– Arkivverket treng straumlinjeforming
LUKK

- Arkivverket treng straumlinjeforming

Av Johanne Landsverk

Publisert 4. mars 2016 kl. 10:31

Sterkt kritisert omorganisering får støtte: - Ein del utfordringar i Arkivverket let seg ikkje gjennomføre utan sterk sentral styring, meiner fylkesarkivar.

--arkivverket-treng-straumlinjeforming


– Det er prisverdig og på høg tid at Riksarkivaren tek tak i utfordringane med digitalt skapte arkiv, seier Arnt Ola Fidjestøl.

--arkivverket-treng-straumlinjeforming


– Vi opplever stadig å få ulike svar når vi spør dei forskjellige statsarkiva. Det burde vore lik praksis, uavhengig av om statsarkivet ligg i Kristiansand eller Hamar, seier Wenche Risdal Lund.

– Eg legg meg ikkje opp i interne omleggingsprosessar i Arkivverket. Det eg er oppteken av, er at alt arkivmateriale som er digitalt skapt, blir teke hand om på ein einskapleg og heilskapleg måte, og at ikkje handteringa varierer ifrå statsarkivdistrikt til statsarkivdistrikt. Det vil vere svært uheldig, seier fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet er ein kommunal arkivinstitusjon, og er ikkje ein del av Arkivverket.

Etter at Riksarkivaren i fjor la fram eit forslag om at dei åtte statsarkiva i Arkivverket ikkje lenger skal vere sjølvstendige einingar med eigen leiar plassert i regionane, har reaksjonane vore sterke. Men slett ikkje alle er negative til planane.

Fidjestøl meiner mange har uttalt seg på sviktande grunnlag om saka i media.

– Ein del av utfordringane Riksarkivaren står overfor, treng straumlinjeforming, og det lèt seg ikkje gjennomføre utan sterk sentral styring. Det er prisverdig og på høg tid at Riksarkivaren tek tak i utfordringane med digitalt skapte arkiv. Dette burde vore gjort for lenge sidan, og det vil vere uheldig om denne merksemda druknar i diskusjonen om statsarkiva.

– Tilsynet fungerer ikkje

Han får støtte av Wenche Risdal Lund, dagleg leiar for IKA Kongsberg, som er eit av dei største interkommunale arkivselskapa i landet og dekker fylkeskommunane Buskerud, Vestfold og Telemark. Lund har sete i ei referansegruppe som vart sett ned av Riksarkivaren i samband med strategiplanen «Arkivverket 2020».

– Det vart slått stort opp i media at statsarkiva skulle leggast ned, men det stemmer ikkje med informasjonen eg har fått. Statsarkivarane skal ikkje vere statsarkivarar i same form som no, men ifølgje framlegget skal det regionale nivået styrkast, seier Lund.

Riksarkivet har i dag tilsyn med alle offentlege arkiv, og denne jobben er delegert til statsarkiva.

– Men tilsynet med kommunal sektor fungerer ikkje slik det er no. Vi opplever stadig å få ulike svar når vi spør dei forskjellige statsarkiva. Det burde vore lik praksis, uavhengig av om statsarkivet ligg i Kristiansand eller Hamar.

– Så du meiner framlegget til omorganisering er bra?

– Eg vil ikkje meine noko om korleis Arkivverket bør organisere seg, men som samarbeidsinstitusjon ser vi at det er behov for å styrke visse område, som digitalt skapte arkiv.

Er allereie styrt frå Oslo

Statsarkivar Kjetil Reithaug ved Statsarkivet i Kristiansand seier det er svært ulike meiningar om saka ved dei ulike statsarkiva.

– Vi må ta inn over oss at nye arkiv ikkje blir produserte i form av protokollar som vi set på hylla, men i elektroniske system. Dette krev spesiell kompetanse som ikkje er godt nok representert overalt i Arkivverket.

Reithaug meiner framlegget til omorganisering ikkje nødvendigvis vil føre til sterkare sentralisering.

– Forslaget var å utvikle spesielle fagmiljø ulike stader i landet. Seksjonsleiarane for desse fagområda kunne sitje i for eksempel Bergen, Stavanger eller Trondheim. Det er ikkje snakk om ei sentralisering i den forstand at Oslo skal overta ansvar for desse nasjonale fagområda. For dette ansvaret har dei allereie i dag, seier han.

Blant anna får alle statsarkiva budsjetta sine sentralt frå Riksarkivet, og budsjetta blir vedtekne av leiargruppa sentralt.

Senterpartiet har levert eit skriftleg forslag til Stortinget om at regjeringa må oppretthalde og styrke statsarkiva som eigne institusjonar. Familie- og kulturkomiteenomiteen handsamar saka og vil levere si innstilling innan 15. mars.