Digitale førelesingar: – Det skal gjevast kompensasjon, seier UiO
Annonse
Annonse

Digitale førelesingar: – Det skal gjevast kompensasjon, seier UiO

Av Johanne Landsverk

Publisert 19. oktober 2020

Universitetet i Oslo vil greie ut spørsmålet om kompensasjon for gjenbruk av førelesingar, men etterlyser nasjonal praksis.

­Medan undervisarane dei siste månadene har brukt dagar og netter på å produsere digitale førelesingar, er spørsmålet om gjenbruk av undervisingsmateriale blitt stadig meir aktuelt. For institusjonane er ferdig innspelte førelesingar gull verdt, og det vekte oppsikt då prorektor Toril Nagelhus Hernes ved NTNU uttalte til Universitetsavisa at NTNU vil ha rettane til å nytte førelesingar som er laga på universitetet sitt utstyr. Ein av dei som reagerte, var professor Olav Torvund, som er ekspert på opphavsrett. I eit intervju med Forskerforum gjer han det klart at opphavsretten til eit materiale oppstår hjå den som bidreg med skaparinnsatsen. Dette gjeld også førelesingar, som er eksplisitt nemnd i åndsverkslova. Forskerforbundet sentralt får også mange spørsmål frå medlemmer som er usikre på lovverket om åndsverk og gjenbruk, og har difor laga faktaarket «Opphavsrett og undervisningsmateriale i universitets- og høyskolesektoren».  

UiO er positiv til vederlag

Ved Universitetet i Oslo (UiO) var spørsmålet nyleg oppe til diskusjon i møte mellom leiinga og organisasjonane, og hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad ved Forskerforbundet ved UiO er nøgd:

– Vi er veldig glade for at UiO har lagt fram forslag om at avtale om gjenbruk av digitalt undervisningsmateriale må gjerast med kvar enkelt undervisar på førehand, seier Skjøstad.

– Dette er eit godt og tydeleg signal, seier Belinda Eikås Skjøstad. Foto: Erik Norrud

Ho fortel av Forskerforbundet har etterspurt UiOs haldning til kompensasjon ved gjenbruk.

– Arbeidsgjevar er positiv til kompensasjon eller vederlag ved gjenbruk, men må sjå nærmare på praktiske ordningar. Dette er eit godt og tydeleg signal om at ordningar snart vil komme på plass, seier Skjøstad.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen seier UiO allereie har ein politikk på dette området. Før førelesingar kan leggast ut på nett skal det gjerast skriftleg avtale mellom den tilsette og universitetet.

– Dei tilsette ved UiO har allereie stor råderett over bruken av eige materiale, og dei har rett til å få førelesingane fjerna. Men situasjonen vi no står oppe i, der ein så stor del av undervisninga blir digitalisert, gjer at spørsmålet om rettar må gjennomgåast på ein ordentleg måte. Korona har ført til at arbeidsgjevar treng tilgang til digitalt undervisningsmateriale i eit mykje større omfang enn før, seier UiO-direktøren.

– Bør bli lik praksis nasjonalt

– Det kan vere viktig for undervisingstilbodet vårt å kunne bruke dette materialet, seier UiO-direktør Arne Benjaminsen. Foto: UiO

Han seier UiO ønskjer ein ryddig praksis på dette området, fordi institusjonen vil vere best tjent med dette.

– Vi er opptekne av å avklare rettane til materialet. Her er åndsverkslova styrande, men vi må avklare desse spørsmåla på ein ryddig måte. Det andre vi er opptekne av, er spørsmålet om vederlag, seier Benjaminsen.

– UiO har sagt at det blir gjeve kompensasjon. På kva for måte?

– Ja, vi er innforstått med at det skal gjevast kompensasjon. Men korleis dette skal gjerast, må vi avklare nærmare. Vi må ha ei nasjonal samordna avklaring rundt desse spørsmåla.

– Kan det bli snakk om pengar per førelesing?

– Dette er eitt av spørsmåla vi må vurdere. Praksisen som er etablert for kompensasjon ved kopiering av skriftleg materiale, kan vere ein mogleg modell å sjå på.

UiO-direktøren viser til Universitets- og høgskulerådet (UHR) som i dag forhandlar fram avtale med Kopinor om vederlag for skriftleg materiale.

– Det bør bli lik praksis på dette området nasjonalt, på same måte som vi har ved skriftleg materiale der kvar einskild tilsett har opphavsrett. Det vil vere rart om ein får varierande praksis ved institusjonane på området.

Men Benjaminsen forsikrar om at UiO ikkje kjem til å vente på ei nasjonal ordning.

– Vi er i gang med eit internt arbeid. Først må vi avklare rettane til materialet, og så må vi avklare kompensasjon, seier han.

Spørsmålet er om institusjonen kan bruke materialet 

UiB-rektor Dag Rune Olsen, som er leiar i UHR, seier det enno ikkje har vore diskutert felles reglar på området.

– UHR si rolle i dag er å forhandle med Kopinor, og det er der vi er. Men digitaliseringa har ført til ein annan type og langt vidare problemstilling, og dette har vi ikkje greidd å avklare i UHR. Eg er også usikker på om vi har tenkt gjennom lovverket vårt med tanke på den nye situasjonen vi står oppe i. Opphavsretten kan ingen ta frå deg uansett, den tilhøyrer personen som har skapt produktet. Men spørsmålet er om andre har rett til å bruke materialet og under kva for premiss, seier Olsen.

Han seier spørsmålet er kva rettar institusjonen har under den gjeldande åndsverkslova.

– Korleis vurderer vi rettane til å bruke materialet? Kan ein institusjon ha rett til å bruke det mot kompensasjon eller over ein viss periode? Her er det mykje upløgd mark, seier han.

– UiO ønskjer seg nasjonale reglar på området?

– Dette kan delvis falle inn under UHRs verkeområde, så det er absolutt noko styret vil kunne diskutere, seier Olsen.

Vil arbeide vidare ved NTNU

Ved NTNU skal saka no diskuterast med organisasjonane, og i ein kommentar til Forskerforum seier prorektor Hernes:

– For NTNU er det viktig å ha bruksrett til undervisningsmateriellet, og at det må bli inngått avtale mellom tilsette og NTNU om korleis for eksempel videoførelesningar blir brukt vidare.

Ho har ikkje fleire kommentarar om temaet på noverande tidspunkt, men seier NTNU vil arbeide vidare med saka i samarbeid med organisasjonane.

Les også: