Danske museum har plikt til å forske
LUKK

Danske museum har plikt til å forske

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. november 2011 kl. 09:50

I Noreg må museumstilsette kjempe for å finne tid til å forske. I Danmark er forsking pålagt ved lov.

danske-museum-har-plikt-til---forske


– Vi er ikkje ute etter å straffe musea, men å hjelpe dei, seier direktør Anne Mette Rahbæk i Kulturarvsstyrelsen.

Fakta
<

– Forskjellen er at musea i Danmark har forskingsplikt etter museumsloven. Leverer dei ikkje forsking, kan dei risikere at det går ut over museumsmidlane, seier Liv Ramskjær, seniorrådgjevar i Norsk kulturråd.

– I Noreg er ikkje musea pålagte å forske, men i museumsmeldinga frå 2008–2009 kom forsking inn som ei av fire satsingar – saman med forvaltning, formidling og fornying. Forsking er såleis rekna som ei av kjerneverksemdene i norske museum, seier Ramskjær.

Men sjølv om Kulturdepartementet skriv mange fine ord om forsking, blir ikkje forsking prioritert i norske museum. Departementet stiller heller ingen krav om forskingsproduksjon. I Forskerforum nr. 7/11 etterlyste museumstilsette tiltak som kan stø opp om vitskapleg produksjon i musea.

– Vil ikkje straffe
I Danmark, derimot, må alle statlege museum og museum med statsstøtte følgje den danske museumsloven, og dei må oppfylle krava i loven når det gjeld innsamling, registrering, bevaring, forsking og formidling.

– Vi stiller ikkje noko absolutt krav til kor mykje musea skal forske, det er jo stor forskjell på musea når det gjeld forskingsaktivitet. Blant anna er det avhengig av storleiken på museet, seier Anne Mette Rahbæk. Ho er direktør i den danske Kulturarvsstyrelsen, som er eit forvaltningsorgan under Kulturministeriet i Danmark. Kulturarvsstyrelsen gjennomfører kvalitetsvurderingar av musea med jamne mellomrom, for å sjå til at musea følgjer opp det dei er pliktige til.

– Når det gjeld forsking, spør vi etter kor mange vitskaplege publikasjonar som er produserte. Publikasjonane blir evaluerte og kvalitetssikra av eigne faglege råd ved musea, fortel Rahbæk.

Ei kvalitetsvurdering er ingen straffereaksjon.

Men sjølv om eit museum kan ha dårleg forskingsproduksjon, fører ikkje dette til at museet går glipp av midlar, meiner ho.

– Ei kvalitetsvurdering er ingen straffereaksjon, det er ein måte å kome i dialog med museumsleiinga på. Men vi vurderer om museet ligg på same nivå som andre. Om eit museum ikkje har publisert noko særleg, blir museumsleiinga oppmoda til å utarbeide ein forskingsstrategi og til å søkje forskingsmidlar som er øyremerkte for musea, fortel Rahbæk.

Vil styrke kvaliteten
Eit utval sett ned av det danske Kulturministeriet og Kulturarvsstyrelsen har nyleg lagt fram «Udredning om fremtidens museumslandskab», ein rapport som enno ikkje er handsama politisk. Kulturministeriet har i tillegg fått utarbeidd eit forslag til ny forskingsstrategi på kulturområdet.

– Eg trur dette kan vere med på å styrke forskinga i musea. Også i Danmark synest museumstilsette at det er vanskeleg å få tid til å forske i ein svært travel kvardag, seier Anne-Marie Mai, formann i Kulturministeriets Forskningsudvalg.

Utvalet har følgd arbeidet med den nye rapporten.

– Vi ønskjer å leggje vekt på å styrke kvaliteten på forskinga og at musea skal få større forståing for korleis dei kan søkje forskingsmidlar.

– Publiserer danske museum mykje forsking?

– Ja, det blir gjort ein stor forskingsinnsats, og i forskingsutvalet vonar vi å kunne hjelpe til med å gje museumstilsette moglegheit til å publisere i fagfellevurderte tidsskrift. Mange skriv også vitskaplege artiklar på høgt nivå, men manglar formell kompetanse. I Danmark er det no ein stor diskusjon om også artiklar i museumskatalogar skal bli godkjende i det danske forskingsregistreringssystemet PURE, fortel Mai.

Større krav til rapporteringRamskjær i Norsk kulturråd seier at det også i Noreg har kome tydelegare krav til musea om rapportering av forskingsaktivitet til departementet.

– Om forskingsaktiviteten ved eit museum er låg over tid, blir det lagt merke til ved rapporteringa, seier Ramskjær.

– Blir all vitskapleg produksjon rapportert inn?

– Nei, vi spør berre etter talet på større publikasjonar og om dei har forskingsplanar. Men her blir det nokre endringar frå neste år, for vi treng fleire data frå musea på dette området.

– Burde Noreg få ein museumslov som i Danmark?

– Eg er usikker på om det er rett veg å gå. Det finst andre måtar å stimulere til meir forsking på, til dømes gjennom stimuleringsmidlar eller andre prosjektmidlar. Ved å innføre meir omfattande krav til rapportering vil ein kanskje synleggjere forskingsaktiviteten i musea betre, seier ho.