Øyvind Sandbakk: Anbefaler bok skriven av sportsjournalist
LUKK

Øyvind Sandbakk: Anbefaler bok skriven av sportsjournalist

Av Julia Loge

Publisert 3. juli 2019 kl. 12:39

Ifølge forlaget avslørar denne boka korleis ein kan hente ut det ekstra potensialet i oss alle.

Sommaren gir mange tid til å lese utanfor sitt eige fagfelt, derfor har Forskerforum spurt utvalde forskarar om deira anbefalingar.

Toppidrettsforskar Øyvind Sandbakk frå Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU meiner fleire kan ha glede av å forstå prosessen bak ein god prestasjon.

Om du skal anbefale ei bok frå ditt fag, kva for ei er det?

– Eg anbefaler boka Endure: Mind, Body, and the Curiously Elastic Limits of Human Performance av Alex Hutchinson. Ho gir eit holistisk perspektiv på mennesket si øvste grense for fysisk yteevne, og baserer seg på djup forståing for forskingsfeltet, samtidig som forfattaren har ei innsikt i beste praksis som driv kunnskapsfeltet vidare og genererer nye hypotesar. Samtidig er boka lettlesen og godt skrive.

Kva skal du lese i sommar?

– Sommaren er ei flott tid for å lese bøker. Som kveldslektyre har eg planar om å lese Kniv av Jo Nesbø. Eg har lese alle dei tidlegare bøkene om Harry Hole, så det har nesten blitt ein tradisjon å følgje han i sommarferien. Eg har i tillegg planar om å lese Idrettsgenet: vitenskapen bak store idrettsprestasjoner av David Epstein, og bøkene The Talent Code og The Culture Code av Daniel Coyle. I tillegg har eg skrive ut ein liten bunke med forskingsartiklar som eg ikkje har fått tid til å lese i løpet av arbeidsåret. Eg synes det er fint å bruke sommaren på å oppdatere meg fagleg, og er så heldig at eg har hobbyen min som jobb.

Kva for ei bok skulle du ønskje at nokon skreiv?

– Eg er usikker på om det reknast som bok, men eg ønskjer meg ei stortingsmelding som verkeleg tar fysisk aktivitet og idrettens rolle i samfunnet på alvor; der skulen får mandat til å ta eit ansvar for fysisk fostring langt utover det han gjer i dag, og i samspel med idretten får rammetilhøve for å sikre betre fysisk form og helse for framtidige generasjonar.

Kan du anbefale ein film/serie/dokumentar eller podkast som gir innsikt i ditt fagområde?

Eg synes personleg at serien Vitenskapen bak medaljen som gjekk på NRK var bra, men er også litt inhabil i anbefalinga sidan eg var sterkt involvert i dette prosjektet.

  • Les meir: