Balansekunsten

Av Johanne Landsverk

Publisert 1. oktober 2014

Dei er forskarar, men driv ikkje med vitskap. Dei er stipendiatar, men får ikkje doktorgrad.

balansekunsten


– Det er jo genialt å kunne få 360 000 i året for å forske på seg sjølv, seier Thomas Kvam, som nyleg disputerte ved Kunsthøgskolen i Oslo.

balansekunsten


– Vi har bevist at vi driv forsking på høgt nivå, seier rektor ved Kunsthøgskolen i Bergen Gerd Tinglum (t.v.), tidlegare rektor Nina Malterud og prorektor Johan Sandborg.

balansekunsten


– I det norske programmet står kunsten i sentrum, og det var dette som var attraktivt for meg, seier Hildur Bjarnadóttir. Her frå utstillingsopninga i Kunstnerforbundet.

Fakta
  • nasjonalt program oppretta i 2003
  • del av Program for kunstnerisk utviklingsarbeid
  • eit tverrfagleg program som inkluderer musikk, film, scenekunst, design og visuell kunst
  • er finansiert av Kunnskapsdepartementet
  • har tatt opp ca. 100 stipendiatar i perioden
  • stipendiatar blir tilsette i tre år, og får eige atelier
  • gjev ingen grad, men førstekompetanse ved tilsetjing
 

– Eg er ikkje forskar, eg er kunstnar, seier Thomas Kvam. Han er biletkunstnar og har vore  stipendiat ved Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), avdeling Kunstakademiet. Nyleg heldt han ein disputas med tittelen «Artistic Research for Dummies», i form av ei framsyning som var gjennomsyra av kritikk mot samanblandinga av kunst og forsking.

– Problemet med såkalla kunstnarisk forsking er at ein både skal skape kunst og samtidig vere i ein unntakstilstand der ein driv metarefleksjon over arbeidet ein gjer. Ein skal vere litt forskar og litt kurator. Men det er jo genialt å få 360 000 i året i tre år for å forske på seg sjølv!

Kvam meiner kunsten har stått fint på eigne bein i fleire hundre år.

– Men no held det ikkje å berre vere kunstnar lenger. I dette systemet skal vi liksom vere litt forskarar også. Det er eit slags teater, der alle gjev seg ut for å vere noko anna enn det dei er. Eg meiner dette er ei utvatning av forskingsomgrepet.

– Du kallar KHiO for eit kvasiuniversitet?

– Ja, det er jo ikkje nokon verkeleg doktorgrad dette her. Sjølv om ein kan bli førsteamanuensis, gjev ikkje stipendiatprogrammet nokon ph.d.-tittel. Så er ein litt misnøgd då, for ein skulle ønske seg så mykje meir. Og kunsthøgskolane ser seg sjølve som vitskaplege høgskolar i det fjerne.

Godkjend på høgt nivå

For Kunst- og designhøgskolen i Bergen (KHiB) er dette likevel ikkje ein fjern draum, for i februar 2014 vart KHiB akkreditert som vitskapleg høgskole av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (Nokut ).

– Eitt av krava for akkrediteringa var deltakinga vår i det nasjonale stipendiatprogrammet. Vi har også vist at KHiB driv kunstnarisk utviklingsarbeid på høgt internasjonalt nivå. Dette gjeld ikkje berre stipendiatar, men først og fremst dei fagleg tilsette. Det har vore eit stort arbeid å dokumentere dette, seier Nina Malterud, som tidlegare var rektor ved KHiB og har vore ansvarleg for søknaden til Nokut.

– Men kvifor vil ein kunsthøgskole bli vitskapleg høgskole?

– Vi har heile tida meint at kunsthøgskolane reint fagleg burde liggje i kategorien vitskaplege høgskolar, fordi vi har meir felles med desse enn dei andre høgskolane, som er breiddeutdanningar. Ein vitskapleg høgskole er på universitetsnivå innanfor eit smalt felt. På engelsk bruker dei omgrepet «specialized universities» om denne gruppa.

Får ikkje meir pengar

Tidlegare var kunsthøgskolane ein eigen institusjonskategori, men i 2005 vart dei slått saman med høgskolane.    

– Stortinget bad den gongen departementet om å leggje til rette for at dei to kunsthøgskolane raskt skulle bli akkrediterte som vitskaplege høgskolar. Så dette har ei lang historie, fortel Malterud.

– Men kva følgjer får det å bli vitskapleg?

– Vi får jo rett til å opprette mastergrad gjennom eige styre, men vi får ikkje meir pengar. Valet vi tok om å søkje Nokut, setje saman dokumentasjon og la verksemda bli vurdert, har kanskje vore viktigare enn dei formelle rettane.

Vi forskar gjennom, ikkje  kunsten. 

Malterud går ikkje med på at dette er ei form for vitskapleggjering av kunsten:

– Nei, men dette har vi hatt eit svare strev med å forklare. I prosessen har det vore viktig å vise at vi har høgt internasjonalt nivå på kunstnarisk utviklingsarbeid, og leggje dette fram for den sakkyndige komiteen i Nokut på eigne premissar. Dette er ikkje ei vitskapleggjering, men ei styrking av den kunstnariske kjernen.

– Ikkje vitskap, men forsking

Gerd Tinglum, som er nytilsett rektor ved KHiB, meiner dette ikkje handlar om ordet vitskap. 

– Vi driv ikkje med vitskap, men med forsking, seier ho.

– Det er vel ikkje forsking, men kunstnarisk utviklingsarbeid de driv med?

– Kunstnarisk utviklingsarbeid ER forsking. Det er jo på det same nivået. Forsking har alltid vore ein del av kunsten. Den undersøkande delen har alltid vore der.

Tinglum viser til universitets- og høgskolelova og andre forskrifter der «kunstnarisk» er sett opp som alternativ til «vitskapleg», og at kunstnarisk utviklingsarbeid i lovverket er sidestilt med forsking.

Heller ikkje Tinglum meiner dette er ei form for akademisering.

– Det som skjer, er at kunstnarisk forsking styrker eigenarten til kunsten. Det er snakk om bevisstgjering og større forståing for kunstnariske metodar, innhald og kontekst. Tradisjonelt er det kunsthistorikarane som har forska på kunst, men i stipendiatprogrammet får kunstnarane ein reiskap til å setje arbeida sine inn i  ein samanheng. Det var Christopher Frayling, tidlegare rektor ved Royal College of Art, som lanserte uttrykket «research through the art». Vi forskar gjennom kunsten – ikkje kunsten. 

– Meiningslaust utan ph.d.-grad

Normalt må institusjonane ha ein ph.d. for å søkje akkreditering som vitskapleg høgskole. Men for KHiB er det deltakinga i det nasjonale stipendiatprogrammet som ligg til grunn for akkrediteringa, eit program KHiB har vore administrativt ansvarleg for i ti år.

– Det treårige stipendiatprogrammet gjev ikkje ein ph.d.-grad, men har status som likeverdig med doktorgradsprogram. Det er slått fast i kvalifikasjonsrammeverket at stipendiatprogrammet ligg på doktorgradsnivå, seier Malterud. 

­– Men ein blir altså ikkje doktor? 

– Nei, dessverre. Men institusjonane som er med på dette, ønskjer sterkt å få det til. Det er heilt meiningslaust i utdanningssystemet i dag å ha eit program som svever i lufta og som ikkje fører til ph.d.-grad. Programmet er bygd opp etter mønster frå ph.d.-løpet , men er erstatta med kunstnariske krav. Det er ingen grunnar til at det ikkje skal føre til ph.d.-status.

– Kvifor er dette viktig?

– I Noreg har vi eit veldig regulert utdanningssystem, med bachelor- og mastergrad som vi har innretta oss etter i ti år. Og det er ingen grunn til at eit tredje nivå skal ende utan ein tittel, seier Malterud.

– Det ville gje meir status å bli kalla doktor?

– I internasjonal samanheng gjer det programmet meir forståeleg.  

Eg fryktar ei tredjegrads forbrenning av vitskapen, og at det vi sit igjen med, er kunstnarisk forsking.

– Forskinga ligg i verket

Ein av stipendiatane ved KHiB er Hildur Bjarnadóttir, som har bachelorutdanning frå Island og mastergrad i biletkunst frå USA. Nyleg opna ho utstilling i Kunstnerforbundet i Oslo.

– Det eg viser her, er ein del av den kunstnariske forskinga i programmet, seier Bjarnadóttir, som er biletkunstnar og har starta opp på tredje året ved KHiB. På veggene heng vovne stoffstykke i plantefarga ull som minner om abstrakte måleri.

– Eg har hatt fleire utstillingar gjennom stipendiatperioden, og den avsluttande stipendutstillinga blir i Bergen i 2015. Som stipendiat blir du veldig opptatt av eiga forsking, men for meg er det veldig viktig å stille ut arbeida for å teste dei ut på publikum.

– Er det forsking du driv med?

– Ja, det er ingen tvil om at forsking er del av prosjektet. Vi snakkar altså om «research through the art».  Den kunstnariske forskinga ligg i verket sjølv, seier ho. 

Parodi over forskinga

I tilknyting til det avsluttande arbeidet må stipendiatane levere ei form for kritisk refleksjon som del av kunstprosjektet. Mange skriv tradisjonelle tekstar, men stipendiatane har stor fridom. Thomas Kvam leverte i form av ein satirisk roman.

– Romanen har form som ein parodi over den forskande kunstnaren og heile ideen om kunstnarisk forsking. Samtidig er dette eit dokument der eg heilt ærleg prøver å forstå den umoglege oppgåva det er å forske på seg sjølv. Eg fryktar ei tredjegrads forbrenning av vitskapen, og at det vi sit igjen med, er kunstnarisk forsking, seier Kvam, som meiner heile dette forskingsomgrepet berre er ein strategisk metafor.

– Eg meiner ikkje at kunstnaren ikkje gjer undersøkingar. Kritikken går meir på korleis ein koplar forskinga inn mot institusjonen. Dette handlar om politikk. Heile utdanningssektoren er inne i ein stor omstillingsprosess, og så prøver dei ulike institusjonane å sjå kva karriere dei kan gjere i sitt eige fagfelt. Systemet produserer stipendiatar, som igjen går tilbake i institusjonen som undervisarar. Vi er altså ikkje her for å skape god kunst, men for å oppdra neste generasjon lærarar.

Kunsthøgskolane blir underlagde ein akademisk struktur som er framand for kunsten.

Makt til kunsthøgskolane

Her får han støtte frå kunstsosiolog Dag Solhjell:

– Eg er kritisk til at kunsthøgskolane blir underlagde ein akademisk struktur som er framand for kunsten. Dette bind opp kunsten til også å måtte ta andre omsyn enn dei kunstnariske, seier Solhjell, som er dr.philos. i kunstsosiologi.

Han seier at det sidan byrjinga av 1980-åra har gått føre seg ei vitskapleggjering av kunsten. Først og fremst har kunstutdanningane lagt stadig større vekt på teori.

– I dag blir det stilt større krav til teoretiske kvalifikasjonar i tillegg til dei kunstnariske. Ein kunstnar kan gjere krav på ein bestemt kunstnarisk status berre ved å peike på den formelle utdanninga si. Kunstverda treng ikkje ta standpunkt til sjølve kunstverket. Noko av grunnlaget for kritikken min er at meir og meir makt blir overført frå kunstfeltet til kunsthøgskolane. Denne maktoverføringa skjer gradvis og umerkeleg, og vi blir ikkje merksame på henne før det har gått mange år.

Nokre får jobb

Bjarnadóttir meiner at det norske stipendiatprogrammet er svært ulikt ph.d.-program for kunst andre stader i verda.

– I det norske programmet er det kunsten som står i sentrum, og det var dette som var attraktivt for meg. Eg hadde nok ikkje søkt eit vanleg ph.d.-program. Her ved KHiB blir vi først og fremst evaluerte ut frå det kunstnariske produktet. 

– Kva er planen din etter at du er ferdig?

– Då jobbar eg som heilt sikkert som kunstnar. Men om eg skulle få jobb som førsteamanuensis, tar eg jo den, seier ho.

Alle som får godkjent resultatet i stipendiatprogrammet, kan nemleg skilte med tittelen førsteamanuensis ved tilsetting i høgskolesektoren.

– Men det er få ledige stillingar, og det er ikkje alltid desse som får dei ledige jobbane, seier Johan Sandborg, som er prorektor ved KHiB.

– Ganske mange som har fullført programmet, har gått inn i mellombelse oppdrag i kunstutdanningane. Andre har fått viktige jobbar i det offentlege kunstlivet. Eg vil tippe at mellom ti og tjue prosent held fram som reine kunstnarar etterpå.

Internasjonal trend

Sandborg fortel at dei i Sverige har ei liknande utdanning med utgangspunkt i kunstnarisk verksemd.

– Der er utdanninga godkjend som doktorgrad og heiter Konstnärlig doktorexamen. I Sverige  bruker dei omgrepet «konstnärlig forskning». Så vi jobbar ikkje aleine. Dette ligg i tida, seier han.

Malterud seier det er fleire land som i dag tar etter den norske modellen.

– Før vi starta opp, hadde vi sett eksempel på, særleg i Storbritannia, at kunstnariske prosjekt innanfor vitskaplege doktorgradsrammer ikkje førte til gode resultat korkje på kunstnariske eller vitskaplege premiss. Modellen som er vald i Noreg, set kunsten i sentrum. Sverige har henta inspirasjon frå det norske programmet, og i Nederland og Belgia er det tilsvarande innretningar. Så vi er ikkje aleine om denne utviklinga.

Blir ikkje vitskapleg

I Bergen fekk dei nyleg brev frå Kunnskapsdepartementet (KD) der det heiter at KD godkjenner den faglege vurderinga til Nokut. Men departementet vil likevel ikkje akkreditere KHiB som vitskapleg høgskole no. Regjeringa ønskjer å fryse strukturen i høgare utdanning fram til strukturmeldinga blir lagd fram i 2015.

Det er første gongen Kunnskaps-departementet har gjort dette.

– Ja, du kan tru vi har lese dette brevet mange gonger, seier Malterud.

– Dette må vere første gongen at dei uavhengige akkrediteringsprosessane til Nokut ikkje blir følgd opp frå departementet med det avgjerande vedtaket.

Nokut-direktør Terje Mørland er einig:

– Det er første gongen KD har gjort dette. Men det står klart i regelverket at departementet har denne retten. For at ein institusjon skal kunne søkje KD om å endre status, må Nokut først gje ei fagleg akkreditering. Deretter kan departementet gjere ei samla vurdering utanfor det faglege, seier Mørland.

– Kvifor trur du at kunsthøgskolane vil bli vitskaplege?

– Det vi veit, er at alle institusjonar, anten dei er ordinære universitet og høgskolar eller kunsthøgskolar, er veldig opptatt av hierarkiet som er etablert. Det handlar rett og slett om å få anerkjent det kunstfaglege arbeidet dei gjer på eit høgare nivå.

Ved KHiB er statusen som vitskapleg høgskole sett på vent, og Malterud meiner det er ein pussig situasjon å komme i:

– Når Nokut har godkjent oss, kunne vel KD ha sagt at det er greitt inntil vidare, men at det kan bli ei kortvarig glede!