Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Vil at forskingsformidling skal løne seg

Forskingsrådet fryktar at forskingsmiljø vil nedprioritere formidling og innovasjon utan betre insentivordningar.

Forsker Grand Prix kan gje gevinst, men utanom kåringar som dette er det for få insentiv til formidling, meiner Forskingsrådet. Her frå meisterskapet på Høgskolen i Oslo og Akershus i 2013.
vil-at-forskingsformidling-skal-l-ne-seg--

– Dette må jobbast vidare med, seier innovasjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Forskingsrådet.

vil-at-forskingsformidling-skal-l-ne-seg--

– Det finst ikkje enkle og samtidig treffsikre indikatorar på alle område, seier Torbjørn Hægeland.

Det kjem fram i høyringssvaret til rapporten «Finansiering for kvalitet, mangfold og samspill. Nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler», som vart lansert av ei statleg nedsett ekspertgruppe i januar. Gruppa foreslår å bruke resultatindikatorar for kvalitet i utdanning og forsking, men ikkje å etablere slike indikatorar for forskingas tredje samfunnsoppdrag, nemleg formidling, deriblant samspel med næringsliv og forvaltning.

– Vi veit at dette er eit krevjande felt, og at ekspertgruppa ikkje foreslår resultatindikatorar fordi feltet er komplekst og krevjande. Men vi er opptekne av at dette må jobbast vidare med, seier innovasjonsdirektør Anne Kjersti Fahlvik i Forskingsrådet.

Viss alt skal prioriterast, blir ingenting prioritert

Vil vektleggje få område

Ekspertgruppa grunngjev forslaget delvis med at formidlingsfeltet er komplekst, men også med at det i dag «ikke [er] tegn til at formidling neglisjeres». Leiar Torbjørn Hægeland utdjupar:

– Det finst ikkje enkle og samtidig treffsikre indikatorar på alle område, og vi ønskjer eit enkelt system som vektlegg nokon få område for stimulering av måloppnåing. Viss alt skal prioriterast, blir ingenting prioritert.

I høyringssvaret skriv Forskingsrådet at det er ein risiko for at denne delen av samfunnsoppdraget ikkje får den same merksemda som forsking og utdanning. Fahlvik viser til OECD sin STI Outlook 2014, der norske universitetet skårar bra på forskingsindikatorar, men under OECD-snittet på innovasjonsindikatoren patentering.

Kan bli del av utviklingsavtalane

– Formidlings- og innovasjonsoppdraget kan fangast opp i utviklingsavtalane som ekspertgruppa foreslår, meiner Fahlvik.

Utviklingsavtalane skal teiknast mellom departementet og dei ulike universiteta og høgskulane og innehalde målsetjingar for institusjonane. Etter tre til fire år går avtaletida ut, og måloppnåinga får då ein finansiell konsekvens. Avtalane er meint å fange opp mål som ikkje lett lar seg representere med kvantitative indikatorar.

Torbjørn Hægeland er samd i at samspel med næringsliv og forvaltning kan vere del av desse avtalane. Den meir allmennretta kommunikasjonen meiner han derimot at institusjonane ikkje treng insentiv for.

– Noko må vi rekne med at institusjonar gjer sjølve: at dei ser at dei har eit samfunnsoppdrag, også utan ekstra insentiv. Ein kjem ikkje utanom at både leiinga og dei tilsette ved institusjonane er flinke menneske som tar jobben sin alvorleg og ikkje nødvendigvis treng ekstra økonomiske insentiv for å gjere alt, seier Hægeland og legg til:

– Vi har lagt opp til eit system der institusjonane får eit stort handlingsrom, men med dette handlingsrommet følgjer også ansvar.

– Alle sektorer bør med jevne mellomrom gjennomgå hvordan man er organisert

Unge tar styringen i Stortingets utdanningskomité

Budsjettforlik uten kutt

Regjeringen setter forskningsinstituttene under lupen

Forskerforbundet advarer mot FHI-kutt

Regjeringen vil avvikle blind klagesensur

Statsbudsjettet 2026: 50 millioner kroner ekstra til universiteter og høyskoler

Regjeringen skal utrede studiefinansieringen

Lukk meny