Løft for samfunnet
LUKK

Løft for samfunnet

Av Kjerstin Gjengedal og Erik Norrud (foto)

Publisert 6. april 2016 kl. 06:00

Forskarane skal løyse dei store samfunnsutfordringane, som eldrebølgja. Då trengst ein annan forskingspolitikk.

Då Produktivitetskommisjonen la fram rapporten sin om overgangen til kunnskapsøkonomien i februar, var beskjeden tydeleg: Vegen til produktivitet og konkurransekraft går gjennom forsking. Dessverre er norske forskingsmiljø for opptekne med å løyse samfunnsproblem på oppdrag frå departementa, og for lite opptekne av å klatre på siteringsindeksane, meinte kommisjonen. Dei tilrådde å avvikle sektorprinsippet, satse på toppforskarane og tone ned tematisk og politisk styrt forsking til fordel for den frie grunnforskinga som ikkje er underlagd andre krav enn høg vitskapleg kvalitet.

Berre eit par veker etterpå inviterte Forskingsrådet til konferanse om dei såkalla «store samfunnsutfordringane», eit omgrep som har funne vegen inn i stadig fleire forskingspolitiske dokument dei siste åra. Også her skal forskarane trå til, ikkje for å auke den nasjonale konkurransekrafta, men for å løyse dei store og kompliserte oppgåvene det internasjonale samfunnet må møte i fellesskap, dei som krev samarbeid og ikkje konkurranse, inkludering og ikkje spissing.

Ein kan bli forvirra av mindre.

Etterspør uventa kunnskap

– Framifrå forsking blir ofte definert ved hjelp av mekanistiske måtar å måle vitskap på. I Nederland gjer mange institusjonar det svært godt på siteringsmål, men det kjem av at dei tilpassar seg presset for å publisere. Ein kan spørje om det eigentleg har så stor verdi, eller om ein burde ha eit vidare syn på vitskap, som noko kreativt, noko som gjev uventa kunnskap, seier Stefan Kuhlmann.

Han er professor i «Foundations of Science, Technology and Society» ved Universiteit Twente i Nederland, og er i Oslo som innleiar på Forskingsrådets konferanse. Der tok han til orde for at styresmaktene slett ikkje skal overlate forskinga til forskarane, men tvert imot bli meir aktive i forskingspolitikken – ikkje ved å detaljstyre, men ved å leggje til rette for nye møte mellom forskarar og andre samfunnsaktørar, og førebu seg på framtidas behov ved hjelp av strukturert debatt om moglege komplekse framtider. Alt for å løyse dei store utfordringane.

Klima kom først

Dei store samfunnsutfordringane har gradvis blitt tema i forskingspolitikken, delvis med røter tilbake til den folkelege motstanden mot bioteknologi i nittiåra, då mange reagerte på at forskinga såg ut til å drive på for seg sjølv, isolert frå samfunnet.

– Men det var nok klimasaka som verkeleg sette det i gang, seier spesialrådgjevar i Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og redaktør for fagbladet Forskningspolitikk, Egil Kallerud.

For eit par år sidan gjekk han, i lag med fleire europeiske kollegaer, gjennom ei mengd forskingspolitiske dokument for å kartleggje korleis omgrepet «store samfunnsutfordringar» har vakse fram, og kva som eigentleg ligg i det.

– I klimaspørsmålet vart det klart at samfunnet må sette retninga, til dømes når det gjeld å utvikle nye energikjelder. Etter kvart har ein hekta andre spørsmål på omgrepet «store samfunnsutfordringar», som spørsmål om demografiske endringar, helse og mattryggleik. Omgrepet representerer heilt klart eit brot med nyliberalismen og trua på at marknaden skal løyse alle problem, sjølv om marknadstankegangen på ingen måte har forsvunne, seier han.

Rom for eksperimentering

I europeisk forsking vart omgrepet «Grand Challenges» for alvor teke i bruk då EU starta forarbeidet til det nye rammeprogrammet for forsking, som vart til Horisont 2020. I Noreg kom det inn i forma «globale utfordringar» i forskingsmeldinga «Klima for forsking» som kom i 2009.

Ei stor samfunnsutfordring kan ikkje løysast berre ved å putte pengar på eit forskingsmiljø og få ut ny teknologi i andre enden. Store samfunnsutfordringar er transnasjonale, uoversiktlege, har innebygde motesetnader i seg, og endrar seg etter kvart som ein prøver å løyse dei. Det gjer, ifølgje dei som har greie på det, at ein treng å involvere flest mogleg aktørar, og ein treng rom for kreativitet og eksperimentering, å prøve ut ting som kanskje ikkje fungerer, og tillate systemet å endre seg i prosessen.

Korleis skal ein forskar handtere alle desse forventingane?

Forsking nær livet

– Å forske for å løyse samfunnsutfordringar må i alle fall bety at forskinga må kome i bruk, seier professor Astrid Bergland ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA). Ho leier forskingsgruppa Aldring, helse og velferd, eit område som stadig blir brukt som døme på ei stor samfunnsutfordring.

– Normalt er det eit stort gap mellom forskingsresultat og bruk. Det er eit stort omsettingsarbeid som må gjerast.

Gruppa hennar forskar på praksisnære tema som skadeførebygging hos eldre, fysisk funksjon og ernæring, og målings- og kartleggingsinstrument, men også på aldring i lys av sosioøkonomisk status og etnisitet, for å nemne nokre. Eit stikkord er såkalla translasjonsforsking, altså nettopp det å byggje bru mellom klinisk forsking og praksis.

– Det ligg mykje prestisje i kliniske randomiserte studiar, som vi også gjer mange av. Implementeringsstudiar, der ein har brukarane med frå starten av og tilpassar tiltaket ein vil studere, etter dei tilbakemeldingane ein får undervegs, gjev ikkje den same vitskaplege prestisjen. Men å finne beste praksis medfører jo at ein må ta utgangspunkt i det som allereie blir gjort. Ein kan ikkje berre bruke resultata frå vitskaplege publikasjonar direkte. Ein må til dømes ta omsyn til lokale tilhøve, pasientar og etablert praksis. Det er ikkje ein lineær prosess, men ein sirkulær, fortel Bergland.

Passar ikkje inn

Forskingsgruppa gjer mykje av det Stefan Kuhlmann etterlyser: Dei inviterer politikarar, helsearbeidarar og brukargrupper til konferansar, dei nyttar sosiale og tradisjonelle media til å få ut forskinga, dei sit i ekspertutval, og dei har mykje kontakt med sivilsamfunnet omkring. Dermed oppdagar dei også korleis mykje av denne aktiviteten ikkje nødvendigvis passar inn i måten forskinga i dag er organisert på.

– Av og til har vi forskarinformantar som også er medforfattarar på artiklane. Eller vi har med representantar for pasientgrupper gjennom heile forskingsprosessen. Det medfører ein del problem, ein forstår ikkje alltid vitskapen på same måte, fortel Bergland.

Å sette i gang forskingsprosjekt med høg risiko er også lettare sagt enn gjort. Stipendiatane skal helst ha noko å vise for seg når dei er ferdige med den nokså knappe stipendperioden. Berre det å skulle organisere alt det praktiske, rekruttere deltakarar til studien og koordinere aktivitetar, kan opplevast meir enn risikofylt nok. Finn ein så ikkje noko klart resultat, står ein der.

– Dessverre er det vanskeleg å publisere negative resultat, sjølv om dei også er viktige. Då er det fare for at prosjektet dreg ut. Vi løyser det ofte med at stipendiatane forskar halve tida og er i jobb halve tida, sjølv om det ikkje er populært fordi systemet legg opp til treårige stipendperiodar, seier Bergland.

Forskingsrådet som «endringsagent»

Som førebuing til Forskingsrådets konferanse om store samfunnsutfordringar laga Stefan Kuhlmann og kollegaen Arie Rip ein kort rapport om kva rolle Forskingsrådet kan spele i den nye forskingspolitikken dei to meiner må til for å løyse samfunnsutfordringane. Dei legg vekt på at Forskingsrådet kan vere ein «endringsagent» ved å leggje til rette for nettverksbygging mellom forskingsmiljø, bedrifter og ikkje minst ideelle organisasjonar, som dei meiner må ha ei sentral rolle i å takle samfunnsutfordringane.

For direktør Arvid Hallén i Forskingsrådet er ikkje tanken på å ta ei meir aktiv rolle heilt framand.

– Forskingsrådet har tre roller: Vi gjev råd om forskingspolitikken, vi administrerer finansiering, og vi skaper møteplassar. Vi arrangerer mange møte og konferansar, men eg trur det ligg eit endå større potensial i det siste. Vi kan leggje til rette for at aktørar kan inngå i nettverk som kan vere med på å endre samfunnet. Vi har alt ei slik rolle i forskings- og innovasjonssystemet. Det å gå lenger vil vere å sprenge rolla vi tradisjonelt har hatt, men det er kanskje ei logisk utvikling, seier Hallén.

Vel og bra, men det hjelper ikkje aldrings- og velferdsforskarane som treng olbogerom til å sette i gang prosjekt som kan ende med mageplask, i samfunnet si teneste. Hallén erkjenner at utfordringa er å få fram fleire lovande, men risikable forskingsprosjekt.

– Kanskje har for få prosjekt rom til å mislukkast, at vi har ein tendens til å velje det som ligg på den trygge sida. Feil har jo lett for å bli veldig synlege. Så dette er eit vanskeleg spørsmål, og du høyrer svaret.

Treng dei kreative

Tilbake på konferansen hevdar Stefan Kuhlmann bestemt at viljen til risiko er heilt nødvendig for å løyse samfunnsutfordringane.

– I det lange løp vil ein ha bruk for kreativitet og risikovilje som ikkje har rom innanfor dagens eksellens-orienterte system, seier han til Forskerforum.

Han trur jaget etter framifrå forsking er korttenkt og ikkje kan halde fram, fordi institusjonar og finansieringskjelder som berre måler publikasjonar og siteringar, risikerer å miste dei kreative menneska.

– Unge forskarar i Nederland er frustrerte over målingstyranniet, og går til andre jobbar. Forskingssystemet trekker til seg den typen menneske som trivst med systemet. Men det er ikkje nødvendigvis dei vi har mest bruk for i framtida, seier Kuhlmann.

Den vanskelege politikken

Dei store samfunnsutfordringane er djupt politiske. For å løyse dei må ein ha tankar om kva samfunn ein vil ha, og det kan verke vel naivt å tru at styresmaktene i verda skal kunne ta rolla som uhilda tilretteleggjarar av møteplassar og sosial innovasjon utan å falle for freistinga til å la politisk ideologi leggje føringar.

– Det er eit svakt punkt ved heile forskings- og innovasjonspolitikken at ein diskuterer det som om det ikkje er politikk, men berre eit spørsmål om organisering, seier Egil Kallerud i NIFU.

Nettopp av den grunn er han skeptisk til at Forskingsrådet skal ha eit hovudansvar for å takle dei store samfunnsutfordringane. Politikk er sentralt for samfunnsutfordringane. Forskingsrådet har ikkje den politiske tyngda som skal til, meiner han.

På den andre sida har omgrepet «store samfunnsutfordringar» blitt nokså utvatna gjennom åra. Og dei konkrete forskingspolitiske endringane lèt vente på seg.

– I EU er det nok framleis økonomien som dominerer tankegangen. Også når ein snakkar om dei utfordringane som marknaden ikkje kan løyse, blir dei til dels diskuterte i lys av korleis ein samstundes kan støtte det heimlege næringslivet. Innovasjon svevar over det heile, og økonomi er hovudomsynet. Så «Grand Challenges» er blitt eit omgrep som no kan dekke nesten kva det skal vere, seier Kallerud.

Kven tener forskinga

Når Produktivitetskommisjonen tilrår å leggje ned forsking som ikkje hevdar seg på den opne konkurransearenaen, er spørsmålet om det vil gå ut over dei forskingsmiljøa som har eit vidare perspektiv på korleis det gode samfunnet skal sjå ut i framtida.

– Som forskar kan ein ikkje vere politisk korrekt, seier Astrid Bergland ved HiOA.

– Ein må ha ei kritisk haldning til kven forskinga skal tene. Sjølv tenkjer eg mykje på dette at mennesket ikkje er sin eigen lukkesmed. Når det gjeld eldre, veit vi at fysisk funksjon er vel så viktig som kva sjukdom dei har, og at funksjonsnivået ofte er mogleg å påverke. Men det er mykje diskusjon om merksemda mot aktiv aldring fører til at kvar einskild person sjølv må ta ansvar for eigen aldring.

Som forskar ser ho stadig at faktorar som utdanning, kjønn og økonomi spelar ei stor rolle og er viktige element i fortolkinga av resultata.

– Kanskje studerer du eit tiltak og finn at det er dei eldre med høgast utdanning som har nytte av tiltaket. Då må det kome fram. Vi skal jo vere premissleverandørar for ein medviten politikk. Men forsking har vist at dersom det skal fungere, er ein avhengig av at forskarar og dei som skal ta politiske avgjerder, har gjensidig tillit til kvarandre.

Å byggje og halde den tilliten ved like er heller inga lita samfunnsutfordring.