Forskerforum
Hamburgermeny
Forskerforum-logo
Mobilmeny
Forskerforum
Forskerforum-logo

Ynskjer ny eining for forsking

Eit utval vurderer om forskinga i Arkivverket bør samlast i eiga eining.

– Lokallaget av Forskerforbundet ved Arkivverket har oppretta eit eige kompetanseråd. Det har fått i oppdrag å fremje eit forslag til ny organisering av FoU-verksemda, som skal vere klart i løpet av september. Eitt av spørsmåla er om Arkivverket skal ha ei eiga forskingseining, seier førstearkivar Lars Christian Jenssen. Les òg: Uro i Arkivverket. Endring med ny riksarkivar? Han var ein av representantane til Forskerforbundet i det såkalla amanuensisutvalet, som har sett på korleis forskingsverksemda i etaten er organisert. – Under tidlegare riksarkivarar har det ikkje vore aktuelt å opprette ei eiga forskingseining. Då skulle all forskingsverksemda gå føre seg lokalt der forskarane arbeider, og all diskusjon om forskingsorganisering måtte ta utgangspunkt i dette. Kanskje kan det endeleg kome ei endring her. Jenssen fortel at utvalet skal sjå på korleis forskingsverksemda er organsert i Nasjonalmuseet og i Rigsarkivet i Danmark. 20 årsverk – Det danske Rigsarkivet har eiga forskingseining. Forskinga er geografisk spreidd, men organisatorisk og funksjonelt samla i ei eiga eining. Ifølgje Jenssen kan ein ny modell medføre at nokre, kanskje rundt tjue, årsverk blir sette av til forsking, og at nokre personar får forsking som hovudoppgåve med særskilde krav til produksjon. – Dei som har forskingsrett i dag, får nok uansett behalde retten, seier Jenssen.

NTL har blitt hacket

Advokat Magnus Stray Vyrje under behandlingen i Høyesterett i 2024 av fuskesaken fra Høgskolen i Innlandet. Nå advarer han mot at nye regler gjør at denne typen saker ikke vil bli prøvd i rettssystemet. Foto: Gorm Kallestad / NTB.

– Struper studentenes rett til advokatbistand

Styreleder Arne Krumsvik og rektor Bård Mæland overrekker universitetssøknaden til NOKUT-direktør Kristin Vinje og avdelingsdirektør for høyere utdanning Hege Brodahl.

VID har søkt om universitetsstatus

Enighet i lønnsoppgjøret for museer og private høyskoler

Norce har kuttet opp mot 80 årsverk, lyser ut nye stillinger

Arkivar og tillitsvalgt ved Nasjonalarkivet, Espen Andersen, med fotball utenfor arkivet

Fotballforsker og arkivar: – Det kommer til å gå utover søvnen de neste ukene, det er helt sikkert

Sofie Danneskiold-Samsøe mener kritisk forskning på æreskultur og vold er et tabu. Foto: Julia Loge

– Universitetene er konforme

Studenter kjøper nesten ikke lærebøker

Lukk meny