– Vi treng debatt om siteringspraksis
LUKK

- Vi treng debatt om siteringspraksis

Av Silje Pileberg

Publisert 5. januar 2015 kl. 11:55

Norske forskarar slurvar med referansane, meiner Solveig Østrem. Pedagogikkprofessoren fryktar ein skrivekultur der forskingsetiske krav får for lite merksemd.

--vi-treng-debatt-om-siteringspraksis


– Intensjonane er ofte gode. Det handlar heller om at skribentane ikkje tenkjer seg om, seier Solveig Østrem. Foto: Privat

Fakta
<

– Å vere etterretteleg er forskarens ansvar, og ikkje noko ein kan fråskrive seg ved å vise til ein stil. Likevel er manglande sidetilvising så utbreidd at ein kan kalle det ein tradisjon, seier Solveig Østrem, professor i pedagogikk ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold.

Ho har sett seg lei på vitskaplege publikasjonar og lærebøker der det blir slurva med referansane, og ho fryktar konsekvensane det kan ha, særleg for samfunnsvitskap og humaniora.

– I naturvitskapen byggjer truverdet på beviset. I samfunnsvitskap og humaniora er det argumentet som skaper truverdet. Der blir det desto viktigare å kunne undersøke kva argumenta byggjer på. 

Tre hovudproblem

Både når ho vurderer tekstar på oppdrag frå forlag og tidsskrift og når ho les vitskaplege publikasjonar, legg Østrem merke til mangelfulle referansar. Ho peikar på tre hovudproblem:

  • manglande eller uklar samanheng mellom teksten og referansen i parentes, slik at lesaren ikkje forstår
  • parentesar med altfor mange referansar, anten for å gje fagleg tyngde til eigne påstandar, som erstatning for faglege argument eller for å dokumentere det sjølvsagte
  • manglande sidetilvisingar. Dette er særleg eit problem der det ikkje blir referert til direkte sitat, men der lesaren likevel treng sidetal for å finne fram i kjeldene. 

– Vi publiserer og publiserer for å få flest muleg publiseringspoeng. Men skriving som forskingsmetode blir i liten grad diskutert. Mange i mitt fagfelt seier at APA-stilen ikkje legg opp til å bruke sidetilvisingar anna enn ved direkte sitat. Men eg er usikker på kvar denne tolkinga kjem frå, seier ho.

APA-stilen er ein av fleire hyppig brukte stilar i norske fagmiljø. Han er utvikla av America Psychological Association og gjer greie for korleis referansar skal skrivast i tekst og referanseliste.

Framleis store utfordringar

Ragnvald Kalleberg er sosiologiprofessor og nestleiar i Granskingsutvalget for redelighet i forskning. Han er samd i at dagens praksis kan betrast, uavhengig av kva stil ein brukar. Likevel meiner han at temaet får meir merksemd enn før.

– Vi har hatt nokre saker der dårleg siteringspraksis har blitt nasjonalt synleg, til dømes i samband med den faglitterære boka «Historien om Norge» som Gyldendal gav ut i 2004. Etter dette vart det i 2006 utvikla eit eige punkt om siteringspraksis i dei forskingsetiske retningslinjene for samfunnsvitskap, humaniora, juss og teologi, seier han.

Kalleberg leia sjølv arbeidet. I punkt nummer 29 står det mellom anna at alle har plikt til å gje mest mogleg nøyaktige tilvisingar til litteraturen som er brukt, fordi dette gjer det enklare å etterprøve påstandar og argumentasjon. Både dei forskingsutførande einingane, disiplinane og den enkelte forskaren eller forfattaren har eit ansvar, det same har rettleiarar for studentar.

Kalleberg fortel at ph.d.-studentar ofte viser til APA og hevdar at dei ifølgje manualen ikkje skal vise til sidetal anna enn ved sitat.

– Då spør eg dei gjerne kva side det står på i manualen. Og etter ein del leiting finn dei ut at det faktisk ikkje er slik.

Store skilnader i praksisen

Dorte Østreng, redaksjonssjef for samfunnsfag og humaniora i Cappelen Damm, og Elisabeth Bjørnestad, redaktør i Norsk Pedagogisk Tidsskrift, merkar store skilnader på praksisen blant skribentane.

– Det er framleis mange forfattarar som må instruerast. Det finst ikkje klare retningslinjer for når ein skal gje sidetilvisingar utover direkte sitat. Forfattarane må difor ha evne til å utøve skjønn og gjerne gje sidetilvisingar hyppigare enn absolutt nødvendig, seier Østreng.

Elisabeth Bjørnestad fortel at redaksjonsrådet i tidsskriftet ofte diskuterer temaet. Frå Solveig Østrem si punktliste kjenner ho att punkt to og tre:

– Det er eit utbreitt problem at forfattarar har litt for lange og mange referansar i parentes. Vi jobbar med å få dei til å korte ned. I tillegg meiner eg at ein alltid bør skrive sidetal når ein viser til bøker, fordi korte artiklar er lettare å sjekke opp. Viss stadig fleire betrar praksisen, vil fleire følgje på.

– Kan du sjølv endre noko for å løfte kvaliteten?

– Som redaktør åleine kan eg ikkje det, men med redaksjonsrådet, og i samarbeid med forlaget som er eigar, kunne vi setje eigne kriterium. Viss vi opplever eit trykk frå akademia og brukarane våre, vil vi nok vurdere det.