Folkestyre i seg sjølv
LUKK

BOKMELDING

Folkestyre i seg sjølv

Av Lars Nyre

Publisert 6. mars 2014 kl. 10:32

Lærd analyse som diverre ikkje er særleg relevant for dagens politiske røyndom.

folkestyre-i-seg-sj-lv

Fakta
<

Olsen er professor emeritus ved Senter for Europaforsking ved Universitetet i Oslo, og har arbeidd med statsvitskap og organisasjonsteori i over 40 år. Folkestyre er ifølgje Olsen eit sjølvregulerande system der folket sjølv bestemmer korleis det skal verta organisert og styrt. Målet for boka er å vurdera kor godt den store norske forteljinga om folkestyret passar i dagens politiske røyndom.

Olsen forklårar utviklinga av den politiske orden i Noreg i eit statsvitskapleg perspektiv. Tilnærminga er institusjonell, det vil seia at han legg meir vekt på saktegåande, men djuptverkande normer og reglar enn på åtferda til historiske personar. Dei viktigaste hendingane er Grunnlova i 1814, formannskapslovene frå 1837, innføringa av parlamentarismen i 1884 og sjølvstendet i 1905.

Det underliggjande spørsmålet er om folkestyret er svekt eller ikkje. Sjølv om det kjennest som han er pessimist, tek ikkje Olsen sjølv tydeleg stilling til om utviklinga er god eller dårleg. Han nemner overføringa av makt til EU som eit viktig symptom på ei svekking, og minner også om at den offentlege forvaltninga viste seg svært handlingssvak den 22. juli 2011, men elles er det få vurderingar av den politiske røyndomen.

Det er særleg slåande kor lågt Olsen prioriterer media si rolle i folkestyret.

Olsen argumenterer overtydande for at det alltid vil vera spenningar mellom ei samfunnssentrert og ei individsentrert tolking av det demokratiske idealet. Nokon trur på det suverene folket, andre trur på det suverene individet. Olsen viser overtydande at privat eigedomsrett, og vernet av denne retten i lovverk og utbreidde normer, står i eit spenningsfullt forhold til andre, meir kollektive, verdiar.

Boka framstår diverre ikkje som særleg relevant for samfunnsdebatten i 2014. Det er særleg slåande kor lågt Olsen prioriterer media si rolle i folkestyret. Olsen skriv knapt eit ord om den problematiske og positive rolla til lokalaviser, radio og fjernsyn – og i nyare tid internett, bloggar, kommentarfelt og sosiale media – når det gjeld kommunikasjonen i samfunnet. Men han seier at samfunnsutviklinga ideelt skjer ut ifrå borgarane sine erfaringar, som vert lufta i «tvangfri offentlig debatt». Den brukarorienterte utviklinga av offentleg samtale etter internett er ei vesentleg nyvinning som truleg både svekkjer og styrkjer folkestyret. Som medievitar ville eg ivrig ha lese analysen til Olsen av akkurat dette.

Språket er nesten overpresist, og nokon gonger går det ut over både kor forståeleg og kor leseleg boka er. Olsen skriv setningar der subjekt og objekt vert formulerte som lister: «Hvor viktig er folkelig deltakelse, representasjon og innflytelse i forhold til det å finne allment aksepterte løsninger på spørsmål om fred, ytre sikkerhet, økonomisk konkurranseevne, sysselsetting, sosial trygghet og utjevning, helse, økologi og klimautfordringer?» Han koplar tre overordna politiske subjekt saman med åtte meir konkrete objekt som verkar på kvarandre, og dette utløyser 24 mogelege måtar å tenkja vidare på. Då har spørsmålet i realiteten ikkje noka retning.

Boka er stappfull av fagkunnskap, men på grunn av den generelle tilnærminga og den omstendelege språkbruken eignar ho seg betre for statsvitarar enn for borgarane i den alminnelege offentlegheita.