Meir fysisk frammøte, men fortsatt ein del digital undervisning. Slik blir haustsemesteret.
LUKK

Meir fysisk frammøte, men fortsatt ein del digital undervisning. Slik blir haustsemesteret.

Av Johanne Landsverk

Publisert 6. august 2021 kl. 15:12

Universitet og høgskular vil ha studentane tilbake til studiestadene. Rektor ved UiB håpar fadderveke og opning går som planlagt, trass i smitteutbrott i Bergen.

– Det er spennande tider i Bergen, seier UiB-rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen (UiB). For i det studiestarten nærmar seg opplever Bergen nye smitteutbrott. Førebels er det ikkje innført nye lokale smittevernreglar som påverkar opninga av semesteret. Hagen seier utdanningsinstitusjonane i Bergen er i tett dialog med Bergen kommune om situasjonen.

– Eg er moderat optimist. Vi gler jo skikkeleg til å få studentane tilbake på campus og ønskje dei velkomne fysisk, seier UiB-rektoren.

UiB er éin av 11 institusjonar Forskerforum har kontakta om planane for haustsemesteret når det gjeld undervisning, semesteropning og heimekontor (sjå faktaboks).

Fakta
Forskerforum har kontakta desse institusjonane:

Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo, Oslomet, NTNU, UiT- Norges arktiske universitet, Universitetet i Søraust-Noreg, NMBU, Universitetet i Stavanger, Universitetet i Agder, Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole.

Alle planlegg ein kombinasjon av fysisk og digital undervisning denne hausten, og dei fleste legg opp til at mest mogleg av undervisinga skal føregå fysisk på studiestaden. Institusjonane Forskerforum har snakka med, opnar framleis for heimekontor, som oftast i samråd med næraste leiar. Og dei fleste skal arrangere fadderveke, men i forsiktige former.  

Her er utdrag frå svara til institusjonane, noko omarbeidd:

UiB – Så mykje fysisk undervisning som mogleg

Som dei fleste universitet og høgskular planlegg UiB for meir fysisk undervisning denne hausten.

Fakta
Regjeringas plan for gjenopning av universitet og høgskular:

Steg 3:
Auka fysisk undervisning. Registrere kven som er til stades og deira seteplassering for å lette smittesporing. Vurdere bruk av regelmessig testing.

Steg 4:
Fysisk undervisning frå semesterstart i haust. Generelle smitteverntiltak, men med unntak frå avstandskrav under undervisninga.
UiB-rektor Hagen fortel at haustsemesteret er planlagt ut frå gjeldande smittevernreglar, det vil seie steg 3 i den nasjonale gjenopningsplanen (sjå faktaboks).

– Vi har alltid ein plan b og c. Men eg er moderat optimist, seier UiB-rektor Margareth Hagen. Foto: Eivind Senneset/UiB

– Vi planlegg så mykje fysisk undervising som mogleg, men vi skal halde meteren, så det blir også ein del digital undervisning der det ikkje er mogleg med fysisk frammøte, seier Hagen. Ho håpar likevel at alle studentar og tilsette er tilbake på campus i løpet av hausten.

– Heimekontor er framleis mogleg, etter avtale med næraste leiar. Men vi trur mange tilsette vil vere til stades på kontoret no. Nye reglar for heimekontor skal elles tre i kraft etter steg 4 i gjenopninga.

Trass i aukande smitte i Bergen, vil det etter planen bli arrangert fadderveke ved UiB, der førsteårsstudentar blir delte inn i mindre grupper.

– Vi ønskjer oss ei organisert fadderveke heller enn private arrangement som vi ikkje har kontroll på, seier UiB-rektoren.

– Vi skal også ha opningsseremoni på Muséplass som vanleg. Men der er det ikkje plass til alle, så det blir i tillegg digital strøyming av seremonien.

Universitetet i Tromsø: – Vi vil ha studentane tilbake!

Ved UiT Norges arktiske universitet blir det fysisk oppmøte for studentar ved dei ulike studiestadene.

– Alle skal møte opp til semesterstart. Vi vil ha studentane tilbake til studiestadene våre, seier rektor Dag Rune Olsen ved UiT.

– UiT legg hovudsakleg opp til fysisk undervisning denne hausten. Men vi har nokre digitale tilbod der vi ikkje greier å sikre ein meters avstand, slik kravet er i fase 3.  

Frå studiestarten ved Universitetet i Tromsø i 2012. I år blir opningsseremonien i labyrinten delvis fysisk og delvis digital. Foto: UiT

Olsen seier UiT legg til grunn at også dei tilsette skal vende tilbake til kontora sine.

– Men der regjeringa har oppmoda om at ein viss del av dei tilsette skal ha heimekontor, legg vi opp til at dei respektive leiarane sørgjer for at dette er i tråd med anbefalingane frå styresmaktene. Elles er UiT til stades på mange stader i Nord-Noreg, og ved lokale utbrott kan situasjonen raskt endre seg, seier Olsen.

Han seier semesteropninga ved dei ulike studiestadene ikkje blir heilt som før, på grunn av gjeldande smittevernreglar.  – Opningsseremonien i Tromsø ute i labyrinten blir difor delvis fysisk og delvis digital, seier han.

Heller ikkje fadderveka blir som tidlegare.

– Men vi har 700 fadrar på plass som har fått fadderopplæring og smittevernopplæring, og det føregår mange aktivitetar som er lagt opp slik at det skal vere trygt. Det blir også ei aktivitetsveke veka etterpå i regi av stundetidretten, der formålet er å engasjere dei nye studentane i ulike aktivitetar. Vi skal ta godt imot studentane, slik at dei blir gjort merksame på at ein må oppføre seg ansvarleg. Situasjonen er framleis utfordrande, seier Olsen.

UiOGler oss til fysiske møte

Også ved Universitetet i Oslo skal det vere fysisk oppmøte ved studiestart.

– Velkomstseremonien på Universitetsplassen, vår aller eldste og viktigaste tradisjon, blir gjennomført også i år, men med publikumstilpassingar. Elles blir tradisjonen med magisk stemning på campus, møte mellom studentar og morosame arrangement godt ivareteke av flinke og engasjerte fadrar og tilsette, seier rektor Svein Stølen.

UiO-rektor Svein Stølen ser fram til den magiske stemninga på universitetsområdet under opninga. Her frå den digitale velkomstsendinga i 2020. Foto: UiO

– Vi gler oss til å ta imot studentane, både nye og gamle. 1000 fadrar står klare til å rettleie faddergruppene i mange ulike aktivitetar.

– Blir det meir fysisk undervisning?

– Vi har planlagt for ein miks av fysisk undervisning og noko digitalt. Men så raskt det let seg gjere vil vi tilby meir fysisk undervisning.

– Fleire tilsette kan også komme tilbake til arbeidsplassen. Det er næraste leiar som bestemmer kven som skal vere til stades og korleis ordningar for heimekontor kan utførast i dialog med den tilsette, seier Stølen.

NTNU: 80 prosent fysisk undervisning

Ved NTNU vil om lag 80 prosent av undervisninga føregå fysisk.

– Dette er eit anslag og eit gjennomsnitt for all undervisning. Det betyr ikkje at kvart emne eller studieprogram skal ha 80 prosent fysisk aktivitet med oppmøte på campus. Førelesningar i emne med mange studentar vil gå digitalt. I mindre emne kan all undervisning bli gitt fysisk, fortel konstituert organisasjonsdirektør Roar Tobro ved NTNU.

Fadderveka samarbeider tett med linjeforeiningane om rammene for arrangement og om smittevern. 

– Vi er spente på smitteutviklinga i våre tre studiebyar, men håpar å kunne gjennomføre fadderveke nesten som vanlig, med nokre tilpassingar. Dei største fysiske samlingene blir kutta, og i staden blir det fleire mindre arrangement.

Frå immatrikuleringsseremonien ved NTNU i Trondheim i 2019. Foto: Thor Nielsen

Opningsseremonien 16. august blir hybrid ved NTNU. Studentane skal samlast i sine studieprogram i ulike rom der dei vil følge eit sceneprogram som blir sendt digitalt.

Torbo seier NTNU held fram med delvis heimekontor i tråd med føringane som gjeld for steg 3.  

– Men arbeidsgjevar skal no i større grad enn i vår vurdere om heimekontor er nødvendig i lys av lokal smitterisiko.

NTNU i Trondheim rettar seg elles etter anbefalingane frå Trondheim kommune.

HVL: Fadderveker med mindre grupper

Høgskulen på Vestlandet (HVL) planlegg ikkje for vanleg fadderveke.

– Gjeldande smittevernreglar betyr at fadderarrangement vert definert som private arrangement, noko som gjev ganske strenge restriksjonar i høve tal på studentar som kan vere samla. Vi har fadderveker over to veker, for å spreie arrangementa utover. Skulle nivå 4 bli innført før studiestart, eller det kjem andre nasjonale eller lokale råd og retningslinjer, vil vi tilpasse arrangementa, seier Anne-Grethe Naustdal, prorektor for utdanning ved HVL.

Planen ved HVL er å halde faddergruppene på 20 eller færre studentar, med moglegheit for mindre grupper om nødvendig. 

– Vi har god fadderopplæring i forkant med vekt på trygge fadderveker og smittevern. Det blir dessverre ikkje mogleg innanfor smittevernreglane å gjennomføre store temafestar og konsertar for studentane.

Ved HVL blir det ikkje tradisjonelle felles opningsseremoniar i år. Her frå studiestarten i Sogndal i 2019. Foto: HVL

Høgskulen har planlagt ein kombinasjon av fysisk og digital undervisning i haust, med gradvis meir fysisk undervising om smittesituasjonen tillèt det.

– Mange, både studentar og tilsette, har også nettopp gjort seg erfaringar der ein god og klok kombinasjon av fysiske og digitale lærings- og vurderingsformer vil vere ein del av den nye studiekvardagen, seier Naustdal.

Ho seier høgskulen bur seg på å opne meir opp i fase 4.

– Vi ser veldig fram til å ha studentane på campus og vi håpar mange vil komme på campus sjølv med digital undervisning, at dei vil finne seg studievenner og jobbe med læring saman i mindre grupper.

NMBU: Prioriterer nye studentar

Prorektor for utdanning Solve Sæbø ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) håpar at situasjonen i haust vil tillate så mykje fysisk undervisning som mogleg.

– Men det blir også ein del digital undervising. Kva som gjeld for kvart enkelt emne, vil vere avhengig av mellom anna storleik på gruppene og kapasitet på rom. Det er viktig at dei nye studentane møtest og knyter nettverk, så dei har særskild prioritet når det gjeld fysisk undervisning, seier Sæbø.

Ved NMBU på Ås blir det tradisjonell immatrikulering på storplenen i parken. Her frå immatrikuleringa ved NMBU i 2019. Foto: NMBU

Universitetet planlegg å gjennomføre fysisk fadderveke i den grad det er mogleg under dei gjeldande smittevernreglane.

– Men også her blir noko digitalt. Vi gjorde oss gode erfaringar i fjor som vi bygger vidare på i år.

NMBU planlegg immatrikulering 20. august.

– Det skal vere utandørs på storplenen i parken vår.  Me håpar det er mogleg å gjennomføre dette i eitt arrangement. Dette gler me oss til, for i fjor vart det berre digital immatrikulering, og det kunne ikkje på nokon måte samanliknast med den tradisjonelle opninga på storplenen, seier Sæbø.

Administrasjonsdirektør Lars-Atle Holm seier dei tilsette ved NMBU framleis kan jobbe frå heimekontor.

– Me har delvis heimekontor no, og fortset med det så lenge me er i fase 3. Me prioriterer at dei tilsette som har mykje kontakt med studentar, får jobbe på campus.

USN: Ønsker å gje studentane ei vanleg studietid

Ved Universitetet i Søraust-Noreg vil førsteårsstudentane bli prioritert med tanke på fysisk undervisning.

– USN planlegg planlegg ei blanding av fysisk og digital undervisning i haust, seier Ingvild Marheim Larsen. Foto: USN

– Dei andre studentkulla vil ha digital undervisning i august, men det vil leggast til rette for at studentane kan møtast til fagleg sosiale treff på campus også disse vekene, fortel Ingvild Marheim Larsen, viserektor for utdanning ved USN.

– Opphavleg var det det tenkt ei blanding av fysisk og digital undervisning ut september. Men etter at vi fekk brev frå Kunnskapsdepartementet i juli om at studentane i steg 4 vil bli unnateke  avstandskravet på 1 meter i undervisninga, jobbar vi for å legge om til fysisk undervisning så langt det er mogleg frå september, seier Marheim Larsen.

– Vi har et sterkt ønske om å gje studentane vanleg studietid i haust.

Ho seier fadderveka ved USN vil bli så vanleg som mogleg, men med krav om ein meters avstand.

– Arrangementa må halde seg innafor grensene for deltakarar som regjeringa set.

Elles blir det ikkje tradisjonelle opningsseremoniar ved USN i år, dette vil i hovudsak skje digitalt.

UIS: Fadderfestival med koronasertifikat

Universitetet i Stavanger legg opp til at alle studentar skal ha moglegheit for fysisk undervisning. 

– Dei som er ansvarlege for eit studieprogram skal legge opp til mest mogleg undervisning på campus, for eksempel med gruppeundervisning eller gruppearbeid, seier prorektor for utdanning Astrid Birgitte Eggen. 

Talet på studentar i undervisningsromma vil til ei kvar tid vere avhengig av den nasjonale gjenopningsplanen og dei lokale føringane. 

– I dei tilfella det blir umogleg å innfri dei gjeldande reglane, vil vi ta i bruk digital undervisning. Førsteårsstudentar skal framleis prioriterast for fysisk undervisning, seier ho.  

UiS planlegg å arrangere Fadderfestivalen frå 16. til 20. august. Ifølgje faddersjef Mille Marie Isaksen blir det eit rikhaldig kulturelt og sosialt program for UiS-studentane.

– I år som i fjor har vi fleire tiltak for å hindre potensiell spreiing av covid-19 blant faddervekas deltakarar. Talet på deltakarar per arrangement følgjer nasjonale og lokale føringar. Tiltaka og omsynet til smittevern gjer at fadderveka ikkje blir heilt som vanleg. Til dømes må alle ha eit grønt koronasertifikat for å sleppe inn på festivalområdet. Planen er å dele fadderfestivalen inn i tre område, med variert program på kvart område

Semesteropningsarrangementet ved UiS går føre seg 16. august, første dag i fadderveka.  

– Tradisjonelt har vi hatt tilsette og eksterne gjester blant publikum, men i år vert det berre studentar som får delta. Dei andre får sjå det digitalt, fortel Eggen.

Også UiS planlegg for at fleire tilsette skal kome tilbake på campus-kontora i august, blant anna sidan fleire då er vaksinerte. 

– Tilsette som er fullvaksinerte, eller som har fått første vaksinedose for minst tre veker sidan, kan jobbe på campus når det er lågt smittetrykk utan å avklare dette med næraste leiar.  

NHH: – Så mykje som mogleg på campus

– Det blir eit digitalt tilbod i alle emne i haust, seier rektor Øystein Thøgersen ved Norges Handelshøyskole Foto: NHH

Ved Norges Handelshøyskole (NHH) i Bergen blir det eit digitalt alternativ for undervisning i alle emne i haust, både på bachelor- og masternivå. Rektor Øystein Thøgersen ved NHH seier det vil variere frå emne til emne om hovudforma på undervisninga er fysisk eller digital, og nokre emne vil også vere heildigitale.

– Vi veit at fysiske møteplassar er viktig for studentane, og kjem til å prioritere at særleg bachelorstudentane får vere så mykje som mogleg på campus, seier han.

Rektor fortel at fadderveka ved NHH ikkje blir heilt som før koronaepidemien. Programmet er tilpassa styresmaktene sine anbefalingar og retningslinjer.

– Slik situasjonen er no, kjem studentane til å samlast på campus ved fleire anledningar. Nokre aktivitetar blir likevel digitale, og nokre aktivitetar skjer i puljar. Vi er førebudd på at det kan kome nye retningslinjer, og har planlagt også for andre scenario, seier Thøgersen.  

Også ved NHH blir det velkomstseremoni for nye studentar, for både bachelor- og masterstudentane.

– Der møter dei nye studentane rektor og prorektor for utdanning. I år, som i fjor, blir immatrikuleringa uten å handhelse. Studentane, både i bachelor- og masterprogrammet, blir delte inn i tre puljar for å tilfredsstille avstandskrav og redusere faren for smitte. 

NHH har i sommer starta ei gradvis gjenopning av campus. Frå 5. juli kunne tilsette vende tilbake til arbeidsplassen. Tilsette kan avtale delvis heimekontor og fleksibel arbeidstid med sin næraste leiar.

Oslomet: Berre 40 prosent av tilsette på kontoret

Også Oslomet legg til rette for mykje bruk av heimekontor for tilsette. Her er regelen at berre 40 prosent av tilsette i kvar eining kan vere fysisk på jobb samtidig.

Fungerande seksjonssjef Hallvard Lavoll i seksjon for samfunnskontakt og forskningsformidling seier det vil bli ein kombinasjon av digital og fysisk undervisning dette haustsemesteret.

– Oslomet vil legge til rette for at studentar skal få så mykje fysisk undervisning som mogleg.

Han fortel også at universitetet ikkje skal arrangere opningsseremoni.

– Denne blir også i år, diverre, erstatta av digital seremoni. Dette blir ei direktesending tysdag 17. august kl.15.00 i alle våre kanalar.

Heller ikkje ved Oslomet blir fadderveka som før. Her er det lagt opp til ei hybridløysing, der noko blir digitalt og noko fysisk.

Lavoll seier det kan komme endringar før studiestart alt etter korleis situasjonen endrar seg.

UiA: Vurderer å sleppe opp

Universitetet i Agder planlegg for både digital og fysisk undervisning frå starten av semesteret.

– Vi håpar å kunne få så mykje fysisk undervisning som mogleg i løpet av semesteret, seier kommunikasjonsdirektør Øivind Eskedal ved UiA.

Opningsseremonien ved UiA blir digital.

– Vi gler oss til studiestart. Foreløpig legg vi opp til same form på studiestart og fadderveke som i fjor. Også her vil vi vurdere å sleppe opp om det blir mogleg, men vi er føre var.

Han seier dei tilsette framleis kan ha heimekontor.

– Så langt ser det ut til at vi fortset der vi slapp før sommarferien med mykje bruk av heimekontor, men dei tilsette vil få ein oppdatert beskjed om dette før dei fleste er tilbake frå ferien.

Les også: