«Det er ikkje mange som framstiller fusjonane med entusiasme»
LUKK

«Det er ikkje mange som framstiller fusjonane med entusiasme»

Av Kåre Heggen, professor, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Publisert 8. februar 2019 kl. 14:26

Ein mistanke er at det går så mykje ressursar til forsking og PhD-program for å oppretthalde universitetsstatus, at dette går utover dei kortare profesjonsutdanningane, skriv Kåre Heggen frå Høgskulen i Volda.

Nokre formulerer det om lag slik: Det handlar om å nivellere nedover til minste felles multiplum, skriv Kåre Heggen.

Frå 2015 og utover gav regjeringa med statsråd Torbjørn Røe Isaksen og statssekretær Bjørn Haugstad i spissen grønt lys for ei storstilt fusjonsbølgje i høgre utdanning. 33 høgre utdanningsinstitusjonar blei gjennom ein samanslåingsprosess gjort om til 21. No ser ein følgjer som kan tyde på at dette kanskje var ei uheldig utvikling, og ein prosess som det i så fall kan vere nærast uråd å reversere.

Høgskular og/eller universitet utbygd i alle fylke i heile nasjonen, er del av ei lang utdanningshistorie i Norge. Meir enn hundre år attende var lærarseminara og seinare, lærarskulane, svært viktige for å utdanne mange nok og godt kvalifiserte lærarar til alle delar av landet. Dei rekrutterte ikkje minst komande lærarar frå bygdemiljø langs heile kysten, og desse sikra også kvalifiserte lærarar til resten av landet. Og for rundt 50 år attende, sytte «Ottosen-komiteen», med namn etter leiaren, Arbeidarparti-politikaren Kristian Ottosen, for at regjering og storting utvikla eit nytt skuleslag, Distriktshøgskular, i fylka i Norge utanom dei som frå før hadde etablerte universitet. Formålet var å gi ungdom og andre rundt om i norske distrikt tilgang på høgre utdanning, men med dette samtidig å sikre tilgangen på godt kvalifisert arbeidskraft til dei same distrikta. Omfattande studiar på grunnlag av registerdata, gjennomført ved Senter for profesjonsstudier ved dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus (Gythfeldt og Heggen 2012; Røberg 2014) dokumenterer nettopp kor viktig rolle høgskulane spelar for nett slik rekruttering.

Gode prosessar før fusjonsbølga

Dei siste tiåra før fusjonsbølgja har høgskulane stort sett vore inne i gode prosessar. God søking og mange kandidatar som er kvalifiserte for arbeid i sine regionar. Høgskulane har vore sterke på 3-årige bachelorprogram, men har etter kvart også utvikla master- og til dels PhD-tilbod. Forskingsverksemda har vore mindre omfattande enn på dei etablerte universiteta, men også her har høgskulane styrka seg.

Fusjonsprosessen inneber at høgskulane er i ferd med å forsvinne i norsk høgre utdanning. Fleire har blitt fusjonert inn i store universitetsstrukturar, som NTNU med Trondheim, eller Nord universitet med Bodø, som midtpunkt. Andre har slått seg samen med andre høgskular og fått universitetsstatus, som Universitetet i Sørøst Norge (Vestfold og Telemark) eller dei som søkjer eller planlegg å søkje universitetsstatus på denne måten (Høyskolen Innlandet og Høgskulen på Vestlandet).

Når kritikarar av fusjonsreforma hevda at denne kunne svekke dei mindre, regionale høgskulemiljøa, var svaret frå t.d. statssekretær Haugstad at tanken med reforma tvert i mot var å oppretthalde og styrke desse. I dag ser ein tendensar til at dette ikkje stemmer. Rektor for Universitetet i Sørøst Norge, Petter Aasen, seier t.d. rett ut til universitetsavisa Khrono at styret no må vurdere «om opprettholdelse av alle 8 campuser er faglig og økonomisk forsvarlig» (22.11.2018). Liknande tankar har kome fram ved universiteta i Nord-Norge. Når økonomien i offentleg sektor truleg vil bli redusert dei komande åra, er det fare for at dette kan bli svaret, stikk i mot Haugstad sine tidlegare forsikringar

Enormt med tid og pengar

Ein annan ting er dei effektane ein kan observere i dei fusjonerte fagmiljøa. Eg kan på ingen måte hevde at mine inntrykk er representative for alle, t.d. kjem nok mine informantar frå nokre bestemte fagmiljø, særleg innan samfunnsfag og lærarutdanning. Men eg har snakka med ganske mange siste året, og svara er påfallande eintydige. Det er ikkje mange som framstiller fusjonane med entusiasme. Tvert i mot. Noko som går att er at det går med enormt med tid og pengar til å møtast, til reising og hotellopphald. Den sentrale administrasjonen blir større og dyrare, på same måten som Torgeir Bruun Wyller tidlegare har vist for helseføretaka. Ein spør seg kva denne ressursbruken går ut over, og fryktar at det er ein varig trend.

Mange seier at mykje av verksemda handlar om administrasjon og kontroll – å skape like ordningar og rutinar ved alle campusar og fagmiljø. Nokre formulerer det om lag slik: Det handlar om å nivellere nedover til minste felles multiplum. Like ordningar er sikkert viktig nok, men om ein tenkjer at leiing også handlar om fagleg støtte og leiing, meiner mange at denne sida blir lite ivaretatt. Det handlar om å setje faglege mål for undervisning og forsking, og om å stimulere dei tilsette til å levere gode undervisnings- og forskingstenester. Nokre seier også at all energien brukt på sentral styring, fører til at lokal leiing og administrasjon blir lasta over på dei lokale faglege leiarane, som dermed får mindre tid til sine faglege oppgåver. Nokre høgt kvalifiserte seier klart at om dette ikkje blir betre, vil dei seie opp stillinga si som professor eller førsteamanuensis.

For eigen del hadde eg tenkt at det å kome med i større forskingsgrupper og -miljø, utover eige høgskule, kunne vere ein positiv effekt av fusjonane. Men mange av dei eg har snakka med ser lite av dette. Nokre seier at dei no er meir usikre enn før på om det er realistisk å planleggje og utvikle nye fagtilbod på master- eller PhD-nivå, fordi makta er flytta til sentrum i den nye institusjonen. Der ligg også trugsmålet om nedlegging. Ein er usikker på kva som skjer med dei lokale fagtilboda og dei tidlegare høgskulane når makta ligg meir sentralt enn før, økonomien kanskje er svakare og ein har same type program ved fleire campusar. Ein annan mistanke ein møter, er at det vil gå mykje ressursar til forsking og PhD-program for å oppretthalde universitetsstatus, og at dette går utover dei kortare profesjonsutdanningane som har vore dei mest omfattande programma i mange tidlegare høgskular.

Den prosessen som skjer no er truleg uråd å reversere. Mykje av det som skjer har fellestrekk med reforma i sjukehusa med omlegging til Helseføretak tidleg på 2000-talet. Det var ein strategi som flytta ansvaret ned på dei regionale styra. Politikarane i regjeringa kunne toe sine hender og skulde på desse når helseinstitusjonar vart nedlagde. No kan vi sjå det same her. Gamle høgskular kan bli nedlagt utan at strategane bak i regjeringa tek ansvar. Det får rektorane og dei nye institusjonsstyra ta seg av. Dessverre kan det hende at regjeringa med Isaksen i spissen har sett i verk ein irreversibel reform med svært uheldige effektar.

Innlegget sto først på trykk i Klassekampen.

  • Les også: