Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Auke i doktorgradar ved norske museum

Fleire museum satsar på tilsette med doktorgrad.

Bjørn Sverre Hol Haugen

– Eg er glad for at museet ville finansiere doktorgraden min, seier Bjørn Sverre Hol Haugen. Foto: Erik Mostue, Anno museum

– Eg er svært glad for at museet ville finansiere doktorgraden min. Eg fekk behalde konservatorlønna mi i tre år medan eg jobba fulltid med doktoravhandlinga, seier Bjørn Sverre Hol Haugen, forskingskoordinator ved Anno museum i Hedmark. Han disputerte for doktorgraden i kulturhistorie ved Universitet i Oslo i fjor vår. Hol Haugen er berre éin av mange: Nye tal frå 2015 viser at stadig fleire av dei tilsette ved musea har doktorgrad. Medan 194 av alle museumstilsette hadde doktorgrad i 2013, steig talet til 276 i 2015. Veksten gjeld også for museum under Kulturdepartementet, der 49 kunne skilte med doktorgrad i 2013, 58 hadde doktorgrad i 2014 og heile 69 i 2015. I alt ein auke på 42 prosent for heile sektoren. – Legg til rette for doktorgrad Harald Jacobsen er administrerande direktør ved Anno museum: – Ved utlysingar av nye stillingar ser vi at mange av søkjarane har doktorgrad. Vi ønskjer å styrke det akademiske nivået ved museet, og prøver også å legge til rette for at fleire av dei fast tilsette skal få ta doktorgrad, utan altfor store kostnader for museet. I tillegg til Hol Haugen har vi to andre tilsette som no er i gang med doktorgraden. Ein av dei får støtte frå Forskingsrådet gjennom ordninga med offentleg sektor-ph.d., seier Jacobsen. Han var tidlegare direktør ved Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger før han begynte ved Anno museum i 2010. – Eg oppdaga då at det vitskaplege nivået var for lågt, og at svært få hadde formalisert kompetanse på førstenivå. Ved museet har vi difor jobba med å profesjonalisere medarbeidarane, seier Jacobsen. Fleire konservatorar Ny museumsstatistikk viser også ein auke i talet på tilsette med autorisasjon som konservator og førstekonservator NMF, ei ordning organisert av Norges museumsforbund (NMF) der ein blir autorisert på grunnlag av forskings- og utviklingsarbeid. Hol Haugen seier at Anno museum arbeider aktivt for at fleire skal kvalifisere seg til NMF-autorisasjon for konservatorar. – Vi held no vårt andre skrivekurs, og neste år kjem vi med fagfellevurdert publikasjon nummer to. Dei som deltek her, tek solide steg på vegen mot autorisasjon, seier han.

Få unge forskere vil anbefale andre å velge en karriere som forsker

Aasland ber universitetene vurdere skjermforbud

Tusenvis av studenter klager på sensur – flertallet får samme karakter etter klage

Nokut varsler Høyskolen Kristiania om krav på 155 millioner kroner

Regjeringen lanserer tinder for næringsliv og forskere

Forskerforbundet reagerer på høye lederlønninger på forskningsinstituttene

Eksperten svarer: Slik får du høyere lønn utenom oppgjøret

– Vi er bekymret for hva vi mister hvis vi ikke skal være del av universitetet

Lukk meny