Uvisst om vitskaplege høgskular
LUKK

Uvisst om vitskaplege høgskular

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 11. april 2016 kl. 12:20

- Veit regjeringa eigentleg kva dei vil med dei vitskaplege høgskulane, spør rektor ved Noregs idrettshøgskule, Kari Bø.

uvisst-om-vitskaplege-h-gskular


– Nye krav til akkreditering aukar ikkje nødvendigvis kvaliteten, seier Kari Bø. (Foto: Andreas B. Johansen)

Bø tok opp statusen for dei vitskaplege høgskulane i eit blogginnlegg sist veke. Ho peikar på at ein vitskapleg høgskule tradisjonelt har vore kjenneteikna av at dei er sidestilte med universiteta i form av krav til forskingstid og fagleg kvalitet, men innanfor fagområde som vanlegvis ikkje blir dekt av universiteta. Med strukturendringane som no skjer i sektoren, fryktar ho at føremålet med dei vitskaplege høgskulane blir meir uklart.
 
– Dersom ein ikkje stiller dei same kvalitetskrava som før, men let institusjonar få status som vitskapleg høgskule utan å oppfylle krava til forskingstid, til dømes, så forsvinn poenget med dei vitskaplege høgskulane, seier ho.
 
Nye vegar til akkreditering
 
Bø siktar til fleire brot med dei tradisjonelle krava til akkreditering som vitskapeleg høgskule dei siste åra. Frå 2010 vart Høgskulen i Molde akkreditert som vitskapleg høgskule, men berre på fagområdet logistikk, altså berre ein del av verksemda høgskulen driv. Frå første januar i år oppnådde dei kristne høgskulane Diakonhjemmet høgskole, Haraldsplass Diakonale Høgskole og Høgskolen Betanien status som vitskapeleg høgskule ved å fusjonere med Misjonshøgskulen, som allereie var akkreditert som vitskapleg høgskule, til den nye institusjonen VID vitskapelege høgskule.
 
– Dette opnar for merkelege vegar til ny status for institusjonane, som ikkje nødvendigvis aukar kvaliteten deira. Det er spesielt i og med at regjeringa har vore så tydeleg på at føremålet med strukturendringane skal vere kvalitetsheving, seier Bø.
 
Poenget fell bort
 
I sitt høyringssvar til dei nye kriteria for akkreditering av institusjonar, skriv Idrettshøgskulen at den faglege spesialiseringa innanfor eitt fagområde har vore bakgrunnen for opprettinga av dei vitskaplege høgskulane. Dersom ein no går over til å tillate at statlege høgskular med fleire fagområde og utan krav til 50 prosent forskingstid kan bli akkrediterte som vitskaplege høgskular, fell poenget med dei vitskaplege høgskulane bort. Det er også uheldig dersom status som vitskapleg høgskule blir brukt som eit steg på vegen mot universitetsstatus, sidan dei vitskaplege høgskulane i prinsippet skal vere likestilte med universiteta.
 
– Landskapet er veldig flytande akkurat no. Det får meg til å stille spørsmål ved om Kunskapsdepartementet har klart for seg kva dei vil med dei vitskaplege høgskulane, seier Bø.