– Ingen gullkanta pensjon ved musea
LUKK

- Ingen gullkanta pensjon ved musea

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. desember 2015 kl. 13:16

- Det er provoserande at lønn og pensjon blir omtala som eit problem, seier Thomas Walle ved Norsk Folkemuseum.

--ingen-gullkanta-pensjon-ved-musea


– Det er problematisk å kalle pensjonen vår gullkanta, meiner Thomas Walle. Foto: Haakon Harriss/Norsk Folkemuseum

Fakta
<

– Vi museumstilsette tener som oftast mindre enn andre i privat sektor som det er naturleg samanlikne oss med, og eg ser pensjonsordninga som ein integrert del av lønnsvilkåra, seier førstekonservator Thomas Walle ved Norsk Folkemuseum. Han har pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse. Walle reagerer på saka i Forskerforum nr. 9, der museumsdirektøren ved Østfoldmuseene uttalte at offentleg pensjon er gull verd for dei tilsette, men for dyr for musea.

– Når Forskerforum kallar offentleg pensjon for «gullkanta», tenker eg på fallskjermar og opsjonsavtalar i næringslivet. Vi har ein heilt vanleg pensjon, og ein kan ikkje endre pensjonsordninga og samtidig halde lønna på det same låge nivået.

I år fekk vi ein auke i tilskottet på om lag to millionar kroner, medan lønns- og personalkostnadene våre aukar med fire millionar.

Menneske som utgiftspost

Walle meiner retorikken dei siste åra har endra seg, og at musea i større grad snakkar om lønns- og pensjonskostnader som eit problem og ein utgiftspost for museumsøkonomien.

– Denne måten å snakke på om den viktigaste ressursen musea har, nemleg menneska som jobbar der, er problematisk, meiner han.

Administrasjonssjef Geir Stensrød ved Norsk Folkemuseum seier musea ikkje får full kompensasjon frå staten for lønns- og prisstigninga.

– Det er nok ein av grunnane til at tilsette høyrer meir om at lønns- og personalutgiftene er eit problem, seier Stensrød.

– I år fekk vi ein auke i tilskottet på om lag to millionar kroner, medan lønns- og personalkostnadene våre aukar med fire millionar. Det seier seg sjølv at dette blir utfordrande.

Auke i pensjonskostnader

Generalsekretær Liv Ramskjær i Norges museumsforbund fortel at mange museum opplever at dei har lite midlar til drift.

– Stadig fleire museum kjem inn under reglane for balanseføring av framtidige pensjonsplikter, og mange har hatt stor auke i dei årlege pensjonskostnadene. Det låge rentenivået i Noreg har bidrege til dette saman med lønnsauke. Eg veit om museum som lurer på om dei har råd til å lyse ut ledige stillingar eller tilsette ny kompetanse dei sårt treng, seier Ramskjær.

Den store auken i pensjonskostnader gjeld ikkje berre musea, men også andre delar av kultursektoren som orkester, teater og Den Norske Opera & Ballett.

Sjå òg innlegg side frå sjeføkonom Erik Orskaug i Unio om museum og pensjon.