– Museumsreforma fungerer ikkje godt nok
LUKK

- Museumsreforma fungerer ikkje godt nok

Av Johanne Landsverk

Publisert 5. februar 2013 kl. 10:13

Omstillinga har gått ut over det museumsfaglege, meiner tilsette. Dei ønskjer seg ei evaluering.

--museumsreforma-fungerer-ikkje-godt-nok


– Vi vil vurdere sterke og svake sider ved ulike former for organisering, seier Espen Hernes i Kulturrådet.

Fakta
<

– Der er stort behov for ei evaluering av Musea i Sogn og Fjordane, for det nye museet fungerer ikkje godt nok, seier Inger Marie von de Lippe, avdelingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand i Sogn og Fjordane. Avdelinga vart ein del av De Heibergske Samlinger før alle dei fem musea i fylket i 2009 vart slått saman eller «konsoliderte» til ein stor organisasjon.

– Den nye organisasjonen har fått meir ressursar, men det har stort sett gått til administrasjonen. Økonomien ved dei einskilde avdelingane har ikkje blitt betre slik vi var lova, snarare tvert imot. Det er også umogleg for oss ute i musea å følgje med på økonomien. Vi får berre trædd nye direktiv ned over hovudet utan at dei vert drøfta med oss, meiner von der Lippe.

– Meir samarbeid før

Anne Bakke er formidlingsleiar ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane, ei av dei andre avdelingane i museet.

– Eg var ei av dei som ivra for samanslåing, særleg fordi vi vart lova fagleg styrking og meir samarbeid. Sett frå min ståstad var det faktisk meir samarbeid før konsolideringa enn no, seier Bakke.

– Målet med konsolideringa var å verte sterkare økonomisk og fagleg, men dette er på langt nær innfridd. Avdelingane har ikkje fått økonomisk vekst, og det blir lagt så stor vekt på det administrative at det museale har kome i skuggen, seier Bakke.  

Også Bakke ønskjer seg ei evaluering.

– Det var jo meininga at museumsreforma skulle bli evaluert. Eg synest Kulturdepartementet burde gi pålegg om at museet må evaluere seg sjølv.

– Dei små musea lid

Telemark Museum, som er eitt av tre museum i Telemark, er blant musea som har evaluert seg sjølv etter omorganiseringa. Ein evalueringsrapport frå 2011 utført av Telemarkforsking viser at dei tilsette har svært ulike syn på den nye organisasjonsmodellen.

– Eg ser tydelig at dei lokale museumsavdelingane lid under den nye museumsordninga, og nokre av dei er ikkje lenger bemanna. Fleire av dei små musea har fått eit løft når det gjeld vedlikehald og registrering, men både aktivitet og besøk har gått ned, seier Kirsten Tangen, tillitsvald for Forskerforbundet ved Telemark Museum. Ho var tidlegare styrar ved Brevik museum, men jobbar i dag som arkivar med ansvar for dei historiske privatarkiva ved Telemark Museum. 

– Vi som tidlegare styrte dei små musea, har gått inn i fagspesifikke stillingar ved det nye konsoliderte museet. Eg ser at vi har fått ein fagleg gevinst med større spesialisering, men vi har også tapt mykje. Men vi gamle museumsstyrarar er i mindretal, og dei fleste vil nok seie at det fungerer greitt.

Nøgde med reforma

Møre og Romsdal fylke fekk gjennomført ei evaluering av museumsreforma i 2012. I ei spørjeundersøking svarte 80 prosent at reforma hadde hatt ein positiv påverknad på museumsarbeidet.

– Det var heilt naudsynt å slå saman ein del museum, særleg med tanke på profesjonalisering. Museumsdrifta er blitt meir profesjonell på alle vis, meiner Kjetil Tandstad, tillitsvald for Forskerforbundet ved Stiftinga Sunnmøre Museum, eitt av tre regionmuseum i fylket.

Tandstad fortel at museet har behalde eigarstyra, og avdelingane har fast bemanning og formidlingsteneste, i motsetnad til Telemark Museum.

Evaluerer organisering

Kulturrådet skal no evaluere eit utval museum med utgangspunkt i organisasjonsformer (stiftingar, aksjeselskap eller interkommunale selskap), storleik og geografi. I utlysinga av evalueringsoppdraget er 13 museum foreslått evaluerte. Musea i Sogn og Fjordane og Sunnmøre Museum er ikkje blant desse.

– Dette er ikkje ein fullstendig gjennomgang av museumsreforma, men ein studie der vi vil vurdere sterke og svake sider ved ulike former for organisering, blant anna tilhøvet mellom eigar og drift. Det endelege utvalet av museum blir gjort i samarbeid med dei som får tildelt oppdraget, seier Espen Hernes, sjef for museumsseksjonen i Kulturrådet.

Hernes seier Kulturrådet har fått tilbakemeldingar frå museum som ønskjer seg ei større evaluering av museumsreforma.

– Kulturdepartementet har fram til no ikkje lagt opp til ei større, heilskapleg evaluering av reforma. Det vil også være vanskelig å gjennomføre denne type evaluering, for det er mange ulike variablar som spelar inn over eit langt tidsrom, seier han.