Vil ikkje bli høgskole
LUKK

Vil ikkje bli høgskole

Av Johanne Landsverk

Publisert 29. november 2011 kl. 09:23

Høgskolen i Lillehammer vil berre fusjonere for å bli universitet. Framtida for Universitetet i Innlandet er uviss.

vil-ikkje-bli-h-gskole


– Det vi ønskjer, er å heve statusen frå høgskole til universitet, seier rektor Bente Ohnstad ved Høgskolen i Lillehammer. (Foto: Kristi Hovde)

Fakta
<

 

– Vi har aldri tenkt oss éin samanslått høgskole som endeleg resultat. Det vi ønskjer, er å heve statusen frå høgskole til universitet. Men før vi kan sende søknad om å bli universitet, må vi slå dei tre høgskolane saman, seier rektor Bente Ohnstad ved Høgskolen i Lillehammer.

Høgskolen har, saman med Høgskolen i Gjøvik og Høgskolen i Hedmark, gått med universitetsplanar i årevis. No er planen at dei tre slår seg saman, men spørsmålet er om den nye eininga nokon gong kan kalle seg Universitetet i Innlandet. Minstekravet for å bli universitet er at institusjonen har fire godkjende doktorgradsutdanningar.

– Vi sender ikkje søknad om fusjon før vi er i mål med fire doktorgradsprogram, det er alle einige om, seier Ohnstad.

– Klare signal frå statsråden

Nyleg vart krava til doktorgradsutdanningane skjerpa, mellom anna må institusjonen no vise til eit doktorgradsmiljø med minst 15 studentar over tid, og det blir også stilt strengare krav på andre område.

Ohnstad vedgår at det er krevjande å oppfylle krava i forskrifta.

– Per i dag har vi tre godkjende doktorgradsutdanningar, og to er inne til vurdering i Nokut. Men vi har ein del utfordringar, og dette kan føre til at vi må bruke lengre tid.

– Så de kan ende opp som ein stor høgskole?

– Nei, vi har fått såpass klare signal frå statsråden og Kunnskapsdepartementet at om vi innfrir kvalifikasjonskrava, blir vi universitet. Alt statsråd Tora Aasland har sagt om dette i media, tyder på at ho støttar universitetet.

– Men risikoen for å ende opp som høgskole er med i vurderinga?

– Avtalen legg til grunn at vi skal bli universitet, så går det for lang tid før vi kan nå målet, måtte vi revurdere om vi skal fusjonere, seier ho.

Mykje pengar og prestisje  

Hans Engenes, lokal tillitsvald i Forskerforbundet ved Høgskolen i Gjøvik, trur redsla for å bli fusjonert utan å oppnå status som universitet nok er størst i Lillehammer.

– Ved Høgskolen i Gjøvik er det svært ulike fagmiljø, og innan nokre fagfelt er dei tilsette veldig opptekne av universitetsstatusen. Men ein del er også skeptiske. Denne prosessen har vart i elleve år og har kravd store ressursar, og mange lurer på om det har vore verdt innsatsen, seier Hans Engenes.

Han fortel at det blant fagpersonalet er lite bekymring for fusjon.

– Vi har vorte lova at ingen studietilbod skal flyttast. Men for dei som jobbar i administrasjonen og i leiande stillingar, kan det bli snakk om store omstillingar.

Frank Jarle Bruun, hovudtillitsvald i Forskerforbundet ved Høgskolen i Lillehammer, seier det er investert store midlar frå næringslivet og svært mykje prestisje i prosjektet.

– Difor trur eg både leiinga og dei tilsette ved høgskolen ønskjer å få dette på plass, seier Bruun.

– Men kva om de fusjonerer, men ikkje blir godkjende som universitet?

– Etter planen skal vi ikkje fusjonere før vi ser at det er ei reell moglegheit til å bli universitet. Ei anna sak er om det er mogleg å trekke seg ut av fusjonen om vi ikkje får godkjend universitetssøknaden. Eg trur ikkje leiinga har så lyst til å snakke om akkurat dette, fordi det kan verke negativt for forhandlingane.

Vi brukar svært mykje tid utan at vi har særleg mykje påverknad på prosessen.

Har liten påverknad

Bruun fortel at dei fleste tilsette ikkje lenger greier å engasjere seg så sterkt i saka.

– Vi brukar svært mykje tid utan at vi har særleg mykje påverknad på prosessen.

Men dei tillitsvalde er involverte i drøftingane.

– Som fagforeiningar har Forskerforbundet og NTL ved alle tre høgskolane vore opptekne av å ta vare på den demokratiske profilen, og vi ønskjer at den nye institusjonen skal ha vald rektor. Men dette går på tvers av det administrasjonen her i Lillehammer meiner, seier Bruun.

Ulf Christensen, styreleiar for Prosjekt Innlandsuniversitetet, presiserer at målet om å bli universitet står ved lag.

– Vi jobbar intenst med å finne fram til ei heilskapleg løysing på institutt- og fakultetsstruktur, rektorat og administrasjon i den nye institusjonen. Alt dette må løysast samtidig. Mest sannsynleg kjem saka opp i dei tre høgskolestyra i slutten av februar 2012, seier Christensen.