Slik får du ein nobelpris
LUKK

Slik får du ein nobelpris

Av Silje Pileberg

Publisert 4. november 2014 kl. 09:47

Den norske nobelprisvinnaren May-Britt Moser gir tips til ambisiøse forskarar.

slik-f-r-du-ein-nobelpris


May-Britt Moser, ein ordentleg glad vinnar av nobelprisen i medisin for 2014. Foto: Ned Alley

Fakta
<

For første gong har to norske forskarar fått nobelprisen i medisin: ekteparet May-Britt og Edvard Moser. Vi tok ein prat med May-Britt om korleis tida etterpå har vore og kva tips ho vil gi til andre forskarar.

– Gratulerer med pris! Har det blitt mange gratulasjonar?

– Ja, det strøymer stadig på. Det er superhyggeleg. No kom det akkurat ei bøtte med roser, dei nydelegaste eg har sett. Eg må finne ut kven dei var frå. Det var Senter for – eitt eller anna.

– Har det gått opp for deg no kva som har skjedd?

– Nei! Når folk kjem på gata og skal ha selfie, lurer eg av og til på om dei meiner ein annan.

– Det er noko spesielt med nobelprisen?

– Ja, det er jo den gjævaste prisen ein kan få. Det er nesten ikkje til å tru. Sjølv om det betyr veldig mykje for oss, er det like viktig å vise teamet og dei som støttar oss, at dei har gjort ein super jobb. Vi har aldri passa inn i boksar og strategiar, det einaste vi har hatt framfor oss, er stjerna «excellent science». Andre har sett det og støtta oss. Det er rørande.

– Kvar var du då du fekk telefonen?

– Eg sat i eit møte, skulle snart i eit nytt og var veldig stressa. Så eg tenkte: «Å nei». Eg liker ikkje å ta telefonen generelt, men så tenkte eg at eg burde vere høfleg. Då han sa «Göran Hansson», hugsa eg namnet og tenkte at han nok berre ville ha ein kommentar om prisvinnaren. Eg gjekk inn på rommet mitt, lukka døra, og så sa han: «Du og John O'Keefe og Edvard har fått nobelprisen.» Eg fekk sjokk! Det kjendest som om håret reiste seg. I det vesle sekundet eg trudde på det, kjende eg boblande lykke og takksemd. Eg sa at han måtte sende det til meg på e-post, for eg stolte ikkje på at eg høyrde rett.

– Har du eit tips til andre som vil ha ein nobelpris?

– Det første er at målet ikkje må vere å få ein pris, men å jobbe med eit overordna spørsmål som ein brenn for. Så må forskinga vere «excellent», på alle nivå. Heile teamet må identifisere seg med den visjonen, av glede, ikkje av tvang. Vidare trengst det beinhardt arbeid, evne til å sjå samanhengar, gode, generelle spørsmål og mot til å ta sjansar. Ein må setje saman eit team som fungerer, sjå medarbeidarane og jobbe for eit godt miljø. Til sist: Viss ein står i stampe fordi ein ikkje har den teknikken som trengst, må ein be dei beste om hjelp. Edvard og eg fekk reise til han som fann plasscellene, altså hjernecellene som fortel oss kvar vi er. Det var John O'Keefe.