Overlèt fagspråket til eldsjelene
LUKK

Overlèt fagspråket til eldsjelene

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 9. januar 2014 kl. 08:41

UH-sektoren har hatt lovfesta ansvar for norsk fagspråk sidan 2009. Men praksisen er tilfeldig, og avheng av initiativ frå spesielt interesserte.

overl-t-fagspr-ket-til-eldsjelene


Geologi er eitt av fagfelta som no har fått oppdatert terminologi på norsk, etter eit privat initiativ frå fagfolk. Foto: Erik Norrud

overl-t-fagspr-ket-til-eldsjelene


Forskerforum tek i ein serie artiklar opp språksituasjonen i forsking og høgare utdanning. (Faksimile av nr. 8/2013)

Fakta
<

– All forsking viser at ein lærer best på sitt eige morsmål, og at det er lettare for norske studentar å lære faguttrykk på engelsk når ein først har eit godt fagspråk på norsk. Tek ein ikkje omsyn til det, er ein ikkje tru mot korkje pedagogikk eller fag, seier seniorrådgjevar Jan Hoel i Språkrådet.

Gjennom universitets- og høgskulelova fekk UH-sektoren i 2009 eit lovfesta ansvar for å ta vare på norsk fagspråk. Men korkje lova eller dei ulike språkpolitiske dokumenta ved institusjonane inneheld noka form for operasjonalisering av dette ansvaret. I slutten av november i fjor arrangerte Språkrådet seminar for sektoren for å sjå på korleis ein kan sette intensjonane ut i livet.


Engelsk ikkje alltid best

Kjartan Olafsson, førsteamanuensis i fysikk ved Universitetet i Bergen, fortalde om korleis instituttet hans har laga sine eine eigne terminologilister i mangel på læreverk på norsk.

– Vi utdannar mellom anna lærarar til grunnskulen. Dei treng norske omgrep som dei kan bruke i undervisinga. Det finst ikkje gode norske lærebøker for denne gruppa, så vi nyttar amerikanske. Vi tok utgangspunkt i emnelista i boka og laga ei ordliste, og tilbakemeldingane frå studentane er gode, sa han.

Han peika på at det ikkje er nok å berre omsette eit engelsk omgrep direkte, ein må først forstå akkurat kva det tyder. Sjølv ikkje engelske fagomgrep er alltid så vedunderleg logiske og intuitive.

– På engelsk heiter det til dømes «electromotive force» – men det er inga kraft i fysikk-tydinga av ordet. På norsk kallar ein det elektromotorisk spenning.

Arbeidet blir ikkje enklare av at mange fysiske termar også inngår i daglegspråket, men då utan dei presise definisjonane dei har i fysikken. Til dømes blir «kraft», som har ein presis fysisk definisjon, ofte nytta i daglegtale for å omtale energi eller elektrisitet.


Mønsterprosjekt i kjemi

I 2011 tok Språkrådet initiativ til å finne ut om noko hadde skjedd med fagspråkarbeidet ved institusjonane etter at sektoren fekk ansvar for fagspråk gjennom Universitets- og høgskulelova.

– Vi skipa til eit idéseminar der det kom fram at det eigentleg ikkje hadde skjedd noko. Litt av problemet er nok at sjølv om lovformuleringa er kraftig, seier ho ingenting om kva som skal gjerast, eller kven som skal gjere det. Dermed er det nok lett for at ansvaret blir borte mellom andre oppgåver, seier Jan Hoel.

I kjølvatnet av denne oppdaginga vart det sett i gang eit mønsterprosjekt for innsamling og tilgjengeleggjering av norsk fagterminologi innanfor fagområdet kjemi. Fagfolk frå universiteta i Oslo og Bergen var involverte, og ulike praktiske metodar vart prøvde ut. Erfaringane skal samlast i ein rapport slik at dei kan tene som mønster for tilsvarande prosjekt på andre fagområde.

– Språkrådet skal ikkje vere produsentar av terminologi, den rolla må ligge hos fagmiljøa. Vår rolle er å ta initiativ og koordinere. Vi ønskjer oss fleire slike tverrgåande prosjekt der fleire institusjonar deltek innanfor same fagområde slik at ein kan bli samde om ein nasjonal terminologi. Her blir utfordringa å kome i kontakt med fagmiljø og informere om kva vi kan bidra med, seier han.


Lærebøker skapar språk

Hoel peikar på at lærebøker er ein viktig del av arbeidet for eit norsk fagspråk. Dersom norsk blir mindre viktig som undervisingsspråk, får fagfolk også færre insentiv til å skrive lærebøker på norsk, noko som igjen vil utarme norsk som fagspråk. Knut Ebeltoft, som er redaktør i Fagbokforlaget, vart overraska då han høyrde at mange utdanningsinstitusjonar held seg med språkpolitiske dokument.

– Det er ikkje noko eg har høyrt nemnt i mitt arbeid. Lærebokforfattarane våre gjer ein formidabel jobb for norsk fagspråk, men dei gjer det ut frå eit personleg engasjement. Innsatsen er personavhengig og ikkje sett i system, seier han.

Som redaktør opplever han at forfattarane er glade for å kunne diskutere språk og faguttrykk, og at dei gjerne tek imot innspel.

– Eg merkar jo at fagfolk publiserer stadig meir på engelsk, dei reiser på konferansar og skriv artiklar på engelsk. Så kjem dei til oss og skal skrive om det same i ei lærebok på norsk. Då blir det ofte vanskeleg. Vi driv ikkje med termutvikling, men er opptekne av å få til eit godt norsk språk. Men nokre amerikanske uttrykk er så etablerte at det ikkje lenger er mogleg å få innarbeidd noko norsk uttrykk, seier han, og nemner «coaching» og «New Public Management» som døme frå sitt eige fagområde.


Må finnast på nett

Ebeltoft meiner langt fleire forlagstilsette og lærebokforfattarar burde vore til stades på seminaret i november.

– Det er klart at lærebøker får innverknad på språket. Innanfor mitt felt er Bård Kuvås ein forskar som er svært oppteken av norsk fagspråk, bøkene hans er utbreidde, og eg ser at uttrykka hans har spreidd seg. Når vi gjev ut bøker, lever dei på pensumlistene, og blir dei der lenge, er dei med på å etablere fagspråket.

Men ei lærebok er ei langsiktig satsing. Til samanlikning vil eit faguttrykk som blir publisert på nett, raskt finne vegen til lesarane dersom nettsida når høgt opp hos søkemotorane. Redaktør Georg Kjøll i Store norske leksikon (SNL) meiner nettleksikon er ein viktig arena for å spreie fagterminologi på norsk.

– Det første alle gjer når dei skal finne ut av noko, er å google det. Dei aller fleste brukarane våre kjem via søkemotorar. Det vil seie at dersom folk skal finne oss, må artiklane innehalde ein term som folk søker på. Ofte nyttar vi fleire termar, og definerer ein av dei som hovudterm, seier Kjøll.

Han meiner likevel at nettleksikon kan vere ein god måte å innføre nye termar på. Mange av artiklane i Store norske leksikon har eit eige felt for den engelske termen, slik at den som googlar «black body radiation norsk» vil ein finne SNL sin artikkel om svart stråling på topp på søkelista.


Termar med autoritet

– Vi har nokre generelle prinsipp som vi gjev til dei som skriv artiklane våre. Det handlar om at eit oppslagsord skal ha ei fagleg forankring og vere relativt mykje brukt. Dersom ein forfattar insisterer på å bruke ein term som nesten ikkje finst på nett, i staden for eit mykje brukt synonym, så lyt ein ha ei god grunngjeving for det. Ei slik god grunngjeving kan vere at ein term har vunne fram i faglitteraturen, men enno ikkje i daglegspråket, seier han.

Dei norske universiteta er blitt samde om å bruke snl.no som formidlingskanal på nett, og SNL er no i ferd med å inngå samarbeidsavtaler med dei ulike universiteta. Kjøll meiner leksikonet er ein god måte å bruleggje distansen på mellom fagfolk og dei som surfar på nettet.

– Medan det å lese ein kronikk eller noko liknande gjerne føreset at ein har følgt med i ein debatt over tid, så kan ein kome til ein leksikonartikkel med blankare ark. I tillegg vil eit oppslagsord eller fagområde hos oss gje autoritet til omgrepet for dei som les om det. Dermed blir val av term til eit verdival som har konsekvensar. Eg har inntrykk av at fleire av dei som skriv for oss, er medvitne på å bruke norsk fagspråk og ønskjer seg meir norskspråkleg fagstoff tilgjengeleg. Det finst mykje vilje og interesse der ute, men ikkje mange insentiv eller konkrete tiltak. Vi tykkjer kjemiprosjektet til Språkrådet er interessant fordi det nettopp er eit konkret tiltak som kan gjere ein forskjell, avsluttar Kjøll.