Publisert 7. mai 2020 kl. 17:44
Som eitt av svært få museum har Stiftinga Norsk Folkemuseum fått midlar frå Kulturdepartementets kompensasjonsordning for arrangørar. Museet fekk nyleg 1 662 530 kroner i kompensasjon for tapte inntekter.
– Det var svært gledeleg at vi fekk desse pengane, som ein kompensasjon for påska som forsvann. Ingen av dei andre krisepakkene har passa for oss. Så kom endeleg denne pakka som er ei arrangementstøtte, seier direktør Olav Aaraas ved Norsk Folkemuseum.
Norsk Folkemuseum har permittert heile 170 av rundt 200 tilsette etter at museet måtte stenge.
– Vil desse pengane føre til at fleire kjem tilbake i jobb?
– Ja, heilt klart. No leitar vi med lys og lykte etter midlar til å få folk tilbake. Budsjettet vårt ser litt betre ut.
– Før vi permitterte tilsette søkte vi Kulturdepartementet om 21 millionar kroner, med den grunngjevinga at vi då kunne sleppe å permittere folk. Men den søknaden har vi ikkje fått svar på enno, noko eg synest er ganske rart.
Aaraas seier målet er å få dei tilsette i jobb att så raskt som mogleg.
– Vi ser at denne situasjonen slit på folk. Men vi veit ikkje sikkert når alle kan kome tilbake. Ein del som arbeider i førstelinja med billettar og kafear, kjem tilbake no i mai. Dei har vore 100 prosent permitterte, fordi heile jobben deira forsvann. Forskarane og dei som jobbar med utstillingar har vi vald å delvis permittere, slik at dei framleis har nokre arbeidsdagar i veka.
– Styresmaktene har no opna opp for besøkande ved musea?
– Ja, Eidsvoll 1814 skal opne veka før 17. mai, og både Bogstad gård og friluftsmuseet på Bygdøy håpar å kunne opne litt redusert den 14. mai.
Linda Moe, som er tillitsvald for Forskerforbundet ved Norsk Folkemuseum, seier permitteringane varer ut mai.
– Vi ventar spent på kva som skjer, vi må ha beskjed 14 dagar før permitteringsperioden går ut. Dette er ganske frustrerande situasjon for oss, og det er svært lite produktivt å gå for halv maskin, seier Moe.
For Folkemuseet er det først og fremst er billettinntektene som forsvinn, og heile 40 prosent av besøkande er utanlandske turistar.
– Vi har på eit vis vorte for flinke. Fordi budsjetta stadig har blitt trongare, har vi satsa på større inntjening ved drift av butikkar, kafear og utleige av selskapslokale. Men då alt saman måtte stenge, rauk inntektene våre.
Museet skal ha styremøte 14. mai.
– I forkant må vi drøfte med tillitsvalde kor mange vi kan ta inn att i arbeid. Det vi jobbar med no, er å skaffe eit godt nok underlag for å kunne klare dette, seier han.
Aaraas vonar det blir fleire krisepakker.
– Nesten ingen andre museum kan nyte godt av kompensasjonsordninga for arrangørar. Dei kulturhistoriske musea er det visst ingen som bryr seg veldig mykje om, seier direktøren.
Stiftinga Norsk Folkemuseum består av Bogstad gård, Bygdø Kongsgård, Eidsvoll 1814, Ibsenmuseet, Norsk Maritim Museum og Norsk Folkemuseum.