Frå boksamling til møteplass
LUKK

Frå boksamling til møteplass

Av Kjerstin Gjengedal og Erik Norrud (foto)

Publisert 11. juni 2014 kl. 07:37

Litteraturen er digitalisert, og fagbiblioteka blir fødde på ny som læringssentrum.

fr--boksamling-til-m-teplass


Kvar veke tilbyr Realfagsbiblioteket ulike arrangement for dei som treng eit avbrekk frå studiane. I dag er Abelprisen tema.

fr--boksamling-til-m-teplass


– Eit biljardbord er godt eigna til å illustrere matematikkforskinga til årets abelprisvinnar, fortel Arne B. Sletsjøe.

fr--boksamling-til-m-teplass


– Ved Realfagsbiblioteket ser vi på oss sjølve som vertskap, ikkje overformyndarar, seier Live Rasmussen.

fr--boksamling-til-m-teplass


Framleis finst det stille krokar på Realfagsbiblioteket.

Fakta
<

Ein torsdag midt i mai, klokka er tre om ettermiddagen. Det kan ein sjå på køen av studentar og tilsette som tek til å danne seg framfor bordet med kaffi og marsipankake i lobbyen i Vilhelm Bjerknes’ hus på Blindern. Inst i lokalet er det rigga til ei scene med pynteballongar og skjerm for PowerPoint-framvising. Om eit kvarter blir det foredrag om arbeidet til årets abelprisvinnar, den russiske matematikaren Yakov G. Sinai. Velkomen til Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo.

[wip4: photo=708826 width=512 align=middle]

– Eg får av og til spørsmål frå biblioteket om eg kan halde foredrag, seier dagens talar, førsteamanuensis Arne B. Sletsjøe, innimellom munnfullar med kake.

– Biblioteket vårt har god oversikt over kva som rører seg fagleg, så førespurnadane brukar å passe godt inn i dei tinga eg jobbar med til dagleg.

Dei siste vekene har Realfagsbiblioteket vore vertskap for science fiction-festivalen Norcon 27, for ei reisande buss-utstilling om romsonden Rosetta, for ei heildagsfeiring av realfagskvinner, og for eit foredrag med matematikk-forfattaren Simon Singh – det siste etter ei bøn frå ein av biblioteket sine twitter-følgjarar. Kvar fredag sender NRK-programmet Ekko direkte frå Realfagsbiblioteket. Biblioteket er ikkje lenger ei stille sone.

Kvifor bibliotek?

Treng vi eigentleg universitetsbiblioteka? spurde professor Kai A. Olsen ved Høgskolen i Molde i eit lesarinnlegg i Aftenposten for halvtanna års tid sidan. Konklusjonen hans var at biblioteka ville gå same vegen som platebutikkane. Å søke etter informasjon i elektroniske kjelder må ein forvente at akademikarar greier sjølve. I staden for å løne bibliotekarar bør ein bruke pengane på å inngå rabattavtalar med forlaga.

Han var neppe åleine om synspunkta. For når alt lesestoffet finst digitalt, kva skal ein då med det fysiske biblioteket?

Det gjeld å snakke forskinga ut av hyllene.

Stikkordet er «læringssenter». Denne torsdagen kryr det av studentar på Realfagsbiblioteket. Som det gjer kvar dag. Nokre kjem for å lese åleine, andre for å bruke tunge dataprogram som deira eigne berbare datamaskiner ikkje kan handtere. Ei gruppe masterstudentar i farmasi har lagt beslag på eitt av grupperomma.

– Vi gjer ei gruppeoppgåve om utvikling av eit nytt legemiddel. Vi har skrive kvar for oss, men no skal teksten setjast saman, og då må vi ha tilgang til ein stor skjerm slik at alle kan sjå. Det finn vi på Realfagsbiblioteket, forklarer Alena Hadzic.


Legg til rette for læring

Realfagsbiblioteket opna våren 2012, etter at åtte instituttbibliotek var slått saman og 60-talskolossen Vilhelm Bjerknes’ hus var bygd om til det ukjennelege. Dei tilsette var på studieturar til Europa og USA for å lære korleis moderne fagbibliotek legg til rette for læring. Ingen veit betre enn dei bibliotektilsette at biblioteket sin funksjon som vaktarar av fysiske bøker er eit tilbakelagt stadium. No er det andre funksjonar som skal fyllast.

[wip4: photo=708832 width=512 align=middle]

– Studentane er blitt utruleg dyrebare for oss. Før var det dei studentane som framleis var att etter tre års ørkenvandring på lesesalane, som hadde gjort seg fortente til merksemd frå biblioteket. Med kvalitetsreforma vart den tankegangen snudd på hovudet. No treng studentane tilgang til fleire tenester tidlegare i studiet enn dei gjorde før reforma. Og vi har lært meir om korleis ulike brukarar søker etter informasjon, og kva som gjer at dei finn eller ikkje finn det. For 20 år sidan ville universitetsbiblioteka aldri ha nedverdiga seg til å kjøpe inn populærvitskapleg litteratur eller filmar. No gjer vi ikkje berre det, vi prøver også å samarbeide med studentforeiningar, og vi gjev studentane kontakt med gode forelesarar. Det gjeld å snakke forskinga ut av hyllene, seier overbibliotekar Live Rasmussen.

Ho er viss på at biblioteket har medverka til den hardt tiltrengte rekrutteringsauken til realfag, fordi realfagsstudentane endeleg har fått ein heim.


Formidling er også forsking

Vel og bra. Men kva med forskarane? Har dei nytte av biblioteka lenger?

– Eg leiter ikkje etter kjelder på biblioteket på same måten som før, nei. No er jo alt elektronisk, seier Arne B. Sletsjøe. Han får hengt på seg ein mikrofon medan arrangementsansvarleg Live Håndlykke Kvale spør om det er i orden at dei filmar. Biblioteket treng trening i å filme.

Korleis skal vi gjere det digitale tilbodet synleg når ein ikkje lenger kan gå og kike i hyllene?

Ho vedgår at arrangementa er ein stor jobb, med all den praktiske organiseringa og PR-verksemda det medfører.

– Men formidling er ein del av forskingsproduksjonen. Den munnlege debatten er ei forlenging av forskinga, og mandatet vårt som bibliotek er mykje breiare enn berre å vere ei boksamling, seier ho.

Sletsjøe er samd i at arrangementa er ein viktig del av verksemda til biblioteket.

– Eg kjem hit ofte for å høyre foredrag sjølv. Det finst ikkje liknande fellesarenaer på fakultetet.

Usynlege bibliotek

Bibliotekdirektøren ved UiO, Bente R. Andreassen, peikar på at sjølv om nesten all ny forskingslitteratur er elektronisk, er ikkje litteraturen nødvendigvis lettare å finne fram til.

– Det fysiske biblioteket er interessant nok blitt viktigare enn nokon gong, fordi ein finn alle dei fysiske fasilitetane ein treng i ein læringsprosess. I tillegg har vi det digitale biblioteket med alle informasjonsressursane. Den store utfordringa er korleis vi skal gjere det digitale tilbodet synleg når ein ikkje lenger kan gå og kike i hyllene, seier ho.

Alle dei bibliotektilsette vi snakkar med, er samde om at mange av tenestene biblioteket tilbyr, i røynda er usynlege for brukarane. Biblioteka skal følgje med på dei ulike fagområda og helst skaffe viktig litteratur før forskarane oppdagar at det trengst. Dei skal inngå avtalar med forlaga og gjere litteraturen tilgjengeleg gjennom å rydde opp i mangelfulle metadata og emneord. Samlingane er mindre oversiktlege enn før, ein er prisgjeven pakkeløysingane forlaga tilbyr, og det er vanskelegare å skaffe statistikk over kva som blir lese. Dei vitskapleg tilsette er storforbrukarar av elektronisk litteratur, men fordi dei sit på sitt eige kontor og les, veit dei ofte ikkje at tilgangen kjem via universitetsbiblioteket. Stadig vekk skjer det at entusiastiske forskarar legg ut lenker til nye artiklar på nettet og gløymer at ingen utanfor institusjonen kan lese artikkelen.

Ph.d.-hjelp

– Etablerte forskarar har gode rutinar på å bruke elektroniske tidsskrift. Så varierer det litt kor mykje dei kan om elektronisk arbeidsflyt, som å flytte dokument mellom ulike einingar, notere, sitere og dele. Før sat biblioteket på fasiten når det galdt søking og sitering. No kan vi ikkje lenger seie at vi veit kva som er rett, men vi prøver å overvake teknologien slik at vi kan foreslå gode verktøy og hjelpe med utprøving. Vi ser at nyetablerte og tverrfaglege forskargrupper ofte treng råd, fordi forskarane må endre rutinar og finne fram til nye kjelder, fortel Live Rasmussen.

[wip4: photo=708825 width=512 align=middle]

I det siste har biblioteka retta merksemda mot dei forskarane som har minst forskingsrøynsle: ph.d.-kandidatane. I fjor lanserte fire norske utdanningsinstitusjonar, i lag med danske Aalborg Universitet, nettstaden phdontrack.net. Nettstaden skal hjelpe ph.d.-kandidatane med dei utanomfaglege utfordringane dei møter i forskinga si. Dei tre modulane tek for seg slikt som effektive måtar å kartleggje forskingslitteratur på, val av siteringsstil, vitskapleg publisering med tilhøyrande informasjon om opphavsrett og open tilgang, og evaluering av publiseringskanalar.


Finn boka med telefonen

I arbeidet med å synleggjere tenestene har universitetsbiblioteket ved UiO alliert seg med informatikkstudentar for å utvikle nye tenester med utgangspunkt i brukarane sine behov. Studentane har utført spørjeundersøkingar og brukt dei som grunnlag for innovasjon.

– Digitaliseringa av biblioteka er litt komplisert fordi praksisen med utlån av bøker er så gammal og etablert. Det er ofte vanskeleg for folk å forstå dei nye tenestene, så vi prøver å finne måtar å visualisere dei på, seier Andrea A. Gasparini. Han er senioringeniør ved biblioteket og tek no doktorgraden på innovasjonsprosessar ved biblioteket.

Studentane har utvikla mobil-applikasjonar som hjelper deg å søke etter litteratur, finne boka i bokhylla, og å booke grupperom. No jobbar dei med å bruke rørslesensorar og radiobrikker til å navigere i virtuelle boksamlingar. Gasparini peikar på at for å få utbyte av desse innovasjonsprosessane må heile bibliotekorganisasjonen sjå rolla si i eit nytt lys.

– 85 prosent av biblioteket sine midlar går til å kjøpe inn elektroniske ressursar. Då må vi sikre at rett informasjon kjem fram til den rette brukaren. Det er ikkje så lett å gje personleg rettleiing til ein person som sit åleine med telefonen sin. Og dersom forskarane våre ikkje har tilgang til den siste litteraturen, kan det gje negative effektar for universitetet, seier han.


Biblioteket som forleggjar

På Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) sit spesialbibliotekar Trude Eikebrokk og fortel om ei anna ny bibliotekoppgåve: vitskapleg publisering.

– Det starta med krav om open tilgang til forsking. Så kom dei opne institusjonsarkiva. Då var det kort veg til eigne opne tidsskrift, seier ho.

HiOA fekk førespurnad frå tre tidsskrift som var redigerte av forskarar ved institusjonen, om dei kunne hjelpe til med å skaffe ei plattform for open digital publisering.

– Det er jo ein glitrande bibliotekjobb, for vi veit alt om korleis ein pdf skal sjå ut, kva ein Digital Object Identifier er, korleis skaffe eit internasjonalt serienummer, kva for databasar tidsskriftet bør inn i, og korleis få det inn på rett nivå i teljekantsystemet, seier Eikebrokk.

Du skal ikkje bli hindra i å studere fordi du har gløymt pensumboka heime.

Tidsskriftproduksjonen gjev dei vitskapleg tilsette ein heilt annan kontakt med biblioteket enn før. Dei kjem med alle slags spørsmål, og biblioteket tilbyr eit forum der dei kan utveksle erfaringar om redaksjonelt arbeid. Det faktum at biblioteket no sit med forlagskompetanse, gjer terskelen lågare for å starte eit tidsskrift. For mange fag er eit eige tidsskrift det som først og fremst konstituerer faget.

– No har vi sju tidsskrift som er publiserte på same opne plattform. Vi er også til hjelp når tidsskrifta skal søke støtte frå Forskingsrådet, for då må dei leggje fram statistikk og informasjon om kva type lisens dei har. Det har dei ofte ikkje oversikt over sjølve, fortel ho.


Heim for studentar

Temaet open tilgang til forsking har også ført til andre nye oppgåver for biblioteka. Å undersøke om ein forskingsartikkel kan publiserast i det opne institusjonsarkivet, er ein massiv jobb, fortel HiOA-bibliotekaren. Det krev avansert kompetanse som ein ikkje kan forlange at andre enn biblioteket skal ha.

– Forlaga endrar stadig på reglane sine, så det er viktig å halde seg oppdatert. Det å utveksle informasjon om delerettar er noko norske institusjonar har vore litt svake på, tykkjer eg, seier Eikebrokk.

[wip4: photo=708831 width=512 align=middle]

I Realfagsbiblioteket er Arne B. Sletsjøe i gang med å snakke om matematikken bak årets Abelpris. Det er tomt for kake. Oppover i etasjane sit det studentar og jobbar, eller dei tek ein pause i sofaen, eller kikar litt i den omfattande science fiction-samlinga. Frå RF-kjellaren strøymer det lukt av vaflar.

Publikumsleiar Brit Heidi Rustad forklarer poenget med all kosen:

– Vi vil jo at studentane skal bruke meir av tida si på å studere. Då må vi leggje til rette for at dei kan vere på huset lenge. Difor har vi innreia biblioteket slik at dei kan leve her, ta pausar, sove, spele dataspel og ete – i tillegg til å låne laderar, iPad-ar og pensumlitteratur. Du skal ikkje bli hindra i å studere fordi du har gløymt pensumboka heime. Det er ikkje nok å seie at dei skal lære, vi må leggje til rette for det òg.