– Forskinga vår blir usynleg
LUKK

- Forskinga vår blir usynleg

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. oktober 2014 kl. 09:34

Det er uheldig at forsking i arkiv, bibliotek og museum ikkje blir målt, meiner forskarar i sektoren. Kulturdepartementet vender det døve øyret til.

--forskinga-v-r-blir-usynleg


– Forskingsbiten druknar så lenge departementet ikkje stiller krav om ei form for rapportering eller måling av arbeidet, seier Lars Christian Jenssen i Riksarkivet.

--forskinga-v-r-blir-usynleg


– Vi har ikkje vurdert å innføre eit eige publiseringssystem for kulturforsking, seier statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag.

--forskinga-v-r-blir-usynleg


Det er uheldig at ein heil sektor blir halden utanfor Cristin-systemet, seier Birgitte Sauge.

Fakta
<

– Det er viktig at musea under Kulturdepartementet kan få rapportere til Cristin. På den måten blir museumsforskinga og forskarane meir synlege, seier Birgitte Sauge. Ho var tidlegare forskingskoordinator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Cristin er ein database som skal dokumentere kva som skjer i den norske forskingsverda, først og fremst innanfor universitets- og høgskolesektoren, helsesektoren og instituttsektoren.

Sauge reagerer på at sektoren for arkiv, bibliotek og museum (ABM) ikkje får vere med i Cristin-systemet.

– Eg meiner det er svært uheldig at ein heil sektor, der det blir produsert vitskapleg arbeid, er halden utanfor dette systemet.  Det er universitets- og høgskolesektoren som set rammene for forsking og utviklingsarbeid (FoU), både når det gjeld resultatbasert finansiering og rapportering til Cristin. Musea er ikkje i den situasjonen, seier Sauge.

– Blir ikkje følgt opp

Sauge synest det er på tide at forskinga i sektoren får meir merksemd.

– Kulturdepartementet har formulert som ambisjon at musea skal drive meir forsking, men dette blir ikkje tilstrekkeleg følgt opp.

– Meiner du musea bør vere del av teljekantsystemet?

– Nei, det er ein heilt annan diskusjon som handlar om økonomi og offentlege løyvingar. Vi ønskjer at alle musea skal bli inkluderte i dokumentasjonssystemet for forskingsaktivitetar.

– Bør ha premiering

Liv Ramskjær, som er generalsekretær i Noregs museumsforbund, meiner saka er viktig:

– Det er viktig for musea at forskinga blir synleg gjennom Cristin-systemet. Dette vil vere eit viktig steg for å profesjonalisere og synleggjere forskingsverksemda i musea, seier Ramskjær.

– Museumsforbundet vil arbeide politisk opp mot Kulturdepartementet i denne saka. Vi meiner Kulturdepartementet bør gå inn med midlar for å leggje til rette for eit publiseringssystem med ei eller anna form for premiering, slik dei gjer i Kunnskapsdepartementet. For å styrke forskinga i musea må ein finne tiltak som gjev insitament til å forske, seier Ramskjær.

– Er det ønskeleg at musea blir del av teljekantsystemet?

– Det vil nok variere sterkt kva museumstilsette meiner om dette, og på kva måte forskinga bør premierast. Teljekantsystemet er jo omstridd blant dei tilsette i universitets- og høgskolesektoren.

Saknar målesystem

Trond Haugen er forskingsbibliotekar ved Nasjonalbiblioteket. Han er ikkje sikker på at teljekantar er det rette for ABM-sektoren, men han saknar ei form for målesystem.

– Kulturdepartementet ønskjer meir forskingsaktivitet, men har ikkje noko system for å måle forskinga. Det er eit merkeleg misforhold mellom intensjon og insentiv, seier Haugen.

– Er det Kulturdepartementet som er problemet?

– Ja, det er eit strukturelt problem at det ikkje finst ein klar forskingspolitisk strategi frå Kulturdepartementet ned til institusjonane og derifrå til den enkelte forskaren. Vi har ei utfordring i sektoren vår når Kulturdepartementet ikkje har eit apparat på plass for å følgje opp og etterprøve kva som faktisk skjer av forsking ved institusjonane. På lokalt plan kan ein kanskje meine at det greitt å ikkje ha så strenge krav som i UH-sektoren. Men på eit politisk plan blir det då vanskeleg å få forsking inn i planane til institusjonane.

Usynlege forskarar

Lars Christian Jenssen, som representerer arkivsektoren, er einig:

– Forskingsbiten druknar så lenge departementet ikkje stiller krav om ei form for rapportering eller måling av arbeidet. Vi som forskar blir usynlege. Kulturdepartementet er fråverande i denne saka, men sterkt nærverande i andre saker, som til dømes økonomirapportering, seier Jenssen, som er førstearkivar i Riksarkivet.

Han meiner Kulturdepartementet ikkje tek ansvar for å følgje opp forskinga i sektoren.

– Ønskjer du ei form for teljekantsystem?

– Vi har ikkje diskutert internt i arkivsektoren om det er ønskjeleg med løyvingar ut frå produksjon. Men det er eit stort sakn at vi i ABM-sektoren ikkje får registrert forskinga vår i Cristin. Det betyr ikkje at vi ønskjer oss teljekantar. Det er viktig å halde desse to sakene frå kvarandre, seier Jenssen.

Ønskjer ikkje rapporteringskrav

Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag i Kulturdepartementet seier til Forskerforum at forskingsarbeidet ved norske museum, bibliotek og arkiv er ein viktig del av verksemda.

– Departementet legg til grunn at institusjonane sjølve skapar rom for forsking og utvikling innanfor dei økonomiske rammene vi stiller til disposisjon. Vi ønskjer ikkje å pålegge institusjonane fleire detaljerte mål og rapporteringskrav, seier Borgundvaag.

Han meiner det er institusjonane sjølve som veit best korleis midlane til kvar tid skal brukast.

– Dersom departementet skulle lage eit system der vi fastset kor stor del av statstilskotet som skal gå til FoU, ville det innebere ei detaljstyring som ingen vil vere tent med.

– Kva gjer Kulturdepartementet for at forskinga skal kunne bli rapportert til Cristin?

– Vi har ikkje vurdert å innføre eit eige publiseringssystem for kulturforsking. Cristin omfattar i dag ikkje forsking i museum og andre institusjonar som Kulturdepartementet gjev løyvingar til.

Forsiktige med inntak

Marit Henningsen, som er fagleiar i Cristin-sekretariatet, seier at dei er forsiktige med å ta inn institusjonar som ikkje er med i ordninga for resultatbasert omfordeling (RBO).

– Det eit stort arbeid å vere med i Cristin i dag, og like arbeidskrevjande for institusjonar som står utanfor RBO. Dei må vere med i heile runddansen rundt vitskapleg publisering, sjølv dei ikkje får økonomisk utteljing for dette, seier Henningsen.

– Men kvifor skal ABM-sektoren haldast utanfor?

– Vi vil gjerne ha med alle, men heile systemet må riggast om. Eigarane har bede oss om å utvikle ein ny versjon av Cristin, og der skal det bli mogleg å skilje mellom dei to typane institusjonar: dei som skal vere med i rapporteringsordninga  RBO, og dei som ikkje skal vere med. Vi må over til ei heilt ny plattform, og det nye systemet kjem ikkje på plass før i 2016.

– Ein omfattande jobb

Birgitte Sauge fortel at Nasjonalmuseet har gjort tiltak for å kome inn i Cristin-systemet.

– Nasjonalmuseet er, så vidt eg veit, det einaste museet under Kulturdepartementet som no har begynt å rapportere til Cristin, seier ho.

Men korleis kunne Nasjonalmuseet kome med i ordninga?

Henningsen forklarer det slik:

– Dei kom med fordi vi gjerne vil vere opne. Men vi såg at dette skapte uvisse for rapporteringa av vitskapleg publisering. Det er ganske vanleg med sampublisering, ofte på tvers av institusjonar. Om Universitetet i Oslo (UiO) og Nasjonalmuseet har ulike forfattarar til same artikkel, så må også Nasjonalmuseet gjere eit stort arbeid med godkjenning av artikkelen etter bestemte krav. Nasjonalmuseet har jo ikkje behov for denne godkjenninga, men for at UiO skal få utteljing, må Nasjonalmuseet inn og gjere ein omfattande jobb. Det nye Cristin-systemet vil bli meir tilpassa dei som ikkje deltek i RBO-ordninga.

Henningsen fortel at det kjem mange spørsmål frå institusjonar som vil vere med i Cristin.

– Men vi har venteliste. Og dei som tek del i finansieringsordninga, kjem først.