– Noreg bør ha eit vitskapsråd
LUKK

– Noreg bør ha eit vitskapsråd

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 6. oktober 2017 kl. 09:17

– Eg har aldri forstått kvifor norske styresmakter ikkje har ein vitskapleg rådgjevingsmekanisme, seier leiar i organisasjonen for vitskapsrådgjevarar, Sir Peter Gluckman.

Gluckman er vitskapsrådgjevar for statsministeren i New Zealand, og leiar i The International Network for Government Science Advice (INGSA). Han var første innleiar på konferansen EU for Facts, som gjekk føre seg i Brussel førre veke. Tema for konferansen var korleis ein kan sikre kunnskapsbasert politikkutvikling i postfakta-samfunnet.

I innlegget sitt la Gluckman fram sin tese om at vitskapleg kunnskap, når den er godt formidla, kan fungere som ein bastion mot dei mest ekstreme konsekvensane av postfakta-samfunnet. Men då må ein hugse at vitskap er mykje meir enn berre ei samling av fakta, minte han om.

Les også: – Forskarar og politikarar må vere ærlege om uvisse.

– Det er snarare ein tenkemåte, som med tida er blitt nedfelt i prosessar med mål om å oppnå relativt påliteleg kunnskap om verda omkring oss, sjølv om prosessane er underlagt stadig revisjon. Vitskap er institusjonaliseringa av ei spesiell form for kritisk tenking og verifisering, og det er difor vitskapen kan gjere krav på den priviligerte posisjonen sin, sa han i innlegget.

– Formelle prosessar ikkje nok

Sir Peter Gluckman er vitskapleg rådgjevar for statsministeren i New Zealand.

For at ein vitskapleg rådgjevingsmekanisme skal fungere, må den vere samansett av fleire ulike aktørar som medverkar på ulike stadium i den politiske prosessen, eit «økosystem» av vitskaplege rådgjevarar, meiner Gluckman. I ein pause under konferansen utdjupa han synspunkta sine til Forskerforum:

– Styresmakter kjem til å ta avgjerder same kva forskarar gjer eller ikkje gjer, og dei politiske avgjerdene handlar alltid om å velje mellom ulike alternativ som har meir eller mindre usikre utfall. Det er størst sjanse for at avgjerda får det positive utfallet ein er ute etter, dersom ho er basert på eit systematisk kunnskapsgrunnlag. Men forskarar flest kjem i kontakt med den politiske prosessen gjennom å delta i komitear, høyringar og formelle prosessar. Då er politikken ofte i stor grad allereie utforma, og det er relativt lite forskarane kan endre på, sa han.

Politikarar har all rett til å ignorere forsking, og det er eg heilt komfortabel med at dei gjer, så lenge dei veit kvifor.

Difor meiner Gluckman at individuelle «vitskapsmeglarar» (science brokers) som sit på innsida av det politiske systemet og kan delta heile vegen under den politiske prosessen, er essensielt for at «økosystemet» skal fungere. Det er ein slik funksjon han sjølv har i New Zealand.

– Ein vitskapleg rådgjevingsmekanisme må bestå av fleire komponentar, men ein av komponentane må vere på innsida av politikken. Elles vil det ikkje verke, heller ikkje for politikarane. Som medlem i eit utval kan ein ikkje gå til statsministeren og seie at dette forslaget er det dummaste eg nokon gong har høyrt. Men ein person i min posisjon kan seie det, og det har eg gjort, fleire gonger.

Må også ta andre omsyn

Sjølv likar han ikkje omgrepet «kunnskapsbasert politikk». Han føretrekk «kunnskapsinformert». Ein vitskapleg rådgjevar skal ikkje argumentere for ein bestemt politikk, men leggje fram kva kunnskap vi har, og kva kunnskap vi ikkje har, om eit tema. Ikkje minst kan forsking hjelpe til med å evaluere politiske tiltak og kartleggje konsekvensane dei får, både gode og dårlege.

Les også: – Politikere må benytte forskning aktivt, etterrettelig og balansert.

– Som forskar må ein hugse at politikarar ikkje berre har dine synspunkt å tenkje på. Politikk blir til på basis av mange andre, til dels verdibaserte, omsyn. Politikarar må tenkje på økonomiske rammer, på om det snart er val, og mange andre ting. Dei har all rett til å ignorere forsking, og det er eg heilt komfortabel med at dei gjer, så lenge dei veit kvifor dei gjer det, seier han til Forskerforum.

Tillit avgjerande

Gluckman peikar på at tillit mellom forskarar, politikarar og publikum er heilt avgjerande for ein slik vitskapleg rådgjevingsmekanisme.

– I den augneblinken eg prøver å overtyde deg om noko, vil du mistenke meg for å ha ein agenda. Og kva er som oftast forskarane sin agenda? Dei vil ha meir pengar til forskinga si. Difor meiner eg vitskaplege rådgjevarar må styre unna pengespørsmål, seier han.

For å byggje opp den nødvendige tilliten, trengst det spesielle personlege eigenskapar, først og fremst djup forståing for tilhøvet mellom forsking og samfunn, forståing for den politiske prosessen, og diplomatiske eigenskapar. INGSA arbeider no med å lage retningsliner for gode rådgjevingsmekanismar.

– Utover nokre slike prinsipp er det ikkje viktig akkurat korleis dei er organiserte, det vil variere frå land til land avhengig av kva for institusjonar som finst, seier Gluckman.

Gluckman var invitert til Noreg i fjor for å snakke om vitskapleg rådgjeving for politikarar på eit arrangement i regi av Vitskapsakademiet, som har sett spørsmålet på dagsorden fleire gonger. Den norske regjeringa har han derimot ikkje vore i kontakt med, sjølv om kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen har vore tydeleg på at han ønskjer seg eit vitskapsråd for å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for politikken.

– Men eg tek gjerne ein prat med dei, om dei spør meg, seier Gluckman.