunnlag.

Haugstad gløymer også dei administrative kostnadane ved å drive Forskningsrådet (inkludert kostnader ved fagfellevurdering av søknader) og institusjonane sine kostnader ved å administrere ekstern finansiering. For eksempel har HiOA omkring 100 millionar kroner i bidragsinntekter og ein FoU-administrativ stab på omkring 30.

Alt i alt er det eit vindskeivt system vi ser. Høgare utdanning skal vere forskingsbasert og institusjonane sjølve sikrar relevans for utdanningsprogram ved tilsetting i kombinerte stillingar, men forskingsdelen av stillingane er underfinansiert særleg ved dei nye universiteta og dei statlege høgskulane. Dei gamle universiteta og NHH har romslegare finansiering, slik at dei tilsette har rom for meir FoU-tid i stillinga mellom anna i form av sabbatsordning. Forskningsrådet er kanskje eigna til å forvalte finansiering av nasjonale, strategiske satsingar, slik Haugstad skriv, men resten kan han trygt overlate til institusjonane.

Les også: 

– Jukser i søknader om forskningsmidler