Nytt teljekantsystem frå no
LUKK

Nytt teljekantsystem frå no

Av Forskerforum

Publisert 1. april 2016 kl. 15:03

I dag går fristen ut for å rapportere inn forskingspublikasjonar for 2015. Samtidig blir endringane i teljekantsystemet innført.

Fakta
<

Den norske publiseringsindikatoren, populært kalla teljekantsystemet, vart evaluert i 2013. På bakgrunn av evalueringa er det gjort endringar i utrekninga av publiseringspoeng som skal verke frå 2015-rapporteringa.

Skal motverke uheldig bruk

Vidar Røeggen, seniorrådgjevar i Universitets- og høgskulerådet (UHR) og sekretær i Det nasjonale publiseringsutvalet, seier til Universitetsavisa at som eit mål på produktivitet balanserte ikkje det gamle systemet godt nok mellom fagområde.

– Det er eit problem, fordi publiseringsindikatoren blir brukt til å omfordele forskingsmidlar mellom institusjoner med ulike fagprofilar, seier Røeggen til Universitetsavisa.

I tillegg til at det nye systemet skal sikre at alle fagområde tel likt, vil systemet motverke uheldig bruk av publiseringsindikatoren på individnivå. Teljekantsystemet var meint å omfordele ressursar på institusjonsnivå, men har i praksis blitt mykje brukt til å evaluere den vitskaplege produksjonen til einskildforskarar, til dømes ved tilsetjingar. Dette har vore eitt av ankepunkta mot systemet. UHR har publisert eit notat om bruken av den nye utrekningsmetoden, og inviterer institusjonane til å debattere og grunngje korleis indikatoren skal brukast lokalt.

Meir utteljing for samarbeid

Dei nye reknereglane medfører også at forskarar i UH-sektoren vil få meir att for å publisere saman med forskarar frå andre land og institusjonar. Vidar Røeggen seier til Universitetsavisa at han vonar dei nye reglane vil stimulere forskarane til å samarbeide meir internasjonalt.

– For institusjonar med brei fagprofil vil ikkje endringa gje særlege utslag. Dei institusjonane og forskingsmiljøa som har størst grunn til å glede seg må vere dei som i utstrekt grad samarbeider med andre institusjonar i Noreg og internasjonalt. Dei har opplevd at samarbeid ikkje har vore tilstrekkeleg verdsett i modellen som no blir avvikla. Endringa stimulerer meir til samarbeid.

Publiseringsutvalet har fått kritikk for at det nye systemet er mindre intuitivt enn det gamle, men meiner det er prisen ein må betale for å få til noko som er meir verdfullt.