Forskingsformidling - eit kart over eit kaotisk terreng

Av Åsmund Eikenes

Publisert 30. september 2016

Er problemet at ein generasjon nye forskarar ikkje lærer å skrive, eller at kommunikasjonsrådgivarar har andre motiv enn å fremje forskinga?

Eikenes, Åsmund (Jon Olav H. Eikenes)

Åsmund Eikenes, ph.d. og forskingsjournalist i framtida.no.

Diskusjonar om forskingsformidling vert diverre ofte uoversiktlege. Dei fleste er einige i at formidling er både positivt, lovpålagt og ein styrke for demokratiet, men det verkar til at det er ein del forvirring rundt å identifisere sjølve problema.

Under debatten om forskingsformidling på Litteraturhuset denne veka, vart nok ein gong gode løysingsforslag drukna av forvirring om kva ein diskuterte til kva tid.

Er problemet at ein generasjon nye forskarar ikkje lærer å skrive? Er problemet at alt for få av dei noverande forskarane driv formidling, fordi insentiva ikkje finnast? Er problemet at kommunikaskjonsrådgivarane, som hjelper forskarar til å skrive, visstnok har andre motiv enn å fremje forskinga? Eller er problemet noko heilt anna? Og kven er dei ulike personane som driv med, fasiliterer og bidreg til forskingsformidling i dag?

Dersom det er ulike spørsmål gøymt i denne debatten, bør dei også få ulike løysingsforslag. Å snakke om alle tre samtidig, utan tydeleg opprydding undervegs, vert rotete.

Her er ei oppsummering for dei tre hovudutfordringane:

  1. Alt for mange studentar får ikkje trening i å skrive godt norsk. Ein rekke institutt i heile Noreg har starta kurs for å betre skrivetreninga. Godt språk gir større fagleg refleksjon, noko som gjer studentane betre eigna for arbeidslivet. Kanskje vil det vere nyttig å samle fagmiljøet for forskingsformidling, slik at nye initiativtakarar slepp å finne opp hjulet på nytt?
  1. Berre eit fåtal forskarar tek seg tid til å (på eige initiativ) formidle forskingsresultata sine. Når både undervisning og forskingsresultat, men ikkje formidling, premierast med fast jobb, er prioriteringa forståeleg. Det finnast fleire forslag til insentiv som kan auke andelen forskarar som driv med formidling, og den lovpålagte formidlingsoppgåva må følgast opp av leiarane.
  1. Vert formidlinga annleis dersom kommunikasjonsutdanna kollegaer bidreg til å få forskingsresultata ut til folk flest? Det kan verke til at nokre meiner at resultatet av formidlinga vert best dersom forskarane kan få gjere den heilt åleine, med forskingsresultata i sentrum, men at dersom kommunikasjonsavdelinga er involvert, vert formidlinga påverka av krav om å bygge merkevare og auke rekruttering. Kva er motsetningane mellom fagfolk innan kommunikasjon og fagfolk innan eit forskingsfelt? Er det berre motsetningar, eller finnast det også synergieffektar for formidlinga? Slike spørsmål treng gode svar, til dømes gjennom Forskingsrådet si komande utlysing retta mot forsking på forskingsformidling.


Tre ulike, store og uferdige
debattar altså. Men før vi går vidare trengs det ei oversikt over aktørane.

Sjølv om vi med ein PhD frå Universitetet i Oslo ikkje lærer å skrive, lærer vi mykje anna nyttig. Mellom anna lærer vi at for å løyse komplekse problem, må ein byrje med å få oversikt over dei ulike delane.

Debatten om forskingsformidling har mangla ei god oversikt over dei ulike aktørane. Utan å forstå kven som bidreg, og korleis ulik kompetanse utfyller kvarandre, kjem vi ikkje vidare. Følgande illustrasjon er eit forsøk på å kartlegge dette terrenget.

Oversikt over nokre av aktørane, og samspelet mellom dei, innan forskingsformidling. Personane er designa av Freepik.com, illustrasjon av Åsmund H. Eikenes.

Oversikt over nokre av aktørane, og samspelet mellom dei, innan forskingsformidling. Personane er designa av Freepik.com, illustrasjon av Åsmund H. Eikenes.

Illustrasjonen inkluderer mange, men ikkje alle, av aktørane som er involvert i forskingsformidling (A-G). Forskarar (både dei som ikkje vil/kan (A) og dei som tek seg tid til formidling (B)), kommunikasjonsrådgivarar (C), forskingsjournalistar (D), formidlarar/debattantar (E), redaktørar (F) og lesarar (G). Kvar av desse har ulike tilnærmingar til formidlinga, og har viktige innspel for å sikre at lesarane får ta del i ny kunnskap.

Fire alternative ruter for formidling av forsking er også illustrert (1-4). Ofte startar det med ein forskingsjournalist som vil ha svar på eit spørsmål eller følge opp ein ide (1). Direkte kontakt med fleire forskarar og innspel frå kommunikasjonsrådgivarane (i ulik grad, og med stor variasjon) resulterer i ein artikkel som filtrerast gjennom ein redaktør før publisering.

Ved publisering av nye forskingsartiklar bidreg ofte kommunikasjonsrådgivarane til å finne gode format, vinklingar og målgrupper for nyhenda som ligg gøymt i forskingsresultata (2). Nokre forskarar er sjølvgåande og produserer artiklar og andre formidlingsbidrag utan innspel frå lokale ressursar (3). I tillegg er det også rådgivarar og debattantar som aktivt nyttar forskingsresultat i kronikkar og debattinlegg, og som på ulike måtar bidreg til å løfte fram ny kunnskap (4).

Det finst sjølvsagt uendelege variasjonar av korleis ulike aktørar samarbeider om å få forskingsresultata fram til lesarane, og det er mange fleire personar som bidreg. Poenget er at venner av forskingsformidling er ei stor gruppe av ulike typar folk, ekspertar på kvar sine område. Målet bør vere at vi skal gjere kvarandre flinkare og samarbeide om å løyse utfordringar.

Korleis skal vi lære ein ny generasjon forskarar eit godt, norsk språk, slik at dei lettare kan samarbeide med andre fagfolk for å formidle? Korleis kan vi legge til rette for at fleire forskarar får verktøy og tid til å bidra til samfunnsdebatten? Korleis kan ekspertar innan kommunikasjon vere til hjelp for at forskinga skal nå fram til lesarane?

Dette kartet er eit forsøk på å beskrive terrenget. Eg håpar det inspirerer til å delta vidare på ekspedisjonen!

Debatten på Litteraturhuset tok utgangspunkt i ein artikkel, Trøbbel i tårnet, av Ståle Wig og Henrik Svensen, der dei problematiserer og diskuterer korleis forskingsformidlinga bør utviklast. I panelet deltok Audun Farbrot, Asle Haukaas, Ragnhild Hennum, Thomas Evensen i tillegg til Svensen. Eivind Lauritsen frå forskning.no leia debatten.