Makt i egalitær drakt
LUKK

Makt i egalitær drakt

Av Oddgeir Osland

Publisert 18. mars 2019 kl. 15:05

Mykje av interesse om og for middelklassen.

Maktforhold gjennomsyrer alt menneskeleg samvær, frå organisasjonar til dei mest familiære og intime samliv. Dette er grunntanken i den maktanalytiske og maktkritiske sosiologiske tradisjonen frå Max Weber til Pierre Bourdieu. Og tanken har mykje føre seg: Dei rangordnande evnene til menneska ser ut til å vere eit universelt fenomen. Men fenomenet varierer, frå samfunn der grupper vert definerte som undermenneske, til relativt meir likeverdige samfunn – som det norske. 

Fakta
<

Boka Middelklassekulturen i Norge byggjer på denne tradisjonen, og går i dialog med – men er også kritisk til – Bourdieu og andre variantar av klasseteoriane. Sentralt i Bourdieus analysar, som oftast handlar om det franske samfunnet, er at kulturelle rangordningar (til dømes av mat og vin) inneber at den som rangerer, stiller seg kulturelt overlegen dei som har andre, «lågareståande» preferansar. Kritikken tek utgangspunkt i den observasjonen at norsk middelklasse uttrykkjer skepsis til kulturelle rangeringar, som til dømes det å meine at Dag Solstad er ein betre forfattar enn Anne Holt. No kan vi tenkje oss ulike grunnar til ein slik skepsis. Éin grunn kunne vere at dei rett og slett meiner at kulturelle uttrykk ikkje lèt seg rangordne. Eller at dei heller ser på kultur som avslappande underhaldning enn som ei kjelde til innsikt og utvikling. Og slike tankar er då også vanlege blant dei 113 informantane frå den høgt utdanna middelklassen. Det er også førestillinga om at kulturelle rangeringar er intellektuelt snobberi, dei snur så å seie Bourdieus innsikter på hovudet og vegrar seg mot kulturell rangordning nettopp fordi dei assosierer dette med rangordninga av dei menneska som har ulike kulturelle preferansar.

Denne empiriske analysen vert kopla til ein breiare historisk-sosiologisk analyse av korleis den norske middelklassekulturen er forma – ein kultur prega av at dei har få symbolske uttrykk for felles identitet, og der egalitære verdiar formar klasseprosessane og sjølvforståinga. Koplingane mellom intervjumaterialet og institusjonelle særdrag ved det norske samfunnet er både styrken og veikskapen ved boka. Døme: Forfattarane dreg interessante sambandsliner mellom den uklare og tvitydige statusen som akademisk kunnskap har blant informantane, og tesen om at det finst ein særnorsk anti-intellektualistisk tradisjon, men denne tesen blir i større grad postulert enn kritisk undersøkt. Og dei delane av analysane som kviler på kontroversielle forskarar som Nina Witoszek og Terje Tvedt, vil fort bli disputerte.

Mangt i boka kan ha interesse for dei som er opptekne av historie og politikk, og ikkje minst for potensielle lesarar i den norske middelklassen. (Ein skal jo ikkje sveipe lenge innom P2 eller norske bokhandlar for å sjå at vi er eit lesarsegment med interesse for vårt eige verdsbilete.) Men slike allment interesserte lesarar bør nok også ha ein viss affinitet, eller i det minste aksept for boka sitt tredje hovudtema: bidraget til ein sosiologisk teoridiskusjon.

Boka kunne nok fått eit breiare nedslagsfelt om forfattarane meir stringent formidla sitt eige analytiske rammeverk og bidrag, og i mindre grad integrerte internsosiologiske skiljemerke og kommentarar i sjølve analysen. Eit viktig bidrag er at dei ser på den akademiske middelklassen sine forsøk på å posisjonere seg sjølv som eit moralsk arbeid for å redusere skilnadene mellom seg og andre samfunnsgrupper. Ein enklare og friare analyse kunne også aktualisert boka politisk. Det kunne til dømes ha vore interessant om forfattarane drøfta om desse særdraga ved den norske middelklassen gjer det norske samfunnet meir resistent mot elitekritikk og opprør av den typen vi ser i mange land, eit opprør som meir rettar seg mot den kulturelle enn den økonomiske eliten. Men det blir kanskje i ei anna bok?

Sjølv legg eg frå meg boka med tanken på den gleda eg kjenner ved å leve eit liv i det som eg ofte opplever som rom fylte av likeverd, ikkje minst når eg omgåst familie og vener som i det ytre har heilt andre posisjonar enn eg har.

Eit førestilt fellesskap om verdien av godt arbeid og gode liv, av fellesskap på fotballpubar, kunstutstillingar og i poetiske rom. Og i undring over dei som ikkje ønskjer å skilje mellom gode og middelmåtige forfattarskap. Som om ein ikkje skal kunne skilje mellom gode og dårlege snikkarar fordi ein trur vurderinga rommar så mykje meir enn det. Og med førestillinga om at vi har eit felles prosjekt der vi sameinar det å oppvurdere og dermed rangere kunnskap ut frå ein skepsis til store status- og lønnshierarki med basis i dette kunnskapshierarkiet. Vel vitande om at dette er tankane til ein kunnskapsarbeidar i den egalitære norske tradisjonen, og at eg med slike tankar er eit objekt for analysen til sosiologane.