Eksistensialistisk statistikk
LUKK

BOKMELDING

Eksistensialistisk statistikk

Av Oddgeir Osland

Publisert 10. februar 2015 kl. 13:03

Terningen har for låge tal.

eksistensialistisk-statistikk

Fakta
<

Dersom historia om norsk sakprosa ved tusenårsskiftet nokon gong vert skriven, vil truleg Espen Søbye få ein sentral plass, både som forfattar og kritikar. Forfattarskapen er mangslungen og utprøvande både tematisk og litterært, med biografien som sjangertyngdepunkt (som boka om Arthur Omre i 1992, Kathe – alltid vært i Norge, til den omdiskuterte boka om Johan Scharffenberg i 2010 – for å velje nokre).Dette er bøker som er skrivne for å tåle gnaginga av tidas jekslar, dei er forma av den litterære og tematiske eksistensialismen som er råstoffet i stor litteratur og set standardar for dei som vil prøve seg på det same emnet.

Boka er eit funn.

Også kritikaren Søbye stiller skarpe litterære krav, men er oftare ujamn og tidbunden, ikkje berre av avisene og tidsskrifta sine dødlinjer med tilhøyrande hastverkskonsesjonar til gjennomlesing, ettertanke og presisjon, men også av klare ideologiske og polemiske notidsintervensjonspretensjonar. Om kvalitetskrav, tidspress og polemiske tilslag er ei uklar blanding, er konklusjonane hans alltids klare nok. Så ligg då også bidrag attende som slakteavfall i krokane etter Søbye partering. Her har eg direkte personleg kjennskap frå sist haust, då Søbye plasserte eit av mine bidrag saman med andre unemnelege i ein antologi, men rubrisert som følgjer: «Her virker det som om ren og skjær mccartyisme skal gjøres til en aktverdig universitetsdisiplin. Flere av artiklene tenderer mot personforfølgelse på grunn av meningsytringer.»

Kva skal så eg seie om Søbye si siste bok? Med denne boka har Tabellkontorets funksjonær, denne tilbaketrekte personen som under denne og andre nemningar (rådgjevar, seniorrådgjevar, vitskapleg assistent, forskar III) i ulike organisasjonar (byrået, forskingsinstituttet) spela ei nøkkelrolle i å kontrollere statistikkens grunnlag, fått si forteljarstemme i ei breiare offentlegheit. Han som er oppteken av om data er pålitelege, som omhyggjeleg kontrollerer registrerings- og kodingsfeil, og som med uro registrerer tomme celler, men med enda større uro registrerer at nokon med urette fyller dei med tal, slik nokon i 1994 fylte den historiske statistikkens tomme celle med inngåtte ekteskap i 1942, eit tal som lenge hadde vore ukjent, med eit tal basert på snittet av inngåtte ekteskap i 1941 og 1943.

Den tabellen det her er tale om, Folkemengdens bevegelse 1735–2014, første gongen publisert i 1914, med oversikt over talet på innbyggjarar, fødde og døydde, og etter kvart også med tal på ekteskap og innvandring. Det er få variablar samanlikna med dagens registerdata, men med ein tidsserie som strekkjer seg over nesten 300 år, er det sanneleg nok å uroe seg over for funksjonæren som kjenner til endringar i registreringsansvar og andre urovekkande feilkjelder gjennom tidene.

Med skildringa av den gradvise vitskapleggjeringa av denne statistikken metodisk og teoretisk, når boka meir professorale høgder og introduserer dei problemstillingane statistikken har gjeve opphav til, og den fagleg-politiske innverknadskrafta hans. Endringar i fødsels- og dødsrater er opphav til faglege diskusjonar, og til den største uro, som prognosar i 1930-åra om at dersom den låge fødselsrata vart varig, ville den høge delen eldre personar i forhold til delen personar i arbeidsfør alder i 1970 føre til at samfunnet braut saman. Blant tiltaka som statistikarar i arbeidarrørsla fremja allereie då, finn vi hovudelementa i ordningar som seinare skulle underbyggje den sterke voksteren i kvinneleg sysselsetjing. Så tek da også boka oss vidare forbi 1967, dette historiske vendepunktet då innvandringa til Norge vart større enn utvandringa.

Boka er eit funn for statistikk-nerdar som her kan humre attkjennande, for allment historisk og politisk interesserte og for dei som har fagleg interesse i vitskapshistorie og vitskapssosiologi. Dei kan alle glede seg over illustrasjonar som ikkje berre byggjer opp under teksten, men har sjølvstendig kunstnarleg og historisk verdi. Og litterært interesserte kan sitje og undre seg over, og prøve å undersøkje korleis Søbye gjennom eit språk som søkjer presisjon og nærleik til objektet (tabelloppsettet, innsamlinga og registreringa av data) og sakleg framstillinga av tabellgjenstandsobjekta (ytterpunkta i livet, fødde og døde, og utvalde livsval (ekteskap og mobilitet)) klarer å skape eit litterært rom mellom tabell og eksistens. I kapitlet om dei som er i randsona av det statistiske og politiske fellesskapet, omstreifarar og fantar og samar og slikt, er det eksistensielle eksplisitt. Men også andre stader blir det skapt eit litterært rom mellom folkemengda sine rørsler og røynsler.

Terningkast? Eg ser ingen grunn til å kaste terningen. Han har for låge tal.