Dei fire institusjonane som fusjonerte frå 1. januar i år, får no 110 millionar kroner på deling for å gjennomføre fusjonane.
I statsbudsjettet for 2016 føreslo regjeringa å løyve 175 millionar kroner til arbeidet med samanslåingar i universitets- og høgskulesektoren. No har Kunnskapsdepartementet fordelt 110 av millionane. Dei resterande midlane vil bli fordelt seinare.
Pengane er fordelt nokså likt mellom dei fire fusjonerte institusjonane. Nord universitet, Høgskulen i Sørøst-Noreg og NTNU får 27 millionar kvar. UiT – Noregs arktiske universitet får 29 millionar.
Utreier nye fusjonar
I tillegg løyver departementet 2,5 millionar til utreiing av ein mogleg fusjon mellom Høgskulen i Lillehammer og Høgskulen i Hedmark. Eit likt beløp går til Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo, Kunsthøgskulen i Oslo og Noregs musikkhøgskule, som skal starte ein innleiande studie av moglegheiten for forpliktande samarbeid.
Høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund, som no er i gang med fusjonsprosessen, har ikkje fått noka løyving i denne omgang.
Rektor Anne Husebekk ved UiT – Noregs arktiske universitet har tidlegare anslått at deira fusjonskostnader vil kome på minst 125 millionar kroner, medan NTNU reknar med utgifter på 250 millionar.