Prøveordninga med innstegsstillingar viser at dei fleste så langt er gått til menn. Akademiet for yngre forskarar fryktar at stillingane sementerer kjønnsskilnader.
– Det er for tidleg å konkludere med at innstegsstillingane skapar kjønnsskilnader, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.
– Det er for tidleg å konkludere med at innstegsstillingane skapar kjønnsskilnader, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Foto: Kjerstin Gjengedal

– Vi ser at då innstegsstillingane kom, gjekk dei hovudsakeleg til menn. Er det fordi menn er meir mobile enn kvinner? spekulerte Katja Enberg ved Havforskingsinstituttet, og medlem av Akademiet for yngra forskarar (AYF), då ho la fram tala på eit seminar om mobilitetskrav i akademia onsdag.

Ordninga med innstegsstillingar vart føreslått i forskingsmeldinga frå 2013, som ei prøveordning for å setje institusjonane i stand til å rekruttere særleg talentfulle yngre forskarar. Dei blir tilsette på åremål og får sjansen til å kvalifisere seg til fast stilling gjennom ei føreseieleg karriereutvikling med midtvegs- og sluttevalueringar gjennom åremålsperioden. I forkant av prøveordninga var det fleire som uttrykte von om at moglegheiten slike stillingar gjev for langsiktig karriereplanlegging, kunne føre til betre kjønnsbalanse i akademia. Dei første 185 av 300 stillingar vart fordelte mellom institusjonane i april i fjor.

I si undersøking hos institusjonane har AYF fått kjennskap til 15 stillingar som så langt er utlyste og fylte, dei fleste ved NTNU. Av dei 15, har 11 gått til menn. Kjønnsskilnader i samanheng med forskarmobilitet var eitt av fleire tema som vart diskuterte i innleiingane og den påfølgjande paneldebatten på seminaret.

Utfordring å flytte med familie

– Dersom desse tala representerer eit mønster, er det ein katastrofe og noko vi må gjere noko med, sa rektor ved Universitetet i Bergen, Dag Rune Olsen, som meinte at institusjonane sjølve har tilgjengelege verkemiddel, til dømes tilrettelegging av barnehageplass, som ikkje er blitt godt nok utnytta.

Medan AYF ønskjer internasjonalisering velkomen, viser ein til at det er godt dokumentert at ved familieetablering har kvinner ein større tendens til å redusere karriereambisjonane enn menn har. Dei fryktar at mønsteret også gjeld mobilitet, slik at krav om flytting eller lengre utanlandsopphald vil gå i disfavør av kvinnene.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen meinte at det er alt for tidleg å konkludere med at innstegsstillingane skapar kjønnsskilnader.

– Men det er godt å få desse tidlege tala, slik at vi kan halde auge med utviklinga, sa han.

Han fekk støtte av leiaren i SV, Audun Lysbakken.

– Det er eit kjempeproblem dersom innstegsstillingane i praksis berre er opne for menn. Samstundes reflekterer debatten om mobilitet og kjønnsskilnader, endringar i samfunnet utanfor akademia, og i den samanhengen er det dramatisk at arbeidet for likestilling har teke eit skritt tilbake under denne regjeringa. Det trengst ein meir aktiv likestillingspolitikk, sa Lysbakken.

Katja Enberg etterlyser betre moglegheiter til å planleggje for familieflytting, slik at ingen kandidatar – og kanskje kvinner spesielt – skal bli tvungne til å seie nei til tilbod som innstegsstillingane fordi flyttinga blir for komplisert.

– Innstegsstillingane gjeld jo folk som typisk er i alderen der ein etablerer seg og får familie, og det verkar som om flytting med ein heil familie er ei større utfordring for kvinner.  Dersom ein endar med å berre få single unge menn i slike stillingar, vil dei drive forventingane til dei andre tilsette, og mangfaldet vil lide, seier ho.

– Familieflytting er kjønnsnøytralt

Av dei 15 innstegsstillingane er 12 ved NTNU. Der er dei blitt brukte til å rekruttere unge, internasjonalt framifrå forskarar til toppforskingsprogrammet Onsager Fellowship Programme. Forskarane er rekrutterte til eit stort spekter av fagfelt frå humaniora til teknologi. Åtte av dei er menn, fire kvinner.

– I rekrutteringsprosessen fekk søknadskomitéane beskjed om å sjå spesielt etter dyktige kvinner, og vi hadde kvinnelege søkarar på alle stillingane. Nokre innstilte kandidatar takka nei på grunn av familiesituasjonen, men dette gjaldt både menn og kvinner. Vi fekk høyre at vi var ein attraktiv arbeidsgjevar og kunne tilby konkurransedyktige lønsvilkår, men at praktiske utfordringar knytt til barnehage, internasjonal skule og spesielt jobb til partnar vart utslagsgjevande, og dette er jo kjønnsnøytrale utfordringar, seier seniorrådgjevar Ruth Hagen Rødde ved rektors stab.

Ho kjenner seg trygg på at kandidatane som vart innstilte, representerte biletet på dei respektive fagfelta.

– Vi er lei oss for at vi ikkje fekk fleire kvinner, og har hatt merksemd på problemstillinga heile vegen, men ein kan ikkje tvinge fram kvinnelege kandidatar der dei ikkje finst. Dette er ikkje vanlege amanuensisstillingar, dei er rekrutterte til eit toppforskingsprogram. I siste instans var det faktorar knytt til publisering, fagleg sjølvstende og evne til å innhente ekstern finansiering som skilde mellom dei, seier ho.

Jobb til partnar kritisk

Det kritiske punktet, jobb til partnar, er vanskeleg å gjere noko med, erkjenner Rødde.

– Dersom partnaren er akademikar, kan vi ikkje tilsetje vedkomande i fast vitskapleg stilling utan utlysing og konkurranse. Vi prøver å jobbe tett med andre aktørar i regionen, som SINTEF og Statoil, slik at vi kan gjere dei merksame på moglege kandidatar. Og vi prøver å forenkle kontakten med NAV. For mange som kjem hit som partnar, er språk ei utfordring. Ein kunne sjølvsagt ønskje seg at det fanst enkle måtar å ordne dette på, men alle er samde om at ein skal få jobb i akademia på eigne kvalifikasjonar, og offentlege stillingar må lysast ut.

– Har du råd til andre institusjonar som no er i prosessen med å fylle desse innstegsstillingane?

– Komitéane må i alle fall få ein tydeleg instruks om å sjå etter kvinner. Har dei ikkje kvinner mellom dei innstilte kandidatane, må dei kunne argumentere for kvifor, og dokumentere som er gjort gjort for å leite etter dei, seier Rødde.