Dyrare studiepoeng på universiteta
LUKK

Dyrare studiepoeng på universiteta

Av Forskerforum

Publisert 11. februar 2015 kl. 10:10

dyrare-studiepoeng-p--universiteta

Fakta
<

Det er stor variasjon i kostnadene bak studiepoenga i høgare utdanning, ifølgje ein rapport frå Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU).

I 2013 kosta eit studiepoeng ved tradisjonelle universitet 4708 kroner, medan prisen var 1902 kroner på høgskular og nye universitet.

Forskarane trur skilnadene har ulike årsaker, mellom anna at universiteta har dårlegare gjennomføring, mindre klasser, høgare driftsutgifter, høgare utgifter til støtte og stab og at dei tilsette bruker meir tid til forsking.