Eit praksisnært universitet
LUKK
Annonse
Annonse

Eit praksisnært universitet

Av Geir K. Resaland, leiar ved Senter for fysisk aktiv læring, Høgskulen på Vestlandet

Publisert 30. oktober 2020 kl. 10:34

Høgskulen på Vestlandet kan aldri bli «det same» som Universitetet i Bergen, skriv Geir K. Resaland. Han tek til orde for eit tett samarbeid mellom HVL og arbeidslivet.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein nyfusjonert mangesidig høgskule, og det er mange omsyn å ta dersom vi skal bli eit velfungerande profesjons- og arbeidslivsretta universitet. Skal vi lykkast med å utvikle oss frå høgskule til universitet, må arbeidet vere breitt forankra, og mange i HVL må ta del i prosessen. Det er store ressursar i HVL, og vi må spele på den store breidda i kunnskap og erfaringar i organisasjonen.

«HVL må vere på tilbodssida overfor omgivnadene sine og ikkje vente på at dei skal kome med oppdrag», skriver Resaland. Foto: HVL

Noko anna enn UiB

HVL skal verta eit alternativ til dei tradisjonelle breiddeuniversiteta. Og, her på Vestlandet – i Bergen – har vi allereie eit slikt universitet, Universitet i Bergen (UiB), som neste år feirar 75-årsjubileum. Trass i omtrent same tal studentar har UiB fire milliardar i budsjett, medan HVL har to milliardar. UiB har dermed betydeleg meir ressursar, i tillegg til eit tydeleg globalt perspektiv som speglar visjonen deira: «Verden trenger tankene dine.» Det er mykje som skil HVL frå UiB – og HVL kan aldri konkurrere med, eller bli «det same», som UiB. Vi skal ikkje kopiere rolla og funksjonane til dei tradisjonelle breiddeuniversiteta, men bli noko anna … og det «anna» er altså eit universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Sikte mot arbeidslivet

For å leve opp til forventningane om forskingsbaserte utdanningar må HVL satse betydeleg på forsking som har praksisnære problemstillingar som er relevante for utdanningane og arbeidslivet. Med arbeidslivet meiner vi profesjonsutøvarar, sjukehus, skular, barnehagar, kommunar, fylkeskommunar, statlege etatar og privat næringsliv med meir.

Eit sentralt moment er å få til ei endå meir djuptgåande og gjensidig nettverksbygging mellom HVL og det arbeidslivet ein siktar seg inn mot å utdanne til. Det er dette området HVL må knyte den tunge forskinga opp mot. Ein del av dette bildet er at HVL-forsking er systematisk fagutvikling som styrker og utviklar utdanningane våre. Arbeidslivsrelevansen må kome tydeleg fram i forskingsprosjekta, og ikkje berre «brukarmedverknad», «impact» og «dissemination», men gjennomsyra både søknaden og forskingsprosjektet etterpå.

Framtidsretta utdanning

Skal HVL nå målet om å verte eit velfungerande universitet med ein profesjons- og arbeidslivsretta profil i praksis, krev det at HVL i framtida tydeleg signaliserer overfor arbeidslivet at erfaringane som HVL har utvikla, og som ikkje nødvendigvis er forskingsbaserte, har stor verdi. Utviklings- og forskingsprosjekta til HVL, med høg grad av samskaping med arbeidslivet, vil kunne bidra til å forklare og setje erfaringar frå arbeidslivet inn i større forståingsrammer for deretter å systematisk vidareutvikle desse erfaringane.

Utviklings- og forskingsprosjekta til HVL må skape ny kunnskap i samspelet mellom forskarane og kunnskapsbrukarane, slik at arbeidslivet ynskjer å ta i bruk kunnskapen vi saman forskar fram.

Ein viktig nøkkel er relasjonen og dialogen mellom HVL og arbeidslivet, og berre med god relasjon og god dialog over tid vil vi kunne bygge opp den avgjerande gjensidige avhengigheita av kvarandre. Samarbeidspartnarane våre må oppleve nytteverdi og eigarforhold. Ein anna viktig faktor er at når HVL gjennomfører etter- og vidareutdanningar, så vil vi gjennom dialogen med arbeidslivet lære – og ta denne lærdommen med tilbake til HVL og forbetre og utvikle utdanningane våre. Det same gjeld når vi har studentar i praksis. HVL må arbeide systematisk slik at praksisstudenten er ein ressurs, og slik at praksisstudenten opplever arbeidslivet som verdifullt. Dette vil kunne bidra til at HVL vidareutviklar utdanningane til å bli endå meir framtidsretta.

Dessutan: Skal HVL bli eit universitet med ein god profesjons- og arbeidslivsretta profil i praksis, treng vi ein kompetanseprofil som vert opplevd som relevant for arbeidslivet. Relevans betyr ikkje at vi berre skal forhalde oss til det som er i dagen, men vi skal også vere ein pådrivar for framtidige løysingar. Høgare utdanning skal gjere studentane til kritisk reflekterte samfunnsborgarar som ikkje berre kan gå ut og løyse oppgåver i arbeidslivet, men som også er i stand til å utvikle yrka og arbeidslivet vidare.

Delte stillingar

Dersom HVL ynskjer å ta ei spydspiss-rolle som eit moderne arbeidslivsretta universitet, krev det ein betydeleg systematikk i måten HVL byggjer opp nettverksaktiviteten mot arbeidslivet på. Korleis vi byggjer nettverka, kan bli del av spydspissaktiviteten. Det betyr at vi i HVL samhandle med arbeidslivet, utvikle samarbeidsrelasjonar på alle plan og grunnfeste ei haldning som kjem til synes i åtferda til heile organisasjonen – som gjennomsyrar måten heile organisasjonen står fram på frå topp til botn.

Det inneber blant anna at tilsette ikkje kan tru at dei er relevante for arbeidslivet berre fordi dei er frå HVL, uavhengig om HVL er universitet eller høgskule. HVL må reelt bli oppfatta som ein relevant samarbeidspartnar før HVL kan seie at utdanninga har ein arbeidslivsretta profil. Ein del av dette bildet er at tilsette jamleg er ute og utviklar kunnskapen mot profesjons- og arbeidslivet, til dømes lærarar og rektorar i skular. Ein måte å lære om arbeidslivet på (til dømes skular) er gjennom å forske. Ei anna tilnærming er å ha fleire tilsette i delte stillingar. HVL må skape gode møtearenaer med arbeidslivet, der standarden er gjensidig respekt.

På tilbodssida

På overordna plan betyr det at vi gjennom grunnutdanningane må leggje stor vekt på interaksjonen med omgivnadene våre, og vi må satse på eit livslangt læringstilbod. Det betyr samarbeid om forsking og utvikling, som òg utviklar arbeidslivet og ikkje berre er nyttig for akademia. Det betyr at vi må utvikle særs gode samhandlingsstrukturar med arbeidslivet. HVL må vere på tilbodssida overfor omgivnadene og ikkje vente på at omgivnadene skal kome med oppdrag. Å sameine ressursane til arbeidslivet og ressursane til HVL kan generere arbeidslivsretta satsingar som styrker arbeidslivsprofilen, og som er med på å byggje opp ytterlegare ressursar internt og eksternt.

Så, korleis skal vi så få til alt dette?

Dersom HVL skal lykkast med å vidareutvikle ein god profesjons- og arbeidslivsretta profil, er noko av det aller viktigaste frå min ståstad samspelet mellom 1: utdanning og forsking internt ved HVL og 2: tilsette ved HVL og menneska vi møter i arbeidslivet (inkl. «praksislivet» som barnehagar og skular).

HVL må arbeide saman for å skape eit universitet 
– der utdanning og forsking ikkje er «konkurrentar», men bør sjåast i samanheng,
– der utdanning og forsking er gjensidig avhengig av kvarandre.

Dette er store spørsmål som eg gjerne diskuterer med dei som ynskjer det.

  • Les mer: