LEIAR: Aukande budsjett, men kva med fordelinga?
LUKK

LEIAR: Aukande budsjett, men kva med fordelinga?

Av Kjetil A. Brottveit, redaktør

Publisert 31. oktober 2016 kl. 12:22

Det er grunn til å spørje om pengane når fram til dei som treng dei mest.

 

Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning verkar. Det er ei gledeleg side ved regjeringas framlegg til statsbudsjett. I 2014 vart ordninga med fleirårsbudsjettering oppretta, inspirert av mellom anna nasjonal transportplan: Når det gjeld dyr og langsiktig infrastruktur, som universitet og høgskular òg er, har ein føreseieleg horisont stor verdi. Dermed kjem nokre av løyvingane som bestilt, og det er ingen tvil om at mange land kan misunne oss budsjettframlegget for forsking og utvikling. Realveksten er på 3,1 prosent. Les meir om dette her.

Ein kan òg lese meir om endringane i finansieringssystemet, som er såpass store at innføringa i all sin velde er fordelt over to år. Regjeringa føreslår at universiteta og høgskulane i større grad vert finansierte etter resultat. Den resultatbaserte andelen nærmar seg no ein tredel. Kva slags resultat er det som skal gje utteljing? Her er det ei dreiing, og ein auke frå seks til åtte indikatorar, altså teljelege einingar som er funne verdige å vere eit uttrykk for at ein driv med noko godt og viktig. Vitskapleg publisering og avlagte studiepoeng er dei mest kjende, gamle indikatorane. Når det gjeld utdanningsdelen, vil regjeringa no leggje meir vekt på fullførte grader. Framleis tel det positivt for lærestadene at dei har utvekslingsstudentar, at dei utdannar doktorar, at dei har fått finansiering frå EU og Forskingsrådet. I tillegg vil det no telje positivt å ha inntekter frå bidrags- og oppdragsverksemd.

Dei som har tent mest pengar, skal tene meir pengar.

Eg vil peike på nokre veikskapar med denne modellen. For å ta dei sist nemnde indikatorane fyrst: Dei som har tent mest pengar, skal tene meir pengar. Å premiere oppdragsinntekter byr òg på eit anna problem – det oppmodar til større direkte konkurranse med instituttsektoren, som jamt over er dårlegare finansierte enn universiteta og høgskulane.

Høgskulane og dei nye universiteta har god grunn til å klage over korleis modellen verkar. Fædrelandsvennen skriv at han fører til kutt på mellom 15 og 20 millionar kvar for universiteta i Agder, Stavanger samt Nord universitet. For det fyrste har nye universitet mindre basisfinansiering enn dei gamle. For det andre stiller dei svakare i det endra teljeregimet. Institusjonar med ein stor del studentar som tek stutt utdanning, til dømes etter- og vidareutdanning, får dårlegare utteljing. Det dreg i same retning – i favør av dei store, gamle – at dei stiller sterkare i å skaffe eksterne forskingsmidlar. – Nå tvinges vi til å satse mer på gradsgivende studier. Det går på bekostning av livslang læring, sa UiS-rektor Marit Boyesen til Fædrelandsvennen. – Det nye statsbudsjettet innebærer en omvendt Robin Hood-politikk der regjeringen tar fra de nye universitetene og gir til de rike og gamle universitetene, sa rektor Bjørn Olsen ved Nord Universitet til same avis.

Prissettinga av ulike utdanningar er problematisk. Her òg kjem høgskular og nye universitet dårlegare ut, sidan dei i stor grad utdannar mindre lønsame kandidatar, som lærarar og sjukepleiarar. Regjeringa skal elles ha ros for eit skikkeleg løft for lærarutdanninga. Vel 250 millionar er sett av til den nye, femårige utdanninga.

Kva med dei tilsette sjølve, er det eit budsjettframlegg til sinnsro og velsigning? Trass den generelle auken i forskingsbudsjettet, vert universitet og høgskular utsette for kutt for tredje år på rad. Målet er avbyråkratisering, men korleis skal ein oppnå dette utan at det går ut over forsking og undervising? Leiar Petter Aaslestad i Forskerforbundet utdjupar problemet overtydande i ei pressemelding. Nedskjeringane kan verte merkbare for den einskilde, både i form av tid (ein endå meir pressa kvardag) og pengar (mindre rom for å gje gode lønsvilkår). I sum byr budsjettet på lite som kan få fleire av dei mellombels tilsette over i faste stillingar. Eg saknar, så å seie, langtidsplanar på miljø- og individnivå. Opposisjon og støtteparti har dermed ein jobb å gjere i stortingshandsaminga av budsjettet på seinhausten. På dette feltet òg.