Ynskjer ny eining for forsking
LUKK

Ynskjer ny eining for forsking

Av Johanne Landsverk

Publisert 2. september 2015 kl. 05:49

Eit utval vurderer om forskinga i Arkivverket bør samlast i eiga eining.

– Lokallaget av Forskerforbundet ved Arkivverket har oppretta eit eige kompetanseråd. Det har fått i oppdrag å fremje eit forslag til ny organisering av FoU-verksemda, som skal vere klart i løpet av september. Eitt av spørsmåla er om Arkivverket skal ha ei eiga forskingseining, seier førstearkivar Lars Christian Jenssen.

Les òg: Uro i Arkivverket.

Endring med ny riksarkivar?

Han var ein av representantane til Forskerforbundet i det såkalla amanuensisutvalet, som har sett på korleis forskingsverksemda i etaten er organisert.

– Under tidlegare riksarkivarar har det ikkje vore aktuelt å opprette ei eiga forskingseining. Då skulle all forskingsverksemda gå føre seg lokalt der forskarane arbeider, og all diskusjon om forskingsorganisering måtte ta utgangspunkt i dette. Kanskje kan det endeleg kome ei endring her.

Jenssen fortel at utvalet skal sjå på korleis forskingsverksemda er organsert i Nasjonalmuseet og i Rigsarkivet i Danmark.

20 årsverk

– Det danske Rigsarkivet har eiga forskingseining. Forskinga er geografisk spreidd, men organisatorisk og funksjonelt samla i ei eiga eining.

Ifølgje Jenssen kan ein ny modell medføre at nokre, kanskje rundt tjue, årsverk blir sette av til forsking, og at nokre personar får forsking som hovudoppgåve med særskilde krav til produksjon.

– Dei som har forskingsrett i dag, får nok uansett behalde retten, seier Jenssen.