Høgskoleforsking i verdsklasse
LUKK

Høgskoleforsking i verdsklasse

Av Johanne Landsverk

Publisert 10. april 2012 kl. 09:39

Toppforsking sikrar millionar av euro til små høgskolemiljø.

h-gskoleforsking-i-verdsklasse


Høgskolen i Gjøvik har sikret seg millioner fra EUs forskningsprogram.

Fakta
<

Forskerforum kastar lys over temaet forsking ved høgskolane. Artikkelserien vart innleidd av hovudsaka i nr. 2/12.

– Det er ikkje kvardagskost at ein liten høgskole får ei koordinatorrolle i eit av EUs 7. rammeprogram, seier professor Jon Yngve Hardeberg ved Høgskolen i Gjøvik (HiG).

Han er leiar for fargelaboratoriet ved HiG, som driv forsking innan fargevitskap, trykkteknologi og biletbehandling.

– Utgangspunktet for forskinga vår er den grafiske bransjen og handlar mykje om korleis vi skal få til ei optimal attgjeving av fargar i trykte medium. Målet i det nye EU-prosjektet er å utvikle nye metodar innan fargetrykkteknikk, og å utforske moglegheiter for trykk med fleire enn fire fargar, seier han.

Forskerforum har tidlegare skrive om professor Dag O. Hessen ved Universitetet i Oslo som meiner forsking ikkje må utarte til breiddeidrett, og som stiller seg kritisk til å spreie forskinga til små miljø over heile landet.

– Eg kjenner godt til den haldninga. Men forskingsmiljøet vårt er vel eit døme på at det går an å hevde seg i verdsklasse også på ein liten stad som Gjøvik. Gjennom ti år har vi utvikla eit miljø med høg kompetanse og eit sterkt internasjonalt nettverk, seier Hardeberg.

Det nye EU-prosjektet utløyser om lag 17 millionar kroner, som mellom anna vil finansiere sju doktorgradsstillingar i tre år og to postdoktorstillingar i to år.

– To av doktorgradskandidatane blir tilsette ved HiG og fem hjå partnarane i Tyskland Frankrike, Sverige og Storbritannia.

– Har gjort alt rett

– Det er ganske utruleg kva dei har fått til på Gjøvik, for bare to norske institusjonar har tidlegare klart å få ei koordinatorrolle for eit stort Marie Curie-prosjekt, seier seniorrådgjevar Per Magnus Kommandantvold i Forskingsrådet.

Han fortel at dei såkalla ITN-prosjekta, Initial Training Network, er svært populære.

– Her har Gjøvik konkurrert med dei beste miljøa i Europa, og berre éin av ni søknader nådde opp. Dette viser at det går an, også for ein liten høgskole. I Gjøvik har dei gjort alt rett. Dei har satsa på eit område der dei har svært høg kompetanse og har fått med seg leiande internasjonale aktørar innanfor fagfeltet både frå næringslivet og akademia, seier Kommandantvold.

Han meiner mange kan lære av Høgskolen i Gjøvik.

– Første gongen dei søkte nådde dei ikkje opp, men dei gav seg ikkje. I staden sette dei ein dedikert medarbeidar til å ta ansvar for heile søknadsprosessen.

I tet blant høgskolane

Av totalt 6,6 millionar euro som høgskolane har henta ut av EUs 7. rammeprogram, har HiG stukke av med nesten halvparten: 3 millionar euro, tilsvarande om lag 23 millionar kroner. Ifølge tal frå Database for statistikk om høgre utdanning er HiG også blant høgskolane med høgast vitskapleg produksjon.

– Tek ein omsyn til talet på tilsette, har HiG i nokre år hatt den høgaste tildelinga av RBO, det vil seie resultatbasert omfordeling basert på forskingsresultat, seier Morten Irgens, som er dekan ved avdeling for informatikk og medieteknikk ved HiG.

Han fortel at det særleg er to fagmiljø ved avdelinga som ligg i front når det gjeld forsking: fargelaboratoriet og senteret for informasjonstryggleik.

– Når fargelaboratoriet blir kontakta av nasjonalbanken i Canada for å få hjelp til å betre kvaliteten på pengesetlane, seier det vel litt. Og politiet i Tokyo sender etterforskarar hit for å vidareutdanne seg i informasjonstryggleik. HiG har ein unik kompetanse på desse fagfelta.

Forskingsaktive får tid

Så kva er det Høgskolen i Gjøvik gjer?

– Høgskolen bestemte seg for ein del år sidan for systematisk å bygge opp nokre forskingsmiljø, og vi har fått ein del finansiell støtte frå regionen i samband med førebuinga av eit universitet i innlandet. I dag har vi eit godkjend doktorgradsprogram i informasjonstryggleik og har søkt godkjenning for doktorgradsprogram i informatikk.

– Men har alle vitskapleg tilsette FoU-tid?

– Dei som ønskjer å vere forskingsaktive, har forskingstid. Svært mange av dei tilsette ved HiG har førstekompetanse, og dei har FoU-tid. Men her er det ingen klar regel, og slik bør det heller ikkje vere. Ikkje alle ønskjer å forske, og ikkje alle skal forske like mykje. Hardeberg er ein av dei som har tid til å forske.

– Eg har ingenting å klage på. Heilt sidan eg kom hit for ti år sidan, har eg fått høve til å drive forsking.