Tilsette kritiske til Norce-sjefens pensjonsordning
LUKK

Tilsette kritiske til Norce-sjefens pensjonsordning

Av Julia Loge

Publisert 9. oktober 2019 kl. 10:42

Minst 60 tilsette fekk redusert pensjon då forskingsselskapet Norce vart skipa i fjor. Direktørens eksklusive tilleggsavtale fekk dei ikkje vite om.

Administrerande direktør Elisabeth Maråk Støle har ein tilleggsavtale som sikrar henne ein betydeleg pensjon utover det andre tilsette i selskapet får, skriv Khrono.

I utgangspunktet er direktøren omfatta av den same kollektive pensjonsavtalen som gjeld for heile selskapet. Men medan den innskotsbaserte pensjonsavtalen vart gjort gjeldande for dei tilsette, vedtok styret i selskapet ein særskild avtale for direktøren:

Ho kan, i tillegg til den vanlege pensjonen, oppnå 66 prosent av løna ho har også over grensa på 12 G som gjeld i den generelle avtalen. 12 G svarar i dag til ca. 1,2 millionar kroner. Maråk Støle har ei årsløn på kring 2 millionar. Dermed har ho eit pensjonsgrunnlag på rundt 800 000 over grensa for dei andre tilsette i selskapet, slik avtalen står i dag, ifølge Khrono.

Åtte fagforeiningar ved Norce har i eit felles brev til styret i Norce stilt seg kritiske til direktørens «ytelseslignende pensjonsavtale» som inneber «en pensjonsinnbetaling som er 6 ganger så høy som gjennomsnittlig pensjonsinnbetaling i NORCE».

Gisle Andersen, leiar i Forskerforbundets lokallag, peikar på at dei tilsette ikkje hadde forhandlingrett når pensjonsavtalane blei endra i fjor, kronargumentet frå leiinga i selskapet var då at «alle var i same båt».

I svarbrevet til fagforeiningane, signert finansdirektør Henrik Solberg-Johansen, står det at «Avtale om tilleggspensjon til administrerende direktør ble fremforhandlet som en del av ansettelsesvilkårene ved hennes ansettelse».

Styreleiar i Norce, Hans Olav Lindal, seier administrerande direktør slett ikkje har fått nokon eksklusiv pensjonsavtale og at detaljane skal spikrast på eit styremøte i oktober.

— Ho har fått ein avtale på det tidspunktet ho blei tilsett, på linje med det som er vanleg i marknaden, seier han til Khrono.

  • Les meir: