Orkar ikkje engasjere seg i fusjon
LUKK

Orkar ikkje engasjere seg i fusjon

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. oktober 2016 kl. 14:37

Få akademikarar engasjerer seg i fusjonsdebatten. Dei er heller opptekne av å stige i gradene, meiner professorar.

 

orstavik-sorheim-ragne-marius-beck-dahle

– Dei yngre er ikkje så opptekne av kollektive styringsformer, seier Ragne Ørstavik Sørheim. Foto: Marius Beck Dahle

– I generasjonen min som var aktive i 1970-åra, er det ei form for resignasjon. For å sitere frå ei av bøkene om Morgan Kane: «Heltene er trette.» Mange er nok trøytte fordi ideala om styring nedanfrå er blitt overkøyrde, og dei har på eit vis gitt opp, seier Knut Kjeldstadli. Han er professor i samtidshistorie ved Universitetet i Oslo (UiO), og har vore politisk aktiv i SV.

For i fusjonsdebatten dei siste åra, der institusjonane er sette under sterkt press frå regjeringa, har det vore lite protestar frå det intellektuelle Noreg. Kva kjem denne trøyttleiken i akademia av?

Vil ha store fagmiljø

– Akademikarar er ofte opptekne av å stige i hierarkiet. Mange ser fordelar med store fagmiljø for å kunne drive god forsking, og difor er det lite protest mot store fusjonar, seier Nils Aarsæther, som er professor i samfunnsplanlegging ved Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet.

– Seinast i dag møtte eg ein entusiastisk kollega som hadde kome med på eit EU-prosjekt, og det er jo det største som kan skje oss, ikkje sant?

Han seier regjeringa arbeider ut frå oppfatninga om at stort er godt, og dette har dei fleirtal for i Stortinget.

– Det er den same tenkemåten vi ser i kommunereforma, fylkesreforma og politireforma.

Hierarkisk modell

Aarsæther seier det lenge har vore stilt spørsmål ved om «stort er godt» innanfor statsvitskapen, der forsking har vist at arbeid i nettverk kan kompensere for manglande storleik.

– Forskinga som viser at nettverk på kryss og tvers av små og store miljø kan vere produktive, blir ikkje lenger lagd vekt på i leiande politiske og administrative krinsar. Alle skal inn i store organisasjonar, der leiinga i større grad enn før instruerer nivåa under.

Han meiner det er eit paradoks at universitets- og høgskulesektoren går frå ein nettverksmodell til ein hierarkisk modell.

– Vi sit att med store pyramideorganisasjonar som gjer høge studenttal til ein suksessfaktor. Og akademikarane protesterer ikkje. Dette er nokså deprimerande med tanke på framtida, seier Aarsæther.

Tek tid å engasjere seg

Heller ikkje Kjeldstadli har engasjert seg spesielt i fusjonssaka, og UiO har førebels vore skjerma frå samanslåingsbølgja.

– Men generelt kan eg seie at heile 70-talstenkinga om klassekamp og meir makt til lokalsamfunna er borte. Akademikarane opplever stort arbeidspress, og skal dei kunne rykke opp i systemet, må dei konsentrere seg om dette. Det tek tid å engasjere seg, og somme trur også at det kan vere farleg. Dei meiner at om ein blir sett på som ein bråkmakar, kan ein bli straffa i form av forbigåing ved tilsetjingar. Men eigentleg veit eg ikkje om nokre klare døme på dette.

Han seier at det dei siste tiåra har vore ein tendens til at akademikarar ikkje vil engasjere seg for mykje.

– Det har vore eit skifte frå kritisk teori i 70-åra til det ein kan kalle ein ettermoderne posisjon, som er meir tilbakelent og lett kynisk. Politikk er litt vulgært. Så på eine sida finn akademikarar argument for å konsentrere seg om sitt eige arbeid, og på den andre sida meiner dei at dei store forteljingane frå 70-åra eigenleg var passeleg små forteljingar. Dette kan vere med på å legitimere ein slik tilbaketrekt posisjon, meiner Kjeldstadli.

– Styret sitt ansvar

Ragne Ørstavik Sørheim representerer i denne samanhengen den yngre garde. Ho er tillitsvald for Forskerforbundet ved Høgskulen i Volda (HiVolda), ein av høgskulane som har vore under sterkt press frå regjeringa, men som har stritta imot og stått fast på sjølvstendelina. Ho seier det har vore lite ope politisk engasjement blant dei tilsette.

– I den grad det har vore protestar, har dei kome frå 70-talskameratane.

– Høgskulen har hatt eitt felles allmøte for alle tilsette, og det har vore noko diskusjon på nettet. Vi er nok blitt vane med den nye offentlege styringsmodellen, der leiinga har fullmaktene og vi forheld oss til at  dette er styret sitt ansvar. I den grad det har vore protestar, har dei kome frå 70-talskameratane som har vore her sidan HiVolda var distriktshøgskule. Eg trur yngre generasjonar ser litt annleis på styring, også når det gjeld dei kollektive styringsformene som til dømes allmøte. Vi tek meir for gitt at styringa ved høgskulen har endra seg, seier Sørheim.