Ytringsfridom i akademia: – Eg har lært meg å utvikle tjukk hud, seier klimaforskar Bjørn Samset

Ytringsfridom i akademia: – Eg har lært meg å utvikle tjukk hud, seier klimaforskar Bjørn Samset

Av Johanne Landsverk

Publisert 17. juni 2021

Kjønnsforskarar, innvandringsforskarar og klimaforskarar opplever oftare ubehagelege kommentarar og truslar enn andre forskarar, ifølgje ein ny rapport.

– Eg opplever stadig å få negative personfokuserte tilbakemeldingar, men det er sjeldan snakk om truslar. Om ein miljøpolitikar som Lan Marie Berg uttaler det same, er tilbakemeldingane mykje verre, seier Bjørn Samset, som er seniorforskar ved Cicero Senter for klimaforskning.

Som klimaforskar har han i mange år vore svært aktiv i media, og ubehaglige kommentarar høyrer til kvardagen.

Annonse

– I visse miljø er folk negative til klimaforsking generelt, og dei prøver å diskreditere feltet ved å ta dei som er mest synlege. I visse facebook-grupper er det heile tida mange «anti-Samset-kommentarar». Men eg bryr meg ikkje så mykje om det lenger. Eg har lært meg å utvikle tjukk hud, seier han.

I den ferske rapporten «Forskerne og offentligheten: Om ytringsfrihet i akademia» kjem det fram at klimaforskarar er blant dei som er sterkast utsette for truslar og negative kommentarar:

– Ikkje minst opplever kjønns- og innvandringsforskarar fleire ubehagelege kommentarar og truslar enn andre samfunnsvitarar. Også klimaforskarane får svært mange negative kommentarar og truslar, seier Marte Mangset, som er førsteamanuensis ved Oslomet og forskar II ved Institutt for samfunnsforskning (ISF). Ho har hatt ansvar for rapporten som er gjennomført av ISF på oppdrag for Fritt Ord.

Hovudfunna blir i dag lansert under eit nettseminar arrangert av Fritt Ord.

Fakta
«Forskerne og offenteligheten»

Rapporten bygger på ei spørjeundersøking blant forskarar som er medlemmer i Forskerforbundet, Norsk tjenestemannslag (NTL) og tre underforeiningar av Den norske legeforening: De vitenskapelige legers forening, Overlegeforeningen og Yngre legers forening.

Rapporten er ein del av «Status for ytringsfrihet i Norge – Fritt Ords monitorprosjekt.

Redde for å bli oppfatta som politisk aktør

I ei spørjeundersøking (sjå faktaboks) er forskarane spurde om korleis dei oppfattar ytringsfridom og ytringsklima i akademia, og om dei synest at dei kan uttale seg fritt. Dei blir også spurde om kva erfaring dei har med formidling i media og eventuelt kva som hindrar dei i å delta i det offentlege ordskiftet.

– Forskarane meiner dei kan uttale seg veldig fritt. Heile 9 av 10 meiner dei kan seie kva dei vil i faglege spørsmål, seier Mangset.

Litt færre, det vil seie 7 av 10, svarar at forskarane skal kunne uttale seg fritt om politiske spørsmål.  

– Heile 60 prosent av forskarane formidlar ikkje eigne forskingsfunn i media, seier Marte Mangset. Foto: IFS

– Men samtidig er 1 av 3 forskarar redde for å bli oppfatta som politiske aktørar. Så i praksis er ikkje dette så lett. Og blant dei som forskar på kjønn og innvandring, seier halvparten at dei er redde for å bli oppfatta som politiske aktørar når dei deltek som fagpersonar i det offentlege ordskiftet, seier ho.

Kollegaer står bak negative kommentarar

Forskarane er også spurde om i kva grad dei har erfaring med deltaking i offentleg formidling.

– Her svarar 40 prosent at dei har formidla forskingsresultat via massemedium eller sosiale medium siste året. Det betyr jo at 60 prosent av forskarane ikkje formidlar eigne forskingsfunn i media. Ein kan jo spørje seg om det er eit problem at folk vel å ikkje bruke tid på formidling, seier Mangset.

Men kva er det som eventuelt hindrar forskarane frå å formidle forskingsfunn i media? I undersøkinga svarer rundt halvparten at dei ikkje har late seg hindre i det heile. Men nærare ein fjerdedel har unngått å formidle aktuelle funn fordi dei meiner resultata er for komplekse til å presentere til eit allment publikum eller at journalistane forenklar, vrir og vender på meiningsinnhaldet.

– Blant dei som let vere å formidle, seier 12 prosent at grunnen er frykt for hets, truslar eller offentleg kritikk. Det som er overraskande, er at det ofte er andre forskarar og kollegaer som står bak kommentarane eller hetsen, seier Mangset.

Forskarane svarar også på kva som er konsekvensane av truslane. Halvparten av dei spurde svarar at dei blir opprørte og sinte, og om lag ein fjerdedel kjenner seg utrygge.

– Biletet er ikkje eintydig. Det er nok ein del som trekker seg tilbake, men ein tredjedel svarar også at negative kommentarar har gjort dei meir engasjerte enn før, seier Mangset.

– Blir lett oppfatta som politisk

For Bjørn Samset er det eit klart skilje mellom vitskaplege produksjon og innlegg i andre media.

– Det kan gå høge bølgjer i fagmiljøet også, men der har eg aldri opplevd personhets. Det skjer når eg går ut i media med eit bodskap om klimaforsking. For det eg seier som forskar, blir lett oppfatta som politisk.  

– I undersøkinga svarar 7 av 10 at forskarar skal kunne uttale seg fritt om politiske spørsmål. Men likevel er 1 av 3 redde for å bli oppfatta som politiske aktørar dei deltek i det offentlege som forskarar/fagpersonar. Det er ganske mange?

– Det er ei vanleg haldning blant forskarar at ein svekker legitimiteten som uavhengig forskar ved gå inn i politiske diskusjonar. Men samtidig er det ein soleklar del av jobben vår å gå inn i desse diskusjonane for å seie kva som skjer med klimaet og kva konsekvensar dette får for samfunnet. Då må vi tole at det også blir ein hard debatt rundt dette. Det vi ikkje treng å tole, er personfokuset, seier han.

Vekt på kjønn, innvandring og klima

Mangset fortel at dei i undersøkinga har sett spesielt på forskingsfelta klima-, migrasjons- og kjønnsforsking. Dei som forskar på desse områda er særleg aktive formidlarar i det offentlege, og dei publiserer svært mykje.

– Vi har vald å fokusere ekstra på desse forskarane, fordi dei er veldig mykje omtalt i media og skapar mykje debatt. Difor var vi ekstra interesserte i korleis det blir opplevd å vere ein del av desse kontroversielle forskingsfelta, seier Mangset.

I tillegg til spørjeundersøkinga har ISF gjort 50 kvalitative intervju med forskarar innan desse tre  fagfelta, som skal kome ut i bokform i februar 2022.

  • Les også: