– Forskarar har ein lei tendens til å bli gode i det dei blir målte på
LUKK

– Forskarar har ein lei tendens til å bli gode i det dei blir målte på

Av Kjerstin Gjengedal

Publisert 28. september 2020 kl. 12:58

Dei negative konsekvensane av teljekantar kan neppe nedkjempast med andre typar måling, meiner kritikarar.

Utstrekt bruk av teljekantar som kriterium ved jobb- og prosjektsøknader er omdiskutert. Kan ein med meir nyanserte kriterium risikere å berre forsterke måleregimet? Protestrørsla New University Norway er mellom dei som fryktar at målingar aldri vil kunne fange kompleksiteten i det eit universitet skal vere.

«På lengre sikt ønskjer vi oss ei ny forskrift som opnar for eit større mangfald i kva slags professorar vi kan få», sa Finn-Eirik Johansen, professor ved Universitetet i Oslo, i førre utgåve av Forskerforum.

Johansen leier ei arbeidsgruppe nedsett av Universitets- og høgskulerådet, som har til oppgåve å foreslå rettleiande prinsipp for vurdering av forsking knytt til prosjektsøknader, tilsettingar og opprykk. For dei fleste er samde i at opprykket eller prosjektsøknaden ikkje skal stå og falle med kor mange artiklar du har fått publisert i dei rette tidsskrifta.

Men spørsmålet er om problemet med einsretting av forskarkarrierar løysast ved å leggje til nokre fleire teljekantar.

Spør fagmiljøa

Eli Smeplass, førsteamanuensis i yrkesfagpedagogikk ved NTNU og ein av initiativtakarane bak protestrørsla New University Norway, er avventande.

Eli Smeplass. Foto: NTNU

– Eg er glad for å høyre at ein vil ha eit rikare tilfang av idear om kva kriterium som skal leggast til grunn, men eg veit ikkje om det bør gjerast på denne måten, av ein komité. Ein bør gå til fagmiljøa og spørje kva dei driv med, men som dei ikkje får utteljing for i dag, seier ho.

Kriterium er problematiske fordi det er så store skilnader mellom fagmiljø. Vi ser at publisering er blitt veldig viktig, men nokre fagmiljø har vanskeleg for å leve opp til standardar som eigentleg stammar frå medisinsk og naturvitskapleg praksis med mange artiklar og mange internasjonale medforfattarar. Det er vanskeleg i andre fag som er meir baserte på andre typar sluttprodukt, seier ho.

Smeplass dreg fram sitt eige fagfelt, utdanningsforsking, som døme. Forskingskonteksten er typisk nasjonal eller regional, og forskingsresultata høyrer ikkje utan vidare heime i dei store engelskspråklege tidsskrifta.

Fryktar flikking

New University Norway, som er inspirert av tilsvarande rørsler i andre land, har vakse fram i protest mot ein UH-sektor dei oppfattar som meir nytte- og marknadsorientert og konkurransedriven. Hangen til å måle og rangere er ein del av dette problemet, meiner dei. Smeplass er i utgangspunktet kritisk til å prøve å løyse problemet ved hjelp av endå meir måling, men erkjenner at alternativa er få.

– Forskarar og institusjonar har ein lei tendens til å bli gode i det dei blir målte på. Alle slike system viser seg å ha uintenderte konsekvensar. Eg ønskjer velkomen all nyansering og utviding av kvalitetsomgrepet, men samstundes kan ikkje sektoren reduserast til enkle kriterium. Det kan lett bli ei ad hoc-løysing, at ein lappar på systemet i staden for å rette på den grunnleggjande feilen, seier ho.

– Eg har lese mange strategidokument frå mitt eige universitet dei siste åra, og dei viser ein grunnleggjande ide om evig vekst. Vi skal ha meir publisering, fleire resultat, meir prosjektmidlar. Men ingenting tyder på at kvalitet blir forstått som grunnleggjande kvalitetsfremjande arbeid i fagmiljøa, det er berre snakk om dei tinga som er synlege frå toppen. Som typisk er publikasjonar.

Tvilsamt meritokrati

Rebecca Lund er postdoktor ved Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved Universitetet i Oslo og forskar på likestilling, mangfald og kunnskapsproduksjon i akademia. Ho trur heller ikkje at eit utvida sett med vurderingskriterium nødvendigvis vil løyse alt.

– Eg trur det kjem an på mykje, ikkje minst på kven som er involvert i å utvikle kriteria. Og mange av desse måle-og-vege-løysingane, same kor nyanserte dei er, skapar ei forteljing om at vi alle blir målte på like vilkår. At det er eit meritokratisk system. Men det er det jo sjeldan, seier Lund.

Ho peiker på at når ein forskar kjem i jobb i eit fagmiljø, vil det uansett skje ei form for fortolking av kriteria.

– I siste instans er det problematisk at ein trur ein kan lage ei slik form for løysing. Men dersom det først skal vere, så er det jo betre at kriteria er nyanserte enn at dei er snevre.

Asymmetrisk forsking

At det trengst ein debatt om korleis ein skal vektleggje vitskapleg publisering i artikkelformat, er ho derimot ikkje i tvil om. Ikkje berre er det problematisk at mange forskarar kjenner seg tvinga til å publisere på eit språk som ikkje er deira eige. Den angloamerikanske dominansen i tidsskriftmarknaden får også konsekvensar for kva kunnskap som blir produsert, særleg i humaniora og samfunnsvitskapane, hevdar ho.

– Spesielt dei store amerikanske tidsskrifta fører med seg ei forventing om at ein skal bruke bestemte teoriar og omgrep frå amerikansk kontekst, og gjer du ikkje det, må du forklare kvifor. Det skapar ein asymmetri, for teoriane er konstruerte for å forklare amerikanske fenomen. Forskar du i ein norsk kontekst, er det mykje du ikkje vil kunne få fram ved å bruke dei teoriane, seier ho.

Frå opphald i USA har ho erfaring med at forsking som ikkje er plassert i ein amerikansk kontekst, blir møtt med total mangel på interesse. Til dømes deltok ho ein gong på ein konferanse som handla om framtida for høgare utdanning i globalt perspektiv – men i røynda var perspektivet amerikansk.

– Det globale og det amerikanske blir sidestilt. Påpeikar ein det, så ser dei amerikanske akademikarane at dei har denne imperialistiske tendensen, og er kanskje litt flaue for det, men kvifor skal dei forhalde seg til andre perspektiv når tidsskrifta uansett forventar at dei skal reprodusere det perspektivet dei har?

Etterlyser debatt

Og dersom denne sentrum-periferi-relasjonen i vitskapleg publisering er synleg frå Norden, kan ein berre tenkje seg kor mykje vanskelegare det er for forskarar frå Afrika eller Latin-Amerika, som har langt dårlegare økonomiske rammevilkår.

– Dette er ein reell dynamikk som eg tykkjer det er viktig å vere merksam på, seier ho.

Som Smeplass etterlyser Lund ein større debatt på grasrotplan om kva som skal vere inkludert i kvalitetsvurderingar.

– Som utgangspunkt kunne eg ønskje meg at debatten gjekk føre seg i fagmiljøa. I dagens situasjon er nok nasjonale vurderingskriterium i ein forstand nødvendige, fordi vi må tilpasse oss ein internasjonal konkurransesituasjon. Men då bør i alle fall fagmiljøa kome med innspel til korleis dei ønskjer at kriteria skal vere utforma, i staden for at ein berre vel ein modell med utgangspunkt i naturvitskapane. Vi treng ein meir demokratisk debatt om dette, seier ho.

Skulle det vere eitt land i verda som er i stand til å stå imot dei nyliberale tendensane i UH-sektoren, og skape rom for gode og trygge forskarkarrierer, burde det vere den norske velferdsstaten, meiner Smeplass. Til dømes har New University Norway i eit høyringssvar til den nye universitets- og høgskulelova lagt fram ei rekkje forslag til korleis institusjonane betre kan ta vare på arbeidstakarane sine og leggje til rette for meir demokrati i sektoren.

– Vi ser at mange avgjerder som blir tekne no, kjem frå institusjonsleiing og departement, og at det går i eit rasande tempo utan reell medverknad nedanfrå. Så det er kanskje det viktigaste: Dersom vi skal endre på vurderingsregimet, må vi ha ein inkluderande dialog som er open for innspel frå grasrota i staden for at nokon tek raske avgjerder som får kjempestore konsekvensar, seier ho.

Les også: