Kløktig om korrupsjon
LUKK

BOKMELDING

Kløktig om korrupsjon

Av Lars Nyre

Publisert 10. januar 2014 kl. 09:23

Ei kunnskapsrik bok om korrupsjon, som gjorde meg glad for at eg lever i Noreg.

kl-ktig-om-korrupsjon

Nokre tema er ibuande viktige, og korrupsjon er eitt av dei. No har det kome ein grundig introduksjon til temaet, skriven av Tina Søreide. Ho er samfunnsøkonom ved Universitetet i Bergen, og har arbeidd med korrupsjon som forskar, konsulent og rådgjevar. Den internasjonale erfaringa hennar kjem godt til uttrykk i denne boka, blant anna ved at ho har eit skarpt blikk på korleis økonomien i Noreg fungerer.

Kva er korrupsjon? I ei fortetta setning skriv Søreide: «Korrupsjon handler om misbruk av posisjon og myndighet for personlig berikelse, bestikkelser for å oppnå noe man formelt sett ikke har krav på å få, eller utpressing for å la noen få noe de formelt sett ikke har krav på eller for å unngå ulempe.»

Ho følgjer denne oppdelinga utover i boka, og diskuterer seg gjennom ei rekkje av dei økonomiske aktivitetane som er involverte. Blant anna tek ho for seg norsk og internasjonalt lovverk, sedvane i administrasjon og bokhalderi, og vilkåra for norsk næringsliv i utlandet. Ho forklarer mange av dei handlingane folk gjer når dei er korrupte, til dømes korleis ein får pengar til å forsvinna, eller skifta eigar utan spor.

Korrupsjon er ikkje noko som berre finst andre stader.

Søreide vert nesten litt for mykje av ein økonom i nokre av kapitla. Ho set opp ei rekkje matematiske likningar som viser prognosar for tap og gevinst med og utan korrupsjon. Lesaren må nesten vera økonom sjølv for å henga med i svingane. Som god forskar påpeikar Søreide at sjølv om korrupsjon kan målast, så er det vanskeleg å få tak i fakta, og hovudsakleg måler ein ulike folkegruppers oppfatningar av korrupsjon.

Søreide bringer korrupsjonen ubehageleg tett på vår eigen kultur og kvardag. Dette er jo ikkje noko som berre finst andre stader. Søreide minner oss om vassverkssjefen på Nedre Romerike som tappa offentlege selskap for 70 millionar. Dette gjekk føre seg i lang tid utan at nokon greip inn, og det tyda på at det var ein ukultur i dette lokalsamfunnet. Analysane hennar frå norsk politikk og næringsliv er til dels ubehageleg lesnad.

Men likevel må me hugsa at Noreg ligg på sjuande plass på lista over dei minst korrupte landa i verda, slått av land som Danmark og Singapore, men langt framfor blant anna USA og Storbritannia. Dette forklarar Søreide grundig. Noreg er eit egalitært samfunn der folk har høg tillit til andre personar og institusjonar. Ikkje berre gjer dette det i seg sjølv mindre akseptabelt å driva med korrupsjon, det vert også billigare enn dersom samfunnet var korrupt. Korrupsjonsbaserte økonomiar har nemleg høgare transaksjonskostnader enn tillitsbaserte økonomiar. Alt i alt kjem det fram at Noreg er godt rusta mot å utvikla ein korrupsjonskultur i framtida.

Sjølv om det var lærerikt å lesa Korrupsjon, så var det ikkje særleg kjekt. Boka er veldig formell i stilen, med ei rekkje systematiske oversikter og statistikkar som etter kvart gjev meg kjensla av å lesa i eit oppslagsverk. Det er typisk for fagbøker at forfattaren forsvinn i flinkheita og presisjonen, men då mistar boka også litt nerve. Når forfattaren ikkje dreg opp dei lange linjene, må lesaren jobba desto hardare, men i dette tilfellet er det heldigvis verdt strevet.