Forsvarer forskjellsbehandling ved NTNU
LUKK

Forsvarer forskjellsbehandling ved NTNU

Av Aksel Kjær Vidnes

Publisert 4. mai 2016 kl. 12:35

– Det har aldri vore på tale å gje alle ved NTNU like arbeidsvilkår, seier rektor Gunnar Bovim.

 

– Det har heile tida vore klart at når vi gjekk inn i ein fusjon, skulle tilsette ha med seg dei vilkåra dei hadde frå før, seier rektor Gunnar Bovim ved NTNU.

Frå 1. januar 2017 vil den nye organiseringa av NTNU tre i kraft. Då blir det ny institutt- og fakultetsstruktur etter at Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST), Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Ålesund er innlemma i universitetet. Men dei tilsette vil ikkje få like rettar og plikter.

Klubbleiar ved NTNU og tidlegare hovudtillitsvald for Forskerforbundet ved HiST, Knut Ole Lysø, uttalte til Forskerforum at det er uhøyrd at kollegaer ved same institutt får heilt ulike arbeidsvilkår.

– Dette er ei forskjellsbehandling som må ta slutt, seier han.

For medan vitskapleg tilsette ved tidlegare HiST kan ha 10 prosent tid til forsking og utviklingsarbeid (FoU), har andre ved «gamle» NTNU lik fordeling mellom forsking og undervisning . Lysø meiner det er urettferdig at tilsette ved same institutt skal ha så ulik tid til FoU.

Ikkje likt for alle

Men Bovim seier det aldri har vore på tale å gje alle ved NTNU like vilkår.

–  Ved ein del institutt vil det bli nokre førsteamanuensisar som har ei annleis portefølje med seg inn enn andre tilsette ved NTNU, seier han.

– Nytilsette ved NTNU får 50 prosent forsking?

– Ja, men det kjem an på om stillinga er lyst ut for førstelektor/dosent eller førsteamanuensis. I utgangspunktet lyser vi ikkje ut ei førstamanuensisstilling om vi ikkje har moglegheit til å gje 50 prosent tid til forsking og 50 prosent til undervisning.

Han seier det også i dag er individuelle tilpassingar når det gjeld FoU-tid, både ved gamle NTNU og dei tidlegare høgskulane.

– Men bør ikkje tilsette på eitt og same institutt ha same vilkår?

– Eg forstår det synet. Men eg tenker at dei som har søkt ein jobb på HiST med mykje undervisning, heile tida har ønskt det og synest undervisning er spennande, seier Bovim.

Vil gje undervisning status

– Vil leiinga gjere noko med denne forskjellsbehandlinga?

– Vi har sett ned eit utval som ser på dette. Det kan hende at vi vel å bruke førstelektor/dosentløpet mykje meir aktivt. I miljø der tilsette har stor undervisningsportefølje med seg, er det ingen automatikk i at vi lyser ut førsteamanuensisstillingar på nytt. Om det blir ledig ei stilling med store undervisingsoppgåver, lyser vi ut stilling som førstelektor eller dosent, seier han.

Knut Ole Lysø har tidlegare åtvara mot at fusjonen skulle føre til eit A- og eit B-lag om dei tilsette får ulik forskings- og undervisningstid. Bovim avviser tanken om at nokre tilsette er meir verdt enn andre på grunn av arbeidsoppgåvene. Samstundes seier han det er eit ønske ved NTNU om å gje undervisningsverksemda høgare status.

– Om A-laget er dei som har mest mogleg forsking, og B-laget er dei som har mest mogleg undervisning, er det stigmatiserande overfor dei som kjem frå høgskulen og har lyst til å undervise meir, seier han.