Ho har to mastergrader, men tener under 500 000
LUKK

Ho har to mastergrader, men tener under 500 000

Av Johanne Landsverk

Publisert 13. september 2021 kl. 09:09

Mange høgt utdanna museumspedagogar må ta til takke med låg lønn. Thea Bergsagel fekk draumejobben. – Lønna gjekk litt ned, men det er verdt det.

Thea Bergsagel har to mastergrader, men tener under 500 000.

– Det gode fagmiljøet ved Museum Stavanger er ein viktig grunn til at eg var villig til å gå ned i lønn. Det seier Thea Rønning Bergsagel, som i august begynte i ny jobb som museumspedagog i avdeling for kultur, sjøfart og industri ved Museum Stavanger.

Ho hadde fast jobb ved Arkivet freds- og menneskerettighetssenter i Kristiansand.

– Men eg har alltid drøymt om å jobbe som museumspedagog her ved Museum Stavanger. Så sjølv om eg har gått litt ned i lønn, er det her eg har lyst til å vere. Eg har tidlegare hatt sommarjobbar og vikariat ved museet, og ønskte å kome tilbake hit.

Lite å skryte av

Fakta
Snittlønn for museumsstillingar
Kurator: 589 717
Konservator: 578 430
Formidlingsleiar/formidlar: 523 942
Museumspedagog/lektor: 519 190
Museumskonsulent: 472 204

Museumspedagog:
Høgare grad 516 128
Lågare grad 520 372

Kjelde: Forskerforbundet: Lønnsstatistikk for ikke-statlig sektor (NHO/Abelia, Virke, Spekter, KS, Oslo kommune, KA) Tal per 31.12 2020
Ifølgje «Lønnsstatistikk for ikke-statlig sektor», som er utarbeidd av Forskerforbundet, er ikkje lønna til museumstilsette mykje å skryte av. Trass i lang utdanning var gjennomsnittslønna for konservatorar 578 430 kroner og for kuratorar 589 717 kroner ved årsskiftet 2020/2021. Endå dårlegare stilte er formidlarar og museumspedagogar, trass i at mange av dei har like høg fagutdanning som konservatorane. Mange museumspedagogar har ei inntekt på under 509 000, medan snittlønna ligg på i overkant av 519 000 kroner, viser statistikken som er laga på bakgrunn av ei spørjeundersøking blant medlemmene i Forskerforbundet (sjå faktaboks).

Museumspedagog Thea Rønning Bergsagel driv formidling om sjøfolk i krig. Foto: Cathrine Ommundsen/MUST

Bergsagel har lang museumsfagleg utdanning.

– Eg har master i kulturminneforvaltning og i tillegg ein Master of Arts (MA) i museumsstudium frå London.

Likevel har ho i dag ei lønn på under 500 000 kroner.

Tente meir som lærar

Også Ingrid Bull-Njaa har nyleg begynt i ny jobb som museumspedagog i same avdelinga ved Museum Stavanger.

– Eg er utdanna dameskreddar, og har jobba i ni år i vidaregåande skule på vg2 yrkesfag. I tillegg har eg historie og pedagogikk i fagkretsen, fortel ho.

Bull-Njaa gler seg til å jobbe som museumspedagog.

– I skulen var eg adjunkt med opprykk, og med eit tillegg som kontaktlærar tente eg om lag 560 000. No går eg litt ned i lønn, men etter forhandlingar hamna vi på 535 000. Så det er ikkje snakk om kjempestore skilnader, seier ho.

– Kvifor valde du å søkje museumsjobb?

– Eg er snart 42 år, og skal eg bytte jobb, er det kanskje eit godt tidspunkt. Eg såg ikkje føre meg å vere i same stillinga heilt til eg blir pensjonist. Og det er ikkje til å leggje skjul på at det siste året med korona har vore ganske heftig for lærarar i skulen, seier Bull-Njaa. Ho har eitt års permisjon, men trur ikkje ho skal tilbake til skulen.

– Ein del som trekker seg

Mette Tveit er tillitsvald for Forskerforbundet ved Museum Stavanger. Ho seier utlyste stillingar som museumspedagog er svært populære.

– Det er ein god del lærarar som søkjer. Men det er også ein del som trekker seg når dei oppdagar at lønna er lågare her enn i skuleverket, seier Tveit.

– Vi som er museumstilsette, er jo ikkje nøgde med lønna, spesielt ikkje når vi bur i Stavanger og samanliknar oss med lønningane i olja. Det er framleis høg levestandard og høge bustadprisar i Stavanger.

Ifølgje Tveit er det store lønnsskilnader i museet. Dette har også samanheng med museumsreforma, då fleire ulike museum vart konsoliderte, det vil seie slått saman til éi større eining.

– Musea har hatt ulike tradisjonar når det gjeld lønn. Difor jobbar vi mot å få til ei betre samordning av lønnsforholda ved museet framover, seier ho.

  • Les også: