– Arkivverket kan legge forslaget i skuffen
LUKK

– Arkivverket kan legge forslaget i skuffen

Av Johanne Landsverk

Publisert 3. desember 2019 kl. 09:27

Forslaget om å redusere talet på arbeidsstader i Arkivverket til to, får det glatte lag av Senterpartiet. – Heilt uhøyrd, seier Kjersti Toppe.

– Om dette er noko Arkivverket har tenkt å gå vidare med, blir det bråk. Å redusere talet på statsarkiv til to stader i landet, er heilt uverkeleg. Men vi har sett den same tendensen til sentralisering i Arkivverket heila tida, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe (Sp). Ho har fleire gonger uttalt seg kritisk til omorganiseringa i Arkivverket, som ho meiner har gått sterkt ut over statsarkiva og tenestene i regionane.

Arkivverket består av elleve einingar: Riksarkivet, åtte statsarkiv, Samisk arkiv og Norsk Helsearkiv. Men i ein ny samfunnsøkonomisk analyse er eitt av forslaga å kutte i talet på arbeidsstader frå åtte til to (statsarkivet i Oslo er samlokalisert med Riksarkivet). Samisk arkiv i Kautokeino og Norsk Helsearkiv på Tynset er haldne utanfor analysen.

Ifølgje Arkivverket har oppgåveløysing og behov for geografisk nærvær endra seg i takt med auka digitalisering, og difor har Menon Economics fått i oppdrag å sjå på ulike løysingar og kva som samfunnsøkonomisk vil lønne seg.

– Regjeringa kan berre legge denne ballen død, elles blir det bråk, seier Kjersti Toppe. Foto: Johanne Landsverk

Fleire historikarar har reagert sterkt på rapporten og ikkje minst forslaget om at arkivmaterialet kan sendast til næraste bibliotek eller bli skanna og sendt elektronisk etter førespurnad. Berre to lesesalar i landet vil då vere opne for publikum.

– Bør legge ballen død

Toppe meiner forslaga i rapporten er heilt uhøyrde.
– Det er ikkje utan grunn at vi i Senterpartiet har stilt fleire spørsmål i Stortinget om statsarkiva. Vi har ikkje trudd på forsikringane frå regjeringa om at statsarkiva i regionane skal utviklast. Senterpartiet kjem aldri til å godta ei så omfattande sentralisering av statsarkiva, så regjeringa kan berre legge denne ballen død, seier Toppe.

Riksarkivar Inga Bolstad seier til Forskerforum at dette er ein samfunnsøkonomisk analyse som undersøker og dokumenterer konsekvensane av alternative tiltak.

– Analysen skal gje oss eit grunnlag for å kunne jobbe vidare med å digitalisere og utvikle etaten vår, det er ikkje eit forslag til organisasjonsstruktur, seier Bolstad.

Fakta
Arkivverket består i dag av
- Riksarkivet,
- statsarkiva i Bergen, Stavanger, Kristiansand, Kongsberg, Oslo, Hamar, Trondheim og Tromsø,
- Norsk helsearkiv på Tynset
- Samisk arkiv i Kautokeino.

– Eit sterkt sentraliserande grep

Espen Andersen, som er hovudtillitsvald i Forskerforbundet i Arkivverket, seier forslaget i rapporten gjev grunn til bekymring.
– Eit så drastisk steg som å legge ned seks av åtte arbeidsstader, vil føre til at mange av fagfolka rundt i landet ikkje vil få behalde jobben i framtida. Dette vil vere eit sterkt sentraliserande grep, så eg lurar eigentleg på om politikarane vil ta i dette, seier Andersen.
– Men heldigvis er dette enno ikkje eit konkret forslag til ny organisasjonsstruktur, seier han.
– Har organisasjonane fått invitasjon til samtalar?
– Førebels har vi ikkje det, men eg ser Riksarkivaren har uttalt til Forskerforum at det skal vere ein prosess med dei tilsette og organisasjonane. Den prosessen er ikkje sett i gang enno.

Bra for slektsforskarar

Ifølgje Bolstad har Arkivverket i dag om lag 6 millionar digitale besøk, og talet på fysiske besøk utgjer under 1 prosent av dette.

Andersen reagerer på talbruken:
– Det er ein litt underleg bruk av tal når ein slektsforskar som blar i ei kyrkjebok på nettet skal teljast som besøk på lik linje med eit fysisk besøk av ein forskar, meiner han.

I dag er blant anna kyrkjebøker og viktig arkivmateriale for slektsforskarar gjort digitalt tilgjengeleg.

– Utviklinga av Digitalarkivet er svært vellukka for slektsforskarar, som kan klare seg i stor grad med sjølvbetjening. Men Arkivverket skal også gjere ein jobb for forskingsmiljøa, slik Riksarkivet og statsarkiva har gjort i 200 år. Forskarar etterspør mykje materiale som enno ikkje er digitalisert, og dei treng rettleiing i vanskeleg tilgjengelege arkiv, seier han.

– Vil ta fleire tiår

I statsbudsjettet fekk Arkivverket 140 millionar kroner til å utvikle digital lagring og publisering av historiske data.

– Det er svært positivt med digitalisering. Men ein må ha to tankar i hovudet samtidig. Berre om lag 2–3 prosent av bestanden i Arkivverket er digitalisert fram til no, og mykje av arkivmaterialet vil ikkje bli tilgjengeleg anna enn på papir i fleire tiår framover. Det er langt fram til at ein kan sitje heime i sofaen å få inn alt forskingsmaterialet på pc-en, seier Andersen.

  • Les også: